skulptur av hovudet til Magnus Lagabøte Håkonson
Tida etter at Magnus vart einekonge i landet, var bland dei viktigaste åra i Noregs mellomalderhistorie. I kapellet i Rosenkrantztårnet kan du sjå eit steinhovud av Magnus Lagabøte. Dette er ein kopi av originalen i Stavanger domkirke. Foto: Tove Breistein.

Kven var Magnus Lagabøte Håkonsson?

Han var yngst av barna til kong Håkon Håkonsson og vaks opp utan å vere tiltenkt nokon plass i arverekkja. Korleis gjekk det til at Magnus fekk ei så stor betydning i Noregs historie?

Magnus vart fødd i Tønsberg i 1238, mot slutten av borgarkrigstida i Noreg. Vi veit lite om barndommen og skulegangen til unge Magnus, men ei engelsk krønike fortel at kongen var sterkt knytt til fransiskanarane og deira teologiske skule. I løpet av barneåra hans gjekk den norske staten gjennom store endringar, særleg etter at hertug Skule, kong Håkon sin siste utfordrar til krona, vart slegen i 1240.

Ved fleire høve skal erkebiskopen ha oppmoda kongen til å plassera Magnus inn i arverekkja, men fordi kong Håkon hadde sett korleis oppsplitting av makta tidlegare hadde gjeve ustabile styringstilhøve i landet, vegra han seg for å gje sin yngste son ein viktig posisjon i makteliten.    

Frå skuggane og inn i kjeldene 

I 1247 vart kong Håkon Håkonsson krona som konge av kardinal Wilhelm av Sabina. Kroninga, som fann stad i Bergen, vart skildra i detalj i soga om kong Håkon. I denne forteljinga fekk Magnus ingen plass. Storebroren Håkon Unge, og den uektefødde halvbroren, Sigurd, vart derimot begge nemnde som viktige menn. 

I 1257 døydde kronarvingen, Håkon Unge. Sjølv om Håkon Unge hadde ein son, Sverre Magnus, frå ekteskapet med svenske Rikissa Birgersdotter, var dette tidspunktet då onkelen Magnus trådde fram frå skuggane og inn i kjeldene.

Jonsok 1257 gav erkebiskop Einar kongsnamn til Magnus, og han vart del av makteliten kring faren. Både i 1257 og i 1263 baud kong Håkon ut leidang til store utanriks krigstokt, først mot Danmark og sidan til Skottland. Magnus heldt seg i Noreg medan faren gjennomførte sine utanlandske kampanjar.  

Magnus + Ingeborg 

Hausten 1261 vart det gjort klart for eit stort gjestebod i Bergen. Dei nybygde steinhallane var klare for det største bryllaupet nokon hadde sett i Noreg. Nesten 2000 gjestar feira bryllaupet mellom Magnus og den danske kongsdottera Ingeborg Eriksdotter.

I borgarkrigstida vart bryllaup nytta som eit høve til å knytte alliansar innan riket. I den påfølgjande fredsperioden var det tid for å byggje nettverk mellom Noreg og andre land, mellom anna ved at dei kongelege gifta seg med barn av utanlandske fyrstar. Mot slutten av denne feiringa, meinte kong Håkon at det var tid for at sonen vart krona som konge. Ved dette høvet vart også Ingeborg krona som dronning, for første gong i Noreg. 


Lagabøte - fordi han betra lovene
 

Kong Håkon Håkonsson døydde jula 1263 i Kirkwall på Orknøyane. Frå då av var Magnus einekonge i landet. Tida som følgde var mellom dei viktigaste åra i Noregs mellomalderhistorie. Arbeidet med å reformere dei gamle lovene må ha byrja alt med kong Håkon, men det var i kong Magnus si tid på trona dette arbeidet tok form for alvor.  

I 1269 freista kong Magnus å få vedtatt ei ny lov på Frostatinget i Trøndelag. Erkebiskopen viste sterk motstand mot denne lova. Grunngjevinga var at kongen ønskte å ta med kristenretten i lovverket sitt, medan erkebiskopen meinte dette var kyrkja si oppgåve. 

Saman med eit sterkt embetsverk arbeidde kong Magnus vidare med den nye lova, som vart vedtatt, først på Frostatinget i 1274. Det er denne lova vi feirar 750-årsjubileum for no i 2024, og som gav kong Magnus tilnamnet Lagabøte, fordi han betra lovene. 

 

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo