Håkonshallen
Håkonshallen er bland dei tydelegaste spora etter Magnus Lagabøte i Bergen. Foto: Bymuseet.

Spora etter kong Magnus Lagabøte i Bergen

Dei tydelegaste spora etter Magnus Lagabøte finn vi i monumentalanlegg i byen. Det gjer vi også i den strukturen som den byhistoriske kjernen av Bergen framleis har den dag i dag.

Kong Magnus Lagabøte som regjerte Noreg i 1260- og 1270-åra og hadde hovudsete i Bergen, må utan tvil sjåast på som ein av dei beste mennene i den norske kongerekkja. Sjølv om Magnus styrte Noreg i mindre enn 20 år, har få av dei norske regentane sett eit så tydeleg stempel på det norske samfunnet både i samtid og ettertid som det denne mannen gjorde.  

I år feirar vi kongen, ikkje for fødselsår eller dødsår, men for hovudverket som kong Magnus saman med gode hjelpesmenn fekk skapt: ei felles lov for heile landet. Når kongen for det meste sat i Bergen: kan han framleis sporast i dagens by?   

Lov og jubileum i Bergen 

Vi er inne i det store lov-jubileumsåret 2024. I år kan vi markere 1000 år med kristen tankegang i norsk lovverk, då Kristenretten skal ha vorten vedteken ved eit ting på Moster i Sunnhordland i 1020-åra og kanskje i 1024. Vi kan også feire at det er gått 750 år sidan Noreg fekk ei sams lov for heile landet – ei Landslov.

Lovkunnige har stått for begge lovutformingane, men dei dåverande norske kongane har utvilsamt også sett preget sitt på lovene. I 1020-åra var dette kong Olav Haraldsson, han som seinare vart til Olav den Heilage og den norske kongen som i historia nok har sett sterkast spor etter seg. I 1274 var kongen Magnus Håkonsson, han som seinare har fått tilnamnet Lagabøte – lovbøtaren eller lovreparatøren – også han ein konge med sterke avtrykk i norsk soge.  

Dei to jubilea blir markerte både i Bergen, i Vestland, på Vestlandet og i heile landet. Medan byen Bergen på Olav Haraldssons tid, kan ha vore i si spede byrjing, men tradisjonelt blir sett på som grunnlagt fyrst i 1070 og nære 50 år etter Moster-vedtaket, var Bergen på Magnus Håkonssons tid den viktigaste handels- og residensbyen i landet. Det er også der det meste av sjølve lovarbeidet då gjekk føre seg, både med Landslova og med dei andre lovrevisjonane kong Magnus stod for, t.d. Bylova av 1276. 

håkonshallen interiør
Kong Magnus Lagabøtes kvelvingar i Håkonshallen slik dei står i dag. Trass i interiør og inventar forma ca. 1960 gjev romkjensla eit godt bilete av kvelvromma, slik dei kan ha vore nytta som arbeidsrom under lovbøtingsarbeidet i kong Magnus si tid Foto: Bymuseet i Bergen.


Håkonshallen og kong Magnus, kvelvbyggjaren
 

Dei tydelegaste spora etter Magnus Lagabøte finn vi i dag i monumentalanlegg i byen, og då ikkje minst på Bergenhus med Håkonshallen og kjernen i Rosenkrantztårnet. Bergenhus slik vi kjenner det, er særleg prega av festningsanlegget slik det vaks fram frå tidleg 1500-tal. Då fekk festninga også det noverande namnet. Men dagens sentrale festningsanlegg byggjer på mellomalderens kongsgardsanlegg. Det er dér spora etter byggherren Magnus også er å finne 

Kongsgarden eller kongens palatium, på det som den gongen vart kalla Holmen, kan førast attende til tidleg 1100-tal og vart ombygd til eit monumentalanlegg i stein i 80-årsperioden frå ca. 1240 til ca. 1320. Det var Håkon Håkonsson, far til kong Magnus, som fekk sett ombyggingsarbeidet i gang. Det var den yngste sonen til Magnus, Håkon V, som fekk arbeidet fullført. I kong Magnus si eiga styringstid (1263 – 1280) tok mellom anna oppføringa til av ei ny Apostelkyrkje, vigd Jesu 12 apostlar.

Dette høggotiske kongelege kapellet, som det berre er bevart nokre bygningssteinar av no, må ha stått som eit blikkfang og ei arkitektonisk perle i Bergen frå det vart innvigd i 1302 og til det vart rive i 1529. Vil du lære meir om det forsvunne kapellet, kan du ta turen til den faste utstillinga i Rosenkrantztårnet.  

Dei kanskje mest symboltunge spora etter kong Magnus på noverande Bergenhus finn vi i Håkonshallen. Hallen ber i dag rett nok namn etter Håkon Håkonsson som fekk bygningen reist, men fyrste gongen vi veit at hallen romma festlege lag var i september 1261. Då vart fyrst bryllaupet mellom kong Magnus og den danske kongsdottera Ingeborg feira, og kongeparet vart nokre dagar seinare krona.

Alt i 1266 brann hallen. Ved gjenreisinga fekk kong Magnus sett inn kraftige steinkvelv mellom sjølve salen og underetasjane. Sjølv om vi ikkje veit det sikkert, er det godt mogeleg at det er i romma under desse nye kvelva at arbeidet med landslova gjekk føre seg i åra fram mot 1274. Som Landslova gjorde, skulle også kvelva stå støtt i hundreåra framover, seinast ved eksplosjonen i Bergen 20. april 1944. Byen og festninga vart då rista og delvis lagt i grus og Håkonshallen brann, men Magnus Lagabøtes kvelv – dei stod støtt! 

Rosenkrantztårnet
Rosenkrantztårnet med si renessansefasade frå 1500-talet, sett frå sør. Det er her ikkje lett å sjå at vestre eller venstre halvdel av bygningen skjuler ein eigen kastellbygning oppført av Magnus Lagabøte på 1200-talet. Foto: Alf Tore Hommedal
Håkonshallen
Håkonshallen frå kongsgarden på Holmen, i restaurert form. Foto: Alf Tore Hommedal


Kong Magnus og huskapellet hans
 

«Kastellet ved sjøen», som kong Magnus fekk reist i 1260-åra, er også framleis bevart på Bergenhus. I dag er denne tårn-aktige steinbygningen i tre etasjar over kjellarhøgda likevel ikkje lett å sjå i det ytre sjølv om du kan vandre inne i kastellromma. I eksteriøret dekkjer no tilbygg frå 1500-talet Magnus Lagabøtes kastell på dei to mest tilgjengelege sidene i bygget vi no kjenner som Rosenkrantztårnet. Dagens tårn strekkjer seg også to etasjar høgare enn kastellet. Berre på sjøsida mot Vågen og på baksida mot 1700-talets festningsbygningar, ligg kastellveggene som del av ytterveggene på renessansetårnet.

Kastellet har truleg romma nokre av kongefamilien sine private rom, og eit kapell er nemnt innreidd i 1271 – eit bønerom som framleis kan identifiserast i bygget. Frå dei sørvendte vindaugo i kastellet har kong Magnus også kunne sjå inn mot byen og Vågen med all den pulserande aktiviteten Bergen hadde.  

Byen som fekk si eiga lov 

Bysenteret i Bergen, konsentrert til dagens Bryggen med området sørover til Vågsbunnen, hadde på Magnus Lagabøtes tid same hovudstruktur som Bryggen framleis har, med langstrakte bygardar med retning mot kaiane og Vågen og med Øvregaten liggjande bak og parallelt med kaifronten.

Men dei arkeologiske byutgravingane i Bergen har vist at bygningsgrunnen med kaifronten over tid gradvis har vakse seg utover i Vågen slik at tettbusetnaden kong Magnus kunne feste blikket på låg meir tilbaketrekt enn vår tids bygningsfront. Vågen var altså breiare enn i dag. Langs Øvregaten, og mest «heva» over trebusetnaden i byen, låg det også relativt tett med større og mindre kyrkjebygningar i stein.

I 1276, to år etter at Landslova var fullført, fekk kong Magnus vedteke ei eiga bylov for Bergen, snart også tilpassa andre norske byar. Kong Magnus gjekk dermed aktivt inn og ordna og regulerte bylivet og byverksemda. Magnus Lagabøte er slik kanskje den kongen som klarast har vore med på å forme den historiske bykjernen i Bergen slik vi har fått han overlevert. 

Domkirken i Bergen sett ovenfrå.
Magnus Lagabøtes gravkyrkje i Bergen, i dag Bergen domkirke, sett frå nordaust. Då kyrkja var del av fransiskanarklosteret strekte klosterbygningane seg frå kyrkja og sørover til dagens gule katedralskulebygning med raud grunnetasje. Den langstrakte kyrkjebygningen har hatt ei enno lengre takflate i fransiskanartida, før det no kvitkalka tårnet vart sett oppå den no gråe vestre delen av kyrkja. Foto: Alf Tore Hommedal


Bergen domkirke og grava til kong Magnus
 

I denne bykjernen låg eit anlegg og ein institusjon som kong Magnus synest å ha vore særleg knytt til: fransiskanarklosteret ved Olavskyrkja i Vågsbunnen – dagens Bergen domkirke. Klosteranlegget er vekke og låg der Bergen katedralskole står i dag, men fransiskanarkyrkja – den noverande domkyrkja – ligg framleis slik kong Magnus Lagabøte gav grunnlag for at ho vart utforma.

Fransiskanaranes ideologi, bygd på grunnhaldninga til den italienske helgenen Frans av Assisi (1182 – 1226) om Kristi nærvær gjennom medmenneskeleg omsorg både for fattige og sjuke og for alt Guds skaparverk, tykkjest å ha stått kong Magnus så nær at han valde å bli gravlagd i kyrkja ved klosteret.

Så sterkt har dette ynske vore hjå Magnus at han braut med tradisjonen som tilsa at ein konge skulle gravleggast i Kristkyrkja, den store domkyrkja i mellomalderens Bergen og som låg monumentalt til på høgda like nord for Håkonshallen.

I denne kyrkja, som i dag er heilt forsvunnen, var både far, bestefar og oldefar til kong Magnus gravlagde, altså kongane Håkon Håkonsson, Håkon Sverresson og Sverre Sigurdsson. 

Men kong Magnus valde altså annleis! I staden for å bli lagt til kvile fornemt tilbaketrekt på Holmen, valde Magnus seg gravplass midt i den tettbygde og pulserande byen Bergen. Alf Tore Hommedal, Universitetsmuseet


Når kongen i testamentet sitt frå 1277 der han nemner kvar han vil ha gravstad, også gav ein stor pengesum til fransiskanarane, var dette utvilsamt for at dei skulle kunne byggje fransiskanarkyrkja ut som ei kongeleg gravkyrkje. Men dette var ikkje alt: Tilliten og nærheita mellom kongen og fransiskanarane går også tydeleg fram ved at det er i fransiskanarklosteret i Bergen kong Magnus deponerer dei pengane han i testamentet sitt set av til dei fattige rundt om i landet. 
 

Alt tidlegare i kong Magnus si styringstid hadde fransiskanarkyrkja fått den vest-utforminga ho framleis har mot Kong Oscars gate, med spissboga portalopningar og store, fleirdelte grindverksvindaugo. Men det mektige tårnet som kyrkja har i dag er kome til seinare som del av den etterreformatoriske domkyrkjefunksjonen. Kyrkja til fransiskanarane og Magnus Lagabøte stod utan tårn.

I 1277 eller kort tid etter kan også utvidinga av kyrkja mot aust ha teke til med eit stort, nytt kor med tenkt tilleggsfunksjon som kongeleg gravplass. Dette byggjearbeidet kan likevel ikkje ha vore kome særleg langt då kong Magnus døydde 9. mai 1280, så kongen sjølv kan aldri ha sett den korutforminga gravkoret hans kom til å få. Kong Magnus må mellombels ha vorte gravlagd i fransiskanarkyrkjas gamle kor, og truleg vart også båra med dronninga hans, Ingeborg, ført dit då ho døydde i 1287. Bårene med kongeparet må så ha vorte overførte til det nye og utvida gravkoret då dette vart innvigd 1. mai 1301, altså mest 21 år etter at kong Magnus døydde.

Dei kongelege gravene vart etter nokre hundre år sletta, men Bergen domkirke står enno som eit symbol på kong Magnus Lagabøtes tilknyting til fransiskanarane og til ein ideologi som også synest å kunne sporast i lovarbeidet hans. 

Nonneseter kapell
Noverande Nonneseter kapell, kanskje bygd av pengegåva kong Magnus Lagabøte skjenkte til benediktinarnonnene. Sjølve klosterkyrkja strekte seg frå kapellet og ut mot vår tids Kaigaten, som i klostertida var kyrkjegard. Kyrkjebygningen låg innover der dei to bygardane frå ca. 1900 no fyller arealet. Kyrkja enda i ein tårnfot, som framleis står på den andre sida av dei to bygardane og ved bybanestoppet. Dette ser vi som ei rustraud markering til høgre på fotoet. Foto: Alf Tore Hommedal.


«Kronprinsen», Olav Magnusson, og nonnene i Nonneseter
 

Eit siste anlegg som vi skal minne om i samband med kong Magnus, og som dagens bergensarar for det meste hastar forbi, er Nonneseter. I dag best kjent som ein stoppestad for Bybanen. 

På Magnus Lagabøtes tid var Nonneseter eit nonnekloster og eit kvinnesentrum i god vekst. Då kongeparet hausten 1262 reiste frå Bergen for vinteren, overlét Ingeborg og Magnus den nokre månader gamle og fyrstefødde sonen sin, Olav, i nonnenes varetekt. Guten kan ha vore ufør, og han døydde nokre år seinare.

Den tilliten som foreldra til guten synte benediktinarnonnene, og den nære kontakten som kongeparet må ha hatt med kvinnene i klosteret, er truleg grunnen til at kong Magnus også gav ei stor pengegåve til Nonneseter. Dette gjorde nonnene i stand til å utvide klosterkyrkja si.

Dei forlengja fyrst kordelen av kyrkja, der to bygardar frå ca. 1900 – mellom dei Lohnes Sølvvarefabrikk – i dag fyller kyrkjetomta ved Kaigaten. Sist på 1200-talet fekk nonnene så bygd til korkapellet som framleis er bevart og i dag kjent som Nonneseter kapell. Av den eldste og opphavlege klosterkyrkja på Nonneseter står framleis tårnfoten frå ca. 1130 att som ein kvadratisk steinbygning like ved bybanestoppet.   

Bergen var på kong Magnus Lagabøte si tid altså ikkje berre byen der store delar av lovrevisjons-arbeidet skjedde. Kong Magnus sette også sitt preg på utforminga av sjølve byen, ikkje minst ved bygningsanlegg som vi framleis kan identifisere oss med og som for Kongen stod arbeidsprosessen med lovene nær. Slik er han framleis ein del av Bergen by, kong Magnus – lovbøtaren.  

Slik kan Bergen ha sett ut anno 1320

På grind.no kan du sjå 3D-animasjon av korleis det er tenkt at Bergen kan ha sett ut nokre tiår etter Magnus Lagabøtes tid. Her finn du mellom anna dei kyrkjelege anlegga på Holmen, Kongsgarden, Korskyrkja og Nonneseter kloster.

Gå til grind.no 

Litteratur

  • Eide, Ole Egil. 2019. «Hva kan vi egentlig vite om Apostelkirke III på Holmen og hva er grunnlaget for det vi mener å vite?» Upublisert Mandagsforedrag, Bymuseet i Bergen, 01.04.2019. 
  • Fischer, Gerhard og Dorothea Fischer. 1980. Bergenhus. Norske Kongeborger, Bind II. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. 
  • Hansen, Gitte. 2008. «Konger og byfolk i det eldste Bergen – byoppkomst i et aktørperspektiv». I De første 200 årene – nytt blikk på 27 skandinaviske middelalderbyer, redigert av Hans Andersson, Gitte Hansen og Ingvild Øye, 15–39. Universitetet i Bergens arkeologiske skrifter UBAS https://bora.uib.no/bora-xmlui/handle/1956/11349 
  • Helle, Knut. 1982. Kongssete og kjøpstad. Fra opphavet til 1536. Bind I av Bergen bys historie. Bergen-Oslo-Tromsø: Universitetsforlaget. 
  • Helle, Knut. 2013. «The Political Centre of the High Medieval Norwegian Kingdom». I Håkonshallen 750 years. Royal Residence and National Monument redigert av Øystein Hellesøe Brekke og Geir Atle Ersland, 111–121. Oslo 2013: Dreyers Forlag.  
  • Hommedal, Alf Tore. 2021. «Den Bergenske Filialafdeling og Nonneseter kloster. Å hente fram kunnskap om form og liv i Bergens andre Mariakyrkje». I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok 2021. Årg. 175. Oslo. S. 7 – 40.  
  • Hommedal, Alf Tore. 2023. «Kongsbygningane på Avaldsnes, ein residens for kongen eller for kapell-kannikane hans?» I: Skre, Dagfinn og Frans-Arne Stylegar (red.) Herre og drott – konge og sjøkonge. Karmøyseminaret 2022. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. S. 183 – 204. 
  • Lidén, Hans-Emil. 1980. «Bygningsstein fra Bergenhus». I Bergenhus, bind II av Norske Kongeborger ved Gerhard Fischer og Dorothea Fischer, 163–179 og 196–199. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. 
  • Lidén, Hans-Emil og Ellen Marie Magerøy. 1982. Bergen Bind II. Norges kirker, utgitt av Riksantikvaren. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.  
  • Regesta Norvegica II. Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt. Oslo 1978. 
  • Sunde, Jørn Øyrehagen og Alf Tore Hommedal. 2021. «Bergen. Då byen fekk ei Bylov i 1276». I: Årbok 2020 Bryggens Venner –  Stiftelsen Bryggen. Bergen. S. 21 – 23. 

 

 

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo