Ein steinvarde 1158 m over havet, med utsikt over Vossevangen
SKAFTEDALSVETEN: Veten har mange namn og ligg rett aust om Voss. Vetestaden har berre sikt mot vest og sør. Med sine 1158 meter over havet ligg den godt synleg i frå Vossevangen. Steinvarden markerer toppen og er nok bygd i siste halvdel av 1800-talet. Foto: Jostein Aksdal, Vestland fylkeskommune.

Vetar og vardar i Vestland - ein illevarslande del av livet i over 800 år

Vikingkongen Håkon Adalsteinsfostre sette i verk bygging av store bål - vitar, plassert på høge og godt synlege fjell. Dette vart starten på eit system som i Landslova frå 1274 er blitt eit landsdekkande varslingssystem.

Vardane eller vetane er i dag noko fjernt og mystisk, og det meste av kunnskapen om dette systemet slik det var plassert i landskapet er no borte. Då Landslova frå 1274 samlar riket under ei lov, har varslingssystemet vore i aktiv bruk alt i 300 år. Varslinga i Håkon den godes tid gjaldt for det gamle Gulatingsområdet på Vestlandet, men Gulatinget har i mellomalderen vokse seg stort og er utvida til størsteparten av sørlege Noreg (Helle 2001). Gulatinget i si siste form, strakk seg frå Agder til Sunnmøre langs kysten, men og inn fjordane og innover dalstroka i Valdres. Systemet som først skulle varsla hovding varsla no lendmenn og syslemenn, det var dei som rådde over leidangen lokalt. I åra før Landslova vart og leidangen endra og utvida og i tillegg fekk ein etablert ei ordning med meir profesjonelle soldatar utanom bondevæpninga (Ersland 2000, 80). Det er spora etter dette som ligg att på dei høge fjell og nutar. 

Vitar, vardar og vete – kjært barn har mange namn 

«Vite» er det norrøne namnet på varslingsstaden, men også namnet endrar seg over tid. I Christian IV Landslov av 1604 blir den norrøne «viten» omtalt som vædvarde i dansk. Dette endrar nok namngjevinga lokalt rundt om i landet. Lokale vetar fram til 1600, har fleire stader seinare fått endra namnet. Gjennom utviklinga i språket fram til i moderne tid endrar «vite» seg til «vete», eller fått lagt til endinga varde eller vete. Stadnamnet varde byr oss og på meir motstand, sidan varde her vest gjerne og er namn på veg- og sjømerke, jamvel finn me det som namn på markerte haugar og toppar i terrenget. 

«Christian IV Landslov 1604.: Er der feide formodendis paa rigit, da skal vædvarder oc vardehusze ferdig giøris Ombudsmand skal lade bønderne til sige vædvarder ferdig at giøre, paa de steder de aff gammel tid verit haffuer» Hallager & Brandt, 1855


Det er presten og historikaren Olaf Olafsen
, som kring 1920 gjenskapar ei oversikt over vetestadaneSør- og Vestlandet. Dette arbeidet tufta han på kjelder i frå 1807 og informasjon han fekk samla inn frå lokale heimelsmenn. I 1807 er Kongeriket Danmark – Norge igjen på randa av storkrig. Vedvardene, som dei då heitte,tte sjølvsagt setjast i stand. Men alt er mange av dei forne stadane gløymde
(Olafsen 1920). Olafsen såg konturane av eit tredelt system der «kystviter» som han kallar «vitar av 1. orden», dette var varslingsvetar som varsla frå sør til nord. Vidare var det «vitar av 2. orden» – dette var då vetar som varsla innover i landet. Vidare var det og «vitar av 3. orden», som han såg på som lokale vetar. Oversikta til Olafsen er på ingen måte komplett, og det er heller ikkje rett fram å finne dei som manglar.  

Diktet "Varden"

I diktet «Varden» (Sivle 1894, 42) set Per Sivle ord på overraskinga, informasjonshunger og den skremmande agen folk i gamal tid hadde for varslingsvarden. Her er første vers:

Det høyrdest ved Nott eit Dunder paa Dør. 
Og Husbonden vaknar, spring fram og spør: 
„Kva er det, som bilar?" „Jau, no maa de ut! 
for Varden lyser paa Høgenut!" 
Og kvar Mann visste i same Ande,  
at no var det kome Ufred til Landet. 

Gamelt portrett av Per Sivle.
Per Sivle. Foto: Marcussamlinga, UiB.


Vetane i sagaene
 

Bruken av eld til bodsending er gamal, nemnt i skrifter alt 1800 f.kr i Mesopotamia (Nikos Panagiotakis 2013), og historikaren Thucydides fortel om eldsignal under den Peleponnesiske krig på slutten av 400-talet f.Kr (Jowett 1900, 414).

Her heime er det også i sagamaterialet, at me finn dei første overleveringane om organisert bruk av eld. I soga om kjempen Starkad, vert me kjent med høvdingen Hertjov i Hordaland, som nytta vetar til å varsle i riket sitt. Hertjov sitt rike hadde høvdingsete på Alrekstad i Bergen (Munch 1967), moglegvis kring siste del av 600 talet e.Kr. I Egil Skallagrimssoga får me høyre om at Egil i år 933 seglar innom uthamna på øya Vitar, som i dag er Alden (Sturlason, Egil Skallagrimssons saga 1996). Men det er etter slaget på Avaldsnes i 954 e.Kr. at kong Håkon den gode set i gang bygging av varslingsvetar på høge fjell, (Sturlason, Håkon den godes saga 2000, 128). Kor effektivt eit slik system var i Håkon si tid, kan nok drøftast. Alt året etter, i 955 kjem det igjen til slag. Denne gongen ved Rastakalv sør om Kristiansund. Hæren i frå sør, vert liggande å vente på vindbør rundt Stad og Kong Håkon får varsel med sendebod om hæren (Sturlason, Håkon den godes saga 2000).

Utsynet sørover frå vetestaden på Siggjo dekker Bømlafjorden og deler av Hardangerfjorden. Rett i framkant ligg Moster og Mosterhamn, over fjorden ligg Valestrand. I vest ligg Langevåg og i sør ligg Ryvarden.
Utsynet sørover frå vetestaden på Siggjo dekker Bømlafjorden og deler av Hardangerfjorden. Rett i framkant ligg Moster og Mosterhamn, over fjorden ligg Valestrand. I vest ligg Langevåg og i sør ligg Ryvarden. Foto: Jostein Aksdal, Vestland fylkeskommune.


Vel 30 år seinare er det Håkon Jarl, som rundt 985 e.Kr. står ovafor eit angrep frå Jomsvikingane. I sagaen vert det fortalt at Håkon Jarl no byr ut leidangsflåten i frå Sunnmøre til Hålogaland. Dette er flåten som Håkon den Gode tidlegare hadde fått organisert,
(Sturlason, Soga om Olav Tryggvason 1970, 147), her skal varslinga derimot ha gått med sendebod og hærpil. I Sverresagaen høyrer me om bruk av vetar fleire stader (Sjøli 2022) 

Det er i Vestland at me finn dei eldste overleveringar om bruken av vetar og varslingssystem, truleg var dette kjent i andre rike her til lands. Så langt har me ikkje funne spor etter dei tidlegaste vetane. Korleis systemet i byrjinga var organisert eller plassert, veit me difor lite om.  

Førehandsprogrammert 

Vetesystemet vårt, slik det er referert til i landskapslovene, er i grunnen eit enkelt førehandsprogramert system. I Gulatingsområdet går alarmen på 5 skip, og 3 skip i Frostatinget. På midten av 1600 talet i Stavanger amt er grensa satt til 3 - 4 orlogsskip. Men det er no krav til vardevakta. Dei måtte først stadfesta orlogsskipa som fiendar, før varden kunne tennast (Lorentzen 1930/33).

På 1600-talet er det altså ingen automatikk. Vardane skal tennast først når sendebod har stadfesta situasjonen. Dette viser oss eit meir komplekst system på 1600-talet, enn det me kan få inntrykk av at Håkon den gode etablerte. Vetane som del av eit system har endra og utvikla seg i takt med behova for vern. Dette ser me og igjen på 1600-talet når fiendebiletet endrar seg. No er den største faren på kongeriket Danmark-Noreg i frå Sverige, og nye varslingsvetar vert bygd i aust.  

Vetane i Vestland i mellomalderen 

Det er lett å tenkje seg at vetane berre var enkle bål, som skal brennast om ein akutt fare oppstod. Slik var det nok ikkje. Vetane skulle ha vakt når trusselbildet mot riket gjorde det naudsynt. Sjølv om det jamt over var slike vakter heile perioden vetane var aktive, er systemet styrt av kongen sine vurderingar.

Systemet her vest, varsla i byrjinga heller ikkje noko etablert kongerike, men kongen sjølv. Når kongen for i veitsle i riket var det der han til ei kvar tid held seg med sine hærmenn, som skulle nåast med bod. Kanskje var det kongsgardane i det gamle Gulatingsområdet, som vart varsla i starten.

I 1270-åra derimot varsla vetane lendmennene rundt om i riket, og ut på 1600-talet er framleis vetane aktive, men no er det det embetsmenn og militære som er mottakar.  

Frå Storevarden ser du Florvåg og inn til Vågen i Bergen. Sørvestover har me god sikt til  vetane ute i leia.
Frå Storevarden ser du Florvåg og inn til Vågen i Bergen. Sørvestover har me god sikt til vetane ute i leia. Foto: Jostein Aksdal, Vestland fylkeskommune.


På 600-talet er det Storevarden ved Florvåg som både kan varsle direkte inn til kongsgarden Alrekstad og samstundes vil den ha utsyn over leia. Storevarden ville likevel berre varsla om hærskip frå Byfjorden i nord, eller inn frå Olsvik i sørvest. I jern- og mellomalderen har Storevarden difor stått i kontakt med andre vetestader både i nord og sør langs leia. I mellomalderen var veten på Lyderhorn ein viktig kystvete langs seglingsleia, men Bergen by vart framleis varsla i frå veten på Askøy.
 

Kong Håkon Adalsteinsfostre er ambisiøs når han etablerer eit vetesystem på høge fjell i heile riket sitt. Dette på grunn av storleiken. I Håkon den godes saga seies det at signalet kunne gå frå vete til vete og varsle i frå «den sydligste vete til det nordligste tinglag i Haalogaland» på sju netter.

Kor mykje hald det er i dette veit me ikkje, men det er nok rimeleg å tenke seg at Håkon den gode sine vetar er nokolunde dei same som Olafsen ser på som kystvetar. Om kystvetane var dei einaste vetane den gong, veit me ikkje, men på midten av 1200-talet er systemet med vetar av 2. og 3. orden også bygd ut. 

Kart over Gulatingsområdet (sør-vestnorge) slik Knut Helle avgrensar det ved innføring av Landslova i 1274.  kartet har prikker for alle stader det var veter og vardar.
Kart: Statens kartverk.

Vetar i gulatingsområdet

Kart over gulatingsområdet slik Knut Helle avgrensar det ved innføring av Landslova i 1274. Vetestadane frå dei gamle fylka er nok ikkje komplett. Somme stader er det for få, andre stader er yngre vetar kome med. 

Vetane har og endra plassering alt etter behov. Data henta i frå kulturminnedatabasen Askeladden og Olafsen si gjennomgang. Kartgrunnlag - Topografisk Norgeskart, © Statens kartverk.

 

Plikta til vakt og vern

Dei bevarte landskapslovene viser til vetevakt og plikta folket hadde til å stille og halde veten i hevd. Kjeldene er likevel ikkje uttømande når det gjeld korleis ting i røynda har gått for seg. Lovtekstene seier heller ikkje noko om vetane innover fjordane og i dalstrøka. Gulatingslova avsnitt 311 og 312 viser til vetane som varsling og hærpila som den som mobiliserer.

Magnus Lagabøtes landslov viser til at vakthuset skal ha fire dører/opningar (Taranger 1915, 31). Gulatingslova seier derimot ikkje noko om vaktstove. Korleis tilhøva for vaktene har vore løyst den første tida kan me seia lite om. Dette endrar seg i mellomalderen, på 1200-talet er det mykje truleg at vetane alt er bygd ut til eit samanhengande system, der alle kongens lendmenn skal kunne varslast.

Alt tidleg på 1300-talet er det krav til vakthus. Vetane skulle framleis varsle om trugsmål. Men, det som i første tida var mobilisering til vern og støtte til kongen personleg, vert i mellomalder og ettereformatorisk tid nytta som varsel mot trugsmål på kongens rike. Ufred er det jamt og trutt og vakthaldet vert meir og meir organisert, og det for lengre og lengre periodar av året. I innbyrdeskrigane om kongsmakta og seinare, ser kongsmakta nytta av eit sentralt varslingssystem. Eit system som kunne vera i bruk så lenge som nødvendig, og om vinteren. I mellomalderen vart og mykje av lokalsamfunnet organisert rundt plikta til vakt og vern (Hasund 1924, 15). 

Frå vetestaden vel 190 meter over havflata ser du vidt utover frå Fedje i sørvest til Sula i nordvest.
Frå vetestaden på Byrknesøy vel 190 meter over havflata ser du vidt utover frå Fedje i sørvest til Sula i nordvest. Foto: Jostein Aksdal, Vestland fylkeskommune.


Kong Sverre sin listige plan

Under konfliktane på 1100-talet, får me vite at Kong Sverre i år 1183 brukar list og makt for å kome seg sørover i frå Ulvesundet. For å unngå å bli oppdaga tek hærfolka til Sverre og øydelegg veten på Håøya som ligg ved Nordhordlandsbrua. Denne veten, skal etter kjeldene ha hatt vetevakt (Koht 1920).

Sverres sagaen fortel i grove trekk om Sverre sitt åtak på Bergen, veten på Håøya rakk aldri å signalisera vidare og opptakta til slaget mot Magnus Erlingsson i Bjørgvin i gang. Her er det likevel fleire moment, som ikkje høver. I frå Håøya og bort til Askøy er det ikkje særleg god sikt. Sverresagaen fortel at veten ligg sør på Håøya, ikkje på Håøytoppen i nord. Truleg måtte veten i 1180-åra vore reist på noverande Flatøy.

Restar av mur etter vetestover

Her i Vestland har det vore vel 18 kystvetar, kanskje fleire. Talet på vetar av 2. og 3 orden er langt høgare og meir uvisst. Signala kom frå Rogaland og truleg over til Ryvarden i sør, vidare langs med kysten til Stadt i nord. Av sjølve vetane er det mest ingen spor att av. Dei brende restane er vaska bort gjennom hundreåra.

I Vestland kan me framleis finna att murane etter vetestovene. To av desse tuftene, ei frå Varaldsøy og ei i frå Åsane, har begge dateringar til seint 1400-tal. Det er rimeleg å tenke seg at dei daterte vetane har vore del av systemet alt tidleg i mellomalder.

Tuftene viser også at samtidig praksis ikkje alltid samsvarer med idealet i lova. Ingen av dei daterte tuftene ligg plassert med noko vidt utsyn. Fire dører som landslova seier, gjer lite nytte for seg. Det kan synast som at vaktmennene berre har hatt utsyn mot vetane dei stod i relasjon til. Me kan ikkje sjå vekk i frå at lovkravet i frå 1274 ikkje tok høgde for lokal tilpassing.

Utsikt frå Håraldalsveten.
Mykkeltveitveten fekk truleg sitt signal i frå Dystingen i Vaksdal og sende det vidare vel 3 mil rett austover til Skaftedalsveten. Foto: Jostein Aksdal, Vestland fylkeskommune.


Omfattande varslingssystem

Systemet med varslingsvetar langs kysten har vore omfattande. I dei eldste delane av Gulatinget synes kjeldene vise at fleire vetestader strekk seg innover fjordane og dalstroka. I Vestland er det gjort GIS-analyse for å kartlegge vetane, noko som kan gje peikepinn på korleis vetesystemet kan ha fungert (Tryti 2022).

I mellomalderen er dei politiske tilhøva slik at varsling kanskje skulle kunne nå kvart skipreide. I all den tid Valdres og Hallingdal er høyrande til Gulatingsområdet er det også mogleg at veterekka frå Lærdalsfjorden har strekt seg over Filefjell (Bosheim 1999). På 1700-talet skal varslinga til Valdres ha kome i frå aust (Thommesen 1992).

Eit viktig instrument for kongen

Trusselen og behovet for varsling minka ikkje fram mot vår tid. I 1700 byrja den store nordiske krig og vetestadane som er undersøkt både på Varaldsøy og i Åsane har radiologiske dateringar, som viser at dei og vart tende under denne krigen.

Vetane sin plass i landvernsbolkane viser oss spor etter organisering i større regionar alt i vikingtida. Når mellomalderkongane seinare samlar makt og lovverk, og me ser kimen til statsbygging, er vetane blitt eit viktig instrument for kongen. Varsling når fare truar vart raskt eit instrument for plikter, reglar og organisering av folk. Sjølv om dei ytre rammene for Noregs rike endra seg, stod mange av vetane framleis på sine gamle stader i 1814.

Referanser

  • Bosheim, Oddkjell. 1999. «Vete, varde, vokeeld.» Kjelda 26-28.
  • Ersland, Geir Atle. 2000. Krigsmakt og kongemakt 900-1814. Eide.
  • Hallager & Brandt. 1855. Kong Christian den Fjerdes norske Lovbog af 1604. Christiania: Norsk historisk kjeldeskrift-institutt, Den rettshistoriske kommisjon. 1981.
  • Hasund, Sigvald. 1924. Bønder og stat under naturalsystemet. Kristiania: Olaf Norlis Forlag.
  • Helle, Knut. 2001. Gulatinget og Gulatingslova. Skald.
  • Jowett, Benjamin. 1900. Thucydides. Oksford, Books I - III: Clarendon Press.
  • Koht, Halvdan. 1920. Sverres soga - umsett frå gamalnorsk. Oslo: Samlaget.
  • Lorentzen, Bernt. 1930/33. «Vardevakt og strandvern langs Norges sydvest-kyst i det 17de århundre.» Historisk tidskrift, 278 - 324.
  • Munch, P. A. 1967. Norrøne gude- og heltesagn . Universitetsforlaget .
  • Nikos Panagiotakis, Marina Panagiotaki, Apostolos Sarris. 2013. «The Earliest Communication System in the Aegean.» ELECTRYONE, 1. utg.: 13-27.
  • Olafsen, Olaf. 1920. Viter paa Sørlandet og Vestlandet i ældre tider. Kristiania: Norsk folkekultur.
  • Sivle, Per. 1894. Noreg nationale digte. Kristiania: Olaf Norli.
  • Sjøli, Øystein Ellefsen. 2022. «Vetesystemet i middelalderen Var vetesystemet Norges viktigste varslingsmetode i middelalderen?» Fordypningsoppgave i Lektorutdanning i historie. NTNU, mai. https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/handle/11250/3013128
  • Sturlason, Snorre. 1996. «Egil Skallagrimssons saga.» I Norrøn Saga, 25-225. Aschehoug.
  • Sturlason, Snorre. 2000. «Håkon den godes saga.» I Snorre Sturlasons kongesagaer, av Sturlason. Stenersens forlag.
  • Sturlason, Snorre. 1970. «Soga om Olav Tryggvason.» I Kongesoger, av Snorre Sturlasson. Oslo: Gyldendal.
  • Taranger, Absalon. 1915. Magnus Lagabøtes landslov . Kristiania: Cammermeyers Boghandel.
  • Thommesen, Erik W. 1992. Valdres turguide fra Vassfaret til sør i Jotunheimen i Nord. Valdres
  • Tryti, Geirmund. 2022. «Elle melle, en undersøkelse av vetene i Vestland, Masteroppgave i arkeologi.» https://bora.uib.no/. Funnen 18.01.24 2024. https://bora.uib.no/bora-xmlui/bitstream/handle/11250/2999140/Elle-melle--en-unders-kelse-av-vetene-i-

 Bli med på vardesamling! I anledning Magnus Lagabøtes Landslov 750 år vert det føredrag på Menneskerettighetsvarden den 8. juni ved professor Jørn Øyrehagen Sunde.
Stad: Menneskerettighetsvarden (tidlegare Storevarden på Vidden inn frå Ulriken) Startar kl 13.00. Ope for alle. Arrangør: Raftostiftelsens Venner

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo