Foto av skrift og teikningar i landslova til Magnus Lagabøte.
HANDSKRIVEN: Codex Reenhielmianus er skriven for hand og illuminert med flotte teikningar. Boka er oppbevart ved Universitetsbiblioteket i Lund, og vert også kalla Codex Lund 15, eller berre Lundarbók. (Foto/illustrasjon: alvin-portal.org)

Konferanse: Fleirfaglege perspektiv på Magnus Lagabøtes landslov

Universitetet i Bergen arrangerer ein stor konferanse 16.–19. september. Der vil forskarar frå inn- og utland gje perspektiv på lova som endra Noreg.

I mellomalderen var Bergen den viktigaste byen i Noreg, og fleire sentrale hendingar fann stad her. Blant anna var det i Bergen Magnus Lagabøte utarbeidde det som skulle bli den første landsdekkande lova i landet, ei lov som tredde i kraft i 1274. I år skal vi feire at ho er 750 år.

Men kva var det som var nytt med denne lovsamlinga, korleis styrte ein etter ho, og kva fekk ho å seie for folk? 

Om konferansen

Den tverrfaglege og internasjonale konferansen The Landslov of 1274 – Multiple Perspectives finn stad i Bergen 16.–19. september 2024.

Konferansen er ein viktig del av det nasjonale Landslovsjubileet som markerer at det er 750 år sidan Magnus Lagabøtes landslov vart ferdigstilt i 1274. Konferansen er open for alle interesserte.

Forskarar frå ulike europeiske land set lova under lupa, nettopp her i Bergen, på ein firedagars, tverrfagleg konferanse, i regi av Universitetet i Bergen (UiB). 

Viktig kjelde for forsking på mellomalderen

– Magnus Lagabøtes Landslov har stor betydning for alle som forskar på mellomalderen i Noreg, fortel Irene Baug.

Ho er forskar i arkeologi og koordinator for mellomalderklynga til UiB, og med ansvar for å koordinere konferansen. 

Når ein forskar på mellomalderen er Landslova ei viktig kjelde til kunnskap om samfunnet den gongen, uansett kva fagfelt ein jobbar med. I Bergen har vi et stort miljø innan mellomalderforsking, der nokre forskarar jobbar med den konkrete lovteksten, medan andre nyttar lova meir indirekte i arbeidet sitt.   Irene Baug, Universitetet i Bergen

Rettshistorie og rettslege og kulturelle praksisar i Nord-Europa i mellomalderen er viktige forskingsfelt ved universitetet, som vil bli løfta og aktualiserte under konferansen. I tillegg vil vi belyse betydninga og verdien av skriftkulturen og lovgjevinga.

Landslova fortel oss mykje om samfunnet i mellomalderen

Magnus Lagabøtes Landslov var noko heilt nytt, det var første gongen vi fekk ei felles lov for heile riket. Med denne lova fekk heile befolkninga rettigheiter, ikkje berre dei velståande, og ikkje berre menn. Det var ein ny måte å tenke på i mellomalderen. 

– Lova var ein måte å regulere samfunnet på, og gjennom lova kan vi sjå og forstå korleis kongen ønska at samfunnet skulle vere, fortel Baug. 

Lova som kong Magnus utarbeidde på slutten av 1200-talet vart gjeldande i over 400 år.

Foto av tekst og illustrasjonar i landslova til Magnus Lagabøte.
Illuminasjonane i dei handskrevne lovbøkene har alle har ei betydning. Her ser vi kong Magnus (til venstre) som overrekker Landslova. Frå i handskriftsamlinga Hardenbergs Codex, som blei nedteikna på 1300-talet i Bergen. (Foto/illustrasjon: Ad Fontes / Det kongelege danske bibliotek)

Lova frå eit tverrfagleg perspektiv

Forskarar som studerer Landslova fokuserer blant anna på korleis samfunnet var organisert, på reglar knytt til eigedom og arv, og kva lova seier om forsvar av landet. Korleis blei lova handheva, og er det mogleg å finne spor etter dei som brukte lovmanuskripta? Kva seier lova om kyrkjeleg og kongeleg makt? 

Lova gjaldt både fattige og rike, men kva rettar hadde dei ulike sosiale gruppene, som kvinner, born og dei fattige? Og samsvarer dei skriftlege kjeldene med dei arkeologiske funna ein har grave fram? 

På konferansen vil historikarar, rettshistorikarar, arkeologar, filologar og andre fagfolk kome saman og diskutere Landslova ut frå eit tverrfagleg perspektiv. 

Konferansen tek mellom anna opp spørsmål rundt bakgrunnen for Landslova og vil sjå nærare på samfunnet som lova skulle regulere, både kongemakt og lokalsamfunn.

Markant lov i europeisk samanheng

– Konferansen legg vekt på å få fram forskingsstatus på Landslova innafor ulike fagfelt, å sjå nye samanhengar og å diskutere framtidig forsking, fortel Baug.

Landslova står markant fram i europeisk samanheng, som eitt av totalt berre fire riksdekkande lovverk fra mellomalderen. Irene Baug fortel at konferansen også vil sjå lova frå eit komparativt perspektiv, både geografisk, men også over tid. 

– Vi vil mellom anna få eit internasjonalt perspektiv, der Landslova blir studert i forhold til lover frå andre land og kulturar. Korleis heng vår lovskaping saman med til dømes islamsk lovgiving i mellomalderen?

Lovskriving og bryllup i Håkonshallen

Konferansen vil i hovudsak gå av stabelen i Universitetsaulen, men første dagen finn stad i historiske Håkonshallen, ein bygning som har hatt stor betydning for kongesetet i mellomalderen, men også for Magnus Lagabøte personleg. 

– Det var her Magnus Håkonsson Lagabøte feira bryllup med danske Prinsesse Ingeborg i 1261, og Landslova blei sannsynlegvis skriven her, fortel Baug. 

– Konferansedeltakarane vil også få ein guida tur i Rosenkrantztårnet – der Magnus Lagabøte sitt kastell frå 1270-åra befinn seg – og til Bryggens Museum si jubileumsutstilling. Her vil vi blant anna sjå mellomalderske landslovmanuskript og fragment av eldre lover, og viktig gjenstandsmateriale som kastar lys over perioden.

Universitetsaulaen i Bergen.
UNIVERSITETSAULAEN: Konferansen er open for alle som er interesserte i å lære meir om lova som endra Noreg, og var med å forme korleis menneske levde her. Konferansen blir i hovudsak her i universitetsaulaen i Bergen, men første dagen blir i Håkonshallen. (Foto: Universitetet i Bergen)

– Vi kan love både tilreisande og lokale deltakarar, innhaldsrike og spanande dagar. Ikkje berre får vi lære om Magnus Lagabøte og den betydinga Landslova hadde for Noreg i mellomalderen, men vi får gjere det i byen og i dei bygningane som var heilt sentrale for kongen då lova vart til, seier Irene Baug.

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo