Dame kikker på et stort steinkors, utendørs
PÅVERKNAD: Konferansen vil mellom annan ta for seg korleis kristninga påverka liva til vanlege menneske. Foto: Vestland Media AS / Peter Tubaas.

Internasjonal forskarkonferanse: Moster 1024 - «Crossroads of Religion and Law in the Conversion of Norway»

17. og 18. april inviterer Moster 2024 til internasjonal forskarkonferanse i Universitetetsaulaen i Bergen.

Sidan 2022 har Moster 2024 sin historiske fagkomité jobba for å få i stand  ein konferanse som skal presentere nye trendar innan forsking om religionsskiftet og den kristne lovgjevinga i Noreg.

No er det klart! 17. og 18. april inviterer Moster 2024 til ein konferanse med tverrfagleg tilnærming med forskarar frå ulike disiplinar som er relevante for temaet: arkeologi, rettshistorie historie, idéhistorie, manuskriptstudie, filologi og teologi.

Sjølv om fokuset er retta mot Noreg og norsk rett, har også presentasjonar med eit komparativt perspektiv som trekker område utanfor Noreg inn, vore svært velkomne. Det kronologiske fokuset i konferansen er sett til perioden frå ca. år 900 - 1200. 

To dagars program med keynote speaker frå Oxford

Det er no blitt satt saman eit stødig to dagars program. Professor emerita Lesley Abrams frå Oxford University, og Torgeir Landro, førsteamanuensis og prorektor ved Høgskolen NLA, er invitert som keynote speakers, saman med 25 andre eminente foredragshaldarar frå ulike disiplinar.  

Konferansen vil røre ved følgande tema:

Strategiar for konvertering i religionsskiftet

Teologiske og kyrkje-organisatoriske strategiar og politiske perspektiv vil bli presentert, som til dømes framvekst av det norske riket og utbreiinga av kristendomen og konsolideringa av kyrkja. 

Status 1024

Ulike aspekt ved samfunnsendringar, korleis eit skifte frå norrøn til kristen religion påverka familiestrukturer og spørsmål knytta til kjønn, og korleis endringar i kanonisk rett påverka ulike sider ved det kristne. 

Kristning ovanfrå og nedanfrå

Korleis vanlege menneske gjennomførte religionsskiftet, korleis kristninga påverka liva til kvinner, barn og menn, og kva som kunne endre seg i gravskikk og anna materiale som tyda på endring. 

Kvifor Moster?

Plasseringa av Moster eller tilnærming til andre liknande stader. Dette tema kan også utforske tre- og tidlegare steinkyrkjer. Kvifor blei dei bygde på bestemte stader og kva for ein rolle spelte dei i den tidlege fasen av kyrkjeorganisasjonen? 

Munnleg og skriftleg lov

Utforsking av den gradvise overgangen frå ein munnleg kultur, til ein kultur der lover blei skrive på pergament. Kva som blei skrive ned og kvifor, når skjedde dette, korleis kan ein skilje mellom "tidlege" og "nye" rettsreglar i eitt og same manuskript, og korleis og kvifor endra dei kristne lovene seg over tid? 

Lovutvikling frå Moster fram mot 1200-talet

Utforske rolla til forsamlingar og enkeltpersonar i opprettinga av lover. I kva grad skapte praksis lov, og korleis endra prosessen med å kodifisere nye lovar seg over tid frå Moster i 1024 til Landslova i 1274. 

Les meir om det ferdigstilte programmet til konferansen 

Blå stoler i en stor aula ved Universitetet i Bergen
Universitetsaulaen er klar til å ta i mot forskarar og studentar frå nært og fjernt. FOTO: Universitetet i Bergen.


Målgruppe for konferansen

Den internasjonale forskarkonferansen vil rette seg mot den historieinteresserte, så vel som forskarar, men er open for alle.

På grunn av avgrensa plassar, er det deltakaravgift på 350 kr for to fulle dagar med program. Studentar og PhD-stillingar betalar 50 kr i deltakaravgift. Både norske og utanlandske gjester er inviterte.  

Meld deg på konferansen her! 

Fagkomité og arbeidsgruppe for forskarkonferansen

  • Alf Tore Hommedal, Førsteamanuensis i kulturhistorie ved UiB
  • Anders Winroth, professor i historie ved UiO,
  • Anna Elisa Tryti, prosjektdirektør i Vestland fylkeksommune
  • Anne Irene Risøy, professor i historie og religion ved USN
  • Kirsi Salonen, professor i mellomalderhistorie ved UiB og forskarutdanningskoordinator
  • Oddvar Johan Jensen, professor i teologi ved Det teologiske menighetsfakultet
  • Torgeir Landro, Prorektor for forsking og formidling ved NLA
  • Torstein Jørgensen, professor i kyrkje- og misjonshistorie ved VID
  • Øystein Morten, forfattar, historikar og ordførar i Rollag kommune
  • Vilde Lundal Santell, prosjektleiar og produsent for Moster 2024. 


Konferansen er eit samarbeid mellom Moster 2024, Vestland fylkeskommune, Bømlo kommune, UiB, NLA, UiO, USN, VID, SKIMCL, Middelalderklyngen og Landslovsjubileet.
 

Ekskursjon til historiske Moster

I samband forskarkonferansen som skal gå føre i Universitetsaulaen i Bergen, benyttar vi moglegheita til å dra på ein ekskursjon til plassen kor kristenretten blei satt, og 1000-årsjubileet blir markert. På vegen til Moster vil vi dra innom kulturminnet Lysekloster sett på som Noregs eldste cistercienserkloster, før vi parkerer ved ein av våre eldste steinkyrkjer, Moster gamle kyrkje. Lenge trudde ein kyrkja på Moster var den eldste i landet. Undersøkingar i 1872 konkluderte med at det ikkje fanst sikre bevis for at ho var så gamal, men at kyrkja blei bygd før slutten av 1100-talet. På Moster blir det varm lunsj før omvisning i ulike severdigheitar. Det vil også bli lagt opp tur innom dei permanente utstillingane ved Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter, samt vandring til steinkrossen som blei satt opp under 900-årsmarkeringa av kristenretten.

Ekskursjonen finn stad 19. april og krever påmelding. For meir informasjon, sjå moster2024.no 

 

 

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo