Teikning av Bergen på 1500-talet.
BERGEN BY: «Scholeusstikket» frå 1580 er det første prospektet av Bergen. Det var her Europas tredje landsdekkande lov blei laga. På biletet ser vi festningsanlegget på Holmen med mellom anna Håkonshallen og Rosenkrantztårnet. Den indre kjernen i Rosenkrantztårnet er Magnus Lagabøte sitt tårn eller kastell frå 1200-tallet. (Foto: Marcus/UiB)

Ei av dei første landsdekkande lovene i Europa

Med Magnus Lagabøtes landslov fekk vi for første gong ei lov som gjaldt for heile Noreg, eit viktig kjenneteikn på eit samla rike. Dette var den tredje landsdekkande lova i Europa.

Den europeiske staten har eit utgangspunkt i mellomalderen ­– og den norske mellomalderstaten nådde eit høgdepunkt i Bergen på 1200-talet. Det viktigaste gjennombrotet kom under kongane Håkon Håkonsson (1217–1263) og sonen Magnus Lagabøte (1263–1280), ved at sams lover i heile riket vart eit viktig kjenneteikn for eit samla rike.

Magnus Lagabøte si landslov, som vart skriven og overrekt samfunn og lagmenn i Håkonshallen på Holmen i 1274, var den mest omfattande av mellomalderlovene.

Lova som skulle gjelde i heile Noreg

I prologen eller innleiinga til Landslova og i epilogen eller sluttordet skriv kong Magnus om korleis det er arbeidd med å bøte på dei fleste lovbøkene i landet. Noko vart trekt frå og noko lagt til. Og det kjem fram korleis Landslova, som av kongen vert karakterisert som eit storverk eller stort tiltak, er sett saman av alle landets lovbøker, med det kongen tykte høvde best med råda han fekk frå dei som ofte vart kalla dei beste menn.

Det vert tydeleg gjort klart at den nye lovboka skulle gjelde i heile Noreg i all tid og i all æve (vm allan Noregh vm alldr oc vm æfe). Kongen skal ut frå det som står i epilogen sjølv ha reist til regionale ting og fått lova lest opp og vedteken av tinglyden.

Gulatingsveggen i Gulen
Gulatingsveggen på tusenårsstaden Gulatinget i Gulen. (Foto: David Zadig)

Vedteken på alle fire lagtinga

Det er ført ulike argument for kva lagting Landslova først vart vedteken på, om det var på Gulatinget eller Frostatinget i 1274. Det synest å vere semje om at lova vart vedteken på Borgartinget og Eidsivatinget i 1276.

Endeleg svar har vi ikkje, det kan likevel vere ein indikasjon at Gulatinget er nemnt i handskrift for alle lagdøme og i dei fleste handskrift samla sett (Helle 1972:166).

Landslova vart også brukt på Orknøyane, Shetland, Færøyane, medan Island fekk si eiga lovbok, Jónsbók i 1281. ­

Fleire lover følgde landslova

Magnus Lagabøte førte vidare ein revisjon faren starta, av den eldre landskapslovgjevinga. Slik vart geografiske lovområde samordna, og samfunnsområde etter samfunnsområde vart lagt under lova til kongen. Landslova frå 1274 var retta mot landdistrikta. Magnus følgde så opp med Bylova i 1276, som vart brukt i andre norske byar og kjøpstader, med eigne utgåver for Oslo, Trondheim og Tønsberg.

Landslova av 1274 og Bylova av 1276 kan samla seiast å utgjere ei heilskapleg landslov som gjaldt for heile landet, i bygd og by.

I 1276 kom også Magnus med Farmannslova, som regulerer sjørett og sjøfart. Administrasjonslova Hirdskråa, som kom i 1270-åra, tek føre seg rettar og plikter for hirdmennene, jarlar og lendmenn og syner utviklinga av eit statsbyråkrati.

Var gjeldande fram til eineveldet i 1660

Landslova var den tredje av totalt fire av det vi kan kalle riksdekkande lovbøker frå denne tidsperioden i Europa. Først ute var keisar Fredrik II, med Liber Augustalis for kongedømmet Sicilia i 1231. I 1265 kom Kong Alfonso X av Castilla med Siete Partidas. Nær eit tiår seinare kom den norske landslova, og så kong Magnus Eriksson (konge i Noreg frå 1319–1355 og i Sverige til 1364) si svenske landslov og også bylov frå kring 1350.

Foto av skrift og illustrasjonar i Landslova til Magnus Lagabøte.
LANDSLOVA: Langslova til Magnus Lagabøte (lovforbetraren) var ei av få riksdekkjande lovbøker i Europa i mellomalderen. Codex Reenhielmianus er skriven for hand og illuminert med flotte teikningar. Boka er no oppbevart ved Universitetsbiblioteket i Lund, og vert også kalla Codex Lund 15, eller berre Lundarbók. (Foto/illustrasjon: alvin-portal.org)

Landslova erstatta dei gamle landskapslovene og var gjeldande rett i vel 400 år, like til 1687, då ho vart erstatta av Christian Vs Norske Lov. Lova fekk stor utbreiing, det ser vi også av at heile 35 handskrift finst frå tida før 1350, og 50 fragment (Rindal 2018:50 og Sunde 2023:237).

Slik strekte levetida til lova seg like frå dei gamle regionale tinga – som i 1274 var representasjonsting –og inn i eineveldet, som vart innført i Danmark–Noreg i 1660.   

Lova var eit bidrag til ei ny kongerolle

Den politiske sentraliseringa Landslova var eit resultat av, minska makta til dei regionale tinga og bondesamfunnet og var med og skapte ei ny kongerolle, avhengig av sterk støtte i det øvre sjiktet i samfunnet.

Det er i Håkon Håkonsson si nye lov frå 1260 at kongen for første gong trer tydeleg fram som den eigentlege lovgjevaren (Helle 1972:46–47 og 156). I Landslova var det kongen og ikkje tinget som stod fram som lovgjevar. Likevel var det slik at lova skulle utviklast med råd frå dei beste menn eller med gode menns råd, og lagtinga skulle vedta lovene.

Handelsknutepunkt og porten mot verda

Bergen er den byen som lengst og mest tydeleg var sete for Noregs konge (Noregs konungr) og det framveksande norske mellomalderriket. Av 25 registrerte riksmøte i høgmellomalderen var Bergen møtestaden for 15 av dei, det vil seie 60 prosent (Helle 1972:189).

Bergen var ikkje berre kongeleg og viktig kyrkjeleg styringssete, men også ein leiande nordisk by. Byen vaks seg stor økonomisk som handelsknutepunkt, både for nærhandel og som fjernhandelssentrum. Bergen var sjølve porten for heile det vestafjellske og nordafjellske Noreg mot den store verda. Og ferdselsrutene gjekk mot nord, vest, sør og aust.

Bergen var den viktigaste samlingsstaden i det store Nordsjøriket, som var størst i utstrekning under kong Håkon Håkonsson. Nordsjøriket inkluderte Orknøyane, Hjaltland (Shetland), Suderøyane med Man (til 1263), Island, Færøyene og Grønland.

Håkonshallen i Bergen.
Håkonshallen vart bygd mellom 1247 og 1261 og har såleis stått ved innseglinga til Vågen i meir enn 760 år.
Rosenkrantztårnet i Bergen.
Magnus Lagabøte budde her i Rosenkrantztårnet. Dette er eit av monumenta frå tida då Noreg – og Bergen – var ein maktfaktor i Nord-Europa.

Bergen – den største byen i Skandinavia 

Bergen som by vaks ikkje minst på grunn av dei mange kyrkjene, også ved at den norske kyrkjeprovinsen ved opprettinga i 1152/53 innlemma dei seks bispedømma på Grønland, Island, Færøyene, Orknøyane og Suderøyane med Man. For vesterhavsøyane var Bergen ein viktig hamne- og handelsby og kulturell og kyrkjeleg samlingsstad.

Bergen var den største byen i Skandinavia på denne tida, med om lag 7000 innbyggarar. Alt på 1100-talet var Bergen den overlegent største og økonomisk viktigaste byen i Noreg, ein posisjon byen heldt like til 1830-åra. Til samanlikning var folketalet i Nidaros på slutten av 1200-talet om lag 3000, medan Oslo hadde 2000, og talet for Tønsberg var om lag 1500.

Mellomstore byar i Europa hadde på denne tida mellom 5000 og 10 000 innbyggjarar, og Bergen var den einaste norske byen med denne storleiken.

Danske korsfararar i Bergen på 1200-talet

Historia om danernes ferd til Jerusalem (Historia de profectione Danorum in Hierosolynam), ei korstogskildring som kan ha vore frå 1191 til 1192, gjev eit svært så levande bilete av den internasjonale byen Bergen ved inngangen til 1200-tallet. Ein flokk danske korsfararar var innom Bergen. Dei opplevde ein by fullpakka av tørka skrei og utlendingar frå Nordsjø- og Østersjøområda, som kom for å hente fisken. I Astrid Salvesen si omsetjing (Salvesen 1969:115):

«Denne byen er den mest berømte der i landet; prydet med en kongeborg og relikvier av de hellige jomfruer (den hellige Sunnivas legeme hviler på en forhøyning i domkirken). Dertil kommer klostre både for både munker og for nonner. Det bor mange folk der, og byen er rik og har overflod av så mange slag; tørrfisk, som kalles skrei, er det så meget av at den hverken kan måles eller telles. Skip og menn kommer seilende fra alle kanter: islendinger, grønlendinger, engelskmenn, tyskere, daner, svear, gotlendinger og andre nasjoner som det vil føre for langt å nevne, alle slag kan en finne der om en tar seg tid til å se etter. Det er også mengder av vin, honning, hvete, gode kleder, sølv og andre salgsvarer, og livlig handel med alt mulig. Men en og samme lastefulle skikk har sneket seg inn i alle byer i dette land, nemlig drukkenskapet, som skaper ufred og til og med driver saktmodige mennesker til råskap og vold.»

Kongeleg og kyrkjeleg maktsenter på Holmen

Det var eit lite og fortetta areal kongedøme og kyrkje delte mellom seg på Holmen. Frå dette maktsenteret vart ikkje berre det vestlege Noreg styrt. Tidvis vart heile det oversjøiske Noregsveldet halde saman frå dette vesle utsiktspunktet mot fjord og hav, som var den viktigaste samferdsleåra ut mot resten av Europa.

Kongsgard og bispegard var ramma kring eit myldrande liv og den tettaste møtestaden for heimlege og internasjonale impulsar. Kongelege og kyrkjelege anlegg synte seg fram i bysilhuetten og reiste seg over låge trehusmiljø.

Kristkyrkja, den store bispekatedralen, kneisa i bakkanten av den mektige og nyreiste Håkonshallen og kongsgarden. Hit vart helgenskrinet til St. Sunniva, vernehelgenen for Vestlandet, flytta i 1170 frå øya Selja ved Stad til høgalteret i kyrkja.

Inne i Håkonshallen.
HÅKONSHALLEN: I dei kongelege og kyrkjelege anlegga på Holmen var dei øvste geistlege og kongelege tenestemenn utdanna i Paris, Montpellier, Orleans eller Bologna. Håkonshallen var sjølve arenaen der Magnus Lagabøte si landslov vart skapt (Foto: Bymuseet i Bergen)

Det lokale i kombinasjon med det internasjonale

På Holmen heldt konge og biskop rådsmøte med sine fremste menn. Her tok dei rikspolitiske og kyrkjepolitiske strategiane form. Riksdekkande og regionalt lovverk vart skapt og kopiert, med Magnus Lagabøte si landslov og bylov som høgdepunkt. På Holmen vart det ført rekneskap med ei omfattande økonomisk verksemd. Den spente frå tørrfiskeksport til forvaltning av kongeleg og sentralkyrkjeleg jordegods i små vestlandsbygder og skipsbygging i bisperegi i strandkanten mot det noverande Bontelabo.

Festane kongen heldt var ei samansmelting av det beste i lokale tradisjonar med internasjonale impulsar; det gjaldt mat, klesmotar, nye dansar, musikk og litteratur. I hoffkretsane treivst vidfarande kunstnarar og handtverkarar, litteratar og lærde, som var dei fremste aktørane for møtet mellom norrøn kultur og fransk, spansk, italiensk, engelsk og tysk avantgarde.

I dei kongelege og kyrkjelege anlegga på Holmen var dei øvste geistlege og kongelege tenestemenn utdanna i Paris, Montpellier, Orleans eller Bologna. Klosterinstitusjonane var internasjonale. Utvikling av skriftkultur og dokumentasjon som styringsverktøy, med arkivering av viktige dokument, var ein internasjonal disiplin. Denne vart utvikla parallelt med institusjonalisering av kongemakt, kyrkjemakt og tinginstitusjon.

Rikssenter og internasjonal smeltedigel

Bergen vart ein smeltedigel, der møtet mellom ulike erfaringsverder skapte nytt kulturelt innhald og praksisar som vart formidla vidare ut til dei vestnorske bygdene.

Bergen vart slik eit bruhovud, ikkje berre for det internasjonale samfunnet mot Vestlandet, men òg for det vestafjellske Noreg og heile norskekysten, mot internasjonale økonomiske og kulturelle nettverk.

Noko av det som kjenneteiknar tida er nettopp oppbygginga av eit styringsapparat hos dei mest statsbyggande samfunnsmaktene, kongedømme og kyrkje.

Med statsdanning og byutvikling følgde byråkrati og bokkultur, arkivvesen og bibliotek. Bergen vart eit midtpunkt for ei systematisk skriftleggjering av styringa av by og region, med utvikling av byråkrati og ein skriftbasert forvaltningsskikk.

Tekst og illustrasjon i landslova til Magnus Lagabøte.
(Foto/illustrasjon: Ad Fontes / Det kongelege danske bibliotek)

Handelsmetropol med oversjøiske kontaktar

Bergen var ein nordeuropeisk handelsmetropol. Vågen var eit midtpunkt og ei viktig hamn for varebyte med handelsfartøy frå Island, Færøyane, Hjaltland, Orknøyane, Dei britiske øyane og tyske område. Sjø og hav gav ferdsle langs kyst og over hav: Noreg var av dei store sjørika.

Kanskje vart tanken om å skape ei samlande landslov vekt hos kong Håkon Håkonsson sjølv. Men like gjerne har tanken vakse fram frå det oversjøiske kultursambandet, som dyktige skipsbyggjarar, godt trevirke og sjømenn vant til hardt vêr og store bølgjer, la eit viktig grunnlag for. Kanskje gav ei sjøreise startskotet for arbeidet med Landslova?

Ei sjøreise til Castilla

Sagaen til Håkon Håkonsson fortel at sendeferda til Castilla, då dottera Kristina skulle gifte seg inn i det spanske kongehuset, talde over 120 mann. Det norske følget kom til Burgos i Castilla sjølvaste julekvelden 1257. Kristina gifta seg i 1258 med prins Filipus, bror til kong Alfonso X. Det var kong Alfonso som fekk laga Las Siete Partidas, lova for heile riket.

Til Castilla reiste mange av kongen sine mest kunnskapsrike og vise menn: rettslærde og utdanna frå dei fremste lærdomssentra i Europa. Menn frå kretsen til kongen og erkebiskopen let seg nok inspirere av det spanske lovgjevingsarbeidet og lærte av det. Vidare tok dei lovskapinga i Noreg vidare då dei kom heim.

Kven var så desse mennene som følgde prinsesse Kristina til Spania, og dei lærde menn som i Magnus Lagabøte sitt hoff bøtte på eldre lover og skapte Landslova?

Lodin Lepp – viktig for iverksettinga av nytt  lovverk

Mange geistlege var med til Castilla, mellom andre, biskop Peter frå Hamar og dominikanaren Simon. Munkar og presteskap ivaretok mykje av utviklinga av skrift- og rettskulturen. Vi kjenner elles nokre namn, også av dei som var viktige for gjennomføringa av lovendringane.

Lodin Lepp var lendmann, sendemann for kongen til utanlandske hoff, så langt som til Egypt og dåverande Havsid, som no dekker Tunis, Libya og Algerie. Her skulle han i 1262 ha med seg jaktfalkar og gåver frå kongen til kalifen Muhammed I al-Mustansir. Lodin Lepp var med til Spania og var ein mann med stor handlekraft. Han overlevde både kong Håkon og kong Magnus og har nok vore ein viktig mann for kontinuiteten i gjennomføringa av det nye lovverket frå Håkon og Magnus.

Sentrale lovskaparar samla seg i Bergen

Eit viktig større politisk møte fann stad i Bergen året før Landslova vart ferdigstilt. Her var både kong Magnus, erkebiskop Jon med fleire biskopar og kongssønene Eirik og Håkon sentrale aktørar. Fleire namngjevne lendmenn, mellom anna Bjarne Erlingsson, kanslaren Tore Håkonsson, jølstringen og den mektige lendmannen Audun Hugleiksson var til stades, med fleire (Helle 1972:163).

Seglet til Audun Hugleiksson.

Audun Hugleiksson

Jølstringen Audun Hugleiksson er i sagaen til islandske biskop Arne frå 1273 kalla «den visaste mannen i landslovene». Audun hadde truleg studert utanlands, kanskje i Bologna og Paris, og er rekna som ein av dei mest rettskyndige og viktige lovskaparane for kong Magnus, med det også Landslova.

Både Tore Håkonsson og Audun Hugleiksson har vore rettskyndige, skal vi tru den islandske biskop Arne si saga frå 1273. Her kan også fleire biskopar og islendingen Sturla Tordsson, forfattaren av sagaen om Håkon Håkonsson, ha spela ei rolle (om dette, sjå elles Helle 1972:486–487).

Lovtekst og illustrasjon i landslova til Magnus Lagabøte.
VART HENGT: Audun Hugleiksson vart henretta ved hengning på Nordnes i Bergen, den 2. desember 1302. Her frå Tjuvebolken i Landslova, frå den såkalla Lundarbók, Codex Lund 15, eit handskrift laga i Bergen, 1304-20. (Foto: Universitetsbiblioteket i Lund, Alvin database, CC BY 4.0 lisens).

Kjende til både europeisk og truleg islamsk rett

Rettskjeldene for Landslova syner at dei norrøne lovskaparane stod direkte i den samtidige europeiske rettskulturen. Ikkje berre var heimleg rettstradisjon grunnlaget, men også romersk rett og kanonisk rett (den internasjonale kyrkjeretten). Med utstrekt samband og reiser i aust og sør, også i den arabiske verda, har lovskaparane truleg hatt kjennskap også til islamsk rett. Og der det heile kanskje starta, hos kong Alfonso X i Castilla, kjende dei i alle høve godt til den islamske lova i Sør-Spania, då dei utvikla Las Siete Partidas.

Lovrevisjonane til kong Magnus var av dei viktigaste sakene på møtet i Bergen i 1273, med tronfølgjelov og Landslova, som må ha vore svært langt komen på dette møtet. Konflikten mellom kong Magnus og erkebiskop Jon om kyrkja sine rettar og grensa mellom verdsleg og kyrkjeleg makt, fann si førebelse løysing i det såkalla Konkordatet. Her fekk kyrkja domsrett i dei kyrkjelege sakene, skattefritak, myntrett og ulike handelsprivilegium.

Håkonshallen i Bergen.
KONGSGARDEN: Håkonshallen var hovudbygningen i det første slottsanlegget i Noreg, på Holmen i Bergen. Den første gongen vi høyrer at Håkonshallen er i bruk, var i 1261, ved bryllaupet og kroninga til Magnus Lagabøte og danske prinsesse Ingeborg.

Viktige forhandlingar i Bergen i 1273

Forhandlingane mellom kongedømme og kyrkje på møtet i Bergen i 1273 var viktige for utforminga av Landslova. Sedvanen i kristenrettlovgjevinga i landskapslovene var at konge og kyrkje saman formulerte reglar for kristendoms- og kyrkjehald i same lov.

Erkebiskop Jon Raude kravde på Frostatinget i 1269 kristenretten og kyrkjelovgjevinga teken ut frå revisjonen av Frostatingslova og ville lage sin eigen kristenrett. Dette var dette ei av dei tunge sakene som måtte løysast i 1273, før Landslova kunne ferdigstillast. Resultatet vart at Landslova av 1274 ikkje fekk ein kristenrett som følgde normene for tidlegare kristenrettar, men fekk ein såkalla Kristendomsbolk som bolk II i lova.

Denne regulerte lite av det kristenrettane tidlegare regulerte. Dette ville den stridbare Jon Raude, i samsvar med tida sin pavelege politikk, sjølv ta hand om.

Sentralisering av makt: Frå region til rike 

Kjernen i den lange styringstida til far og son – kong Håkon og kong Magnus – var at grensene til Noregsveldet vart utvida, og lovgjeving og rettspraksis vart sentralisert: Medan lovene tidlegare vart fremja regionalt av lagtinga, vart dette endra med Landslova. No vart det kongen som fremja lover som lagtinga skulle godkjenne.

Eit stort lovskipingsarbeid frå kristenrett til landslov toppa seg på 1200-talet i Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøte si tid. Landskapstinga med ei breiare deltaking og med dei eldre landskapslovene, fekk med sentraliseringa av lovverket og konsolideringa av makta kring kongen, mindre medverknad.

Hjå oss på Vestlandet, var det like etterpå at vårt store regionale ting, Gulatinget, vart flytta fysisk frå Gulen og nett til Bergen, Holmen og Håkonshallen, sjølve arenaen der Magnus Lagabøte si landslov vart skapt.

Lov og rett regulerte kvardagslivet meir og meir

Kong Håkon Håkonsson og kong Magnus Lagabøte hadde ei lang regjeringstid, dei styrte eit veksande norsk rike i 63 år. Denne samanhengande styringstida for far og son har vore viktig i det omfattande lovskapingsarbeidet som var ferdig då kong Magnus døydde i 1280.

Skulptur i stein av hovudet til Magnus Lagabøte.
MAGNUS: I kapellet i Rosenkrantztårnet kan du sjå eit steinhovud av Magnus Lagabøte. Dette er ein kopi av originalen i Stavanger domkirke. (Foto: Tove Breistein. Bymuseet i Bergen)

Viktige trekk for det vi kan kalle ein mellomalderstat var på plass. Innan lovverket, var det utvikla sams normer som hadde rettskraft ut over lokale og regionale einingar, og sams militærmakt og forsvarssystem var utvikla. Det var for ei tid rimeleg stabil militær kontroll over eit samla geografisk område. Skattar sikra i tillegg faste overføringar av økonomiske ressursar frå det produserande bondesamfunnet til dei statsberande organa innan kongemakt og kyrkje.

Sist, men ikkje minst: Normer og regelverk vart del av det vi kan kalle kvardagen i bygdelag og bysamfunn. Statsmakta sine normer vart gradvis internaliserte i familiane og i mentaliteten, eller dei kollektive tanke- og handlemønstera i kulturen. Praktiseringa av lov og rett vart sentralisert og regulerte i veksande grad kvardagslivet i lokalsamfunna i Noregs rike.

Litteratur

  • Bagge, Sverre. 2010. From Viking Stronghold to Christian Kingdom.
  • Bagge, Sverre Håkon. 2019. State Formation in Europe, 843–1789. København.
  • Helle, Knut. 1972. Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 11501319. Universitetsforlaget. Bergen – Oslo –Tromsø.
  • Helle, Knut. 2013. «The Political Centre of the High Medieval Norwegian Kingdom». I Håkonshallen 750 years. Royal Residence and National Monument redigert av Øystein Hellesøe Brekke og Geir Atle Ersland, 111–121. Oslo.
  • Rindal, Magnus. 2018. «Handskriftene av Magnus Lagabøtes landslov i norrøn språkform og i omsetjing til dansk, med og utan tekstkritisk verdi», Kong Magnus Håkonssons Landslov – Norrøn tekst med fullstendig variantapparat. 1. del. Magnus Rindal og Bjørg Dale Spørck (red). Arkivverket, Oslo.
  • Salvesen, A. 1969. Norges historie. Historien om Danenes ferd til Jerusalem, 99 – 130. Thorleif Dahls Kulturbibliotek. Oslo.
  • Sunde, Jørn Øyrehagen. 2023. Kongen, lova og landet. Oslo.
Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo