INSPIRASJON: Inspirasjon til Landslova kom sannsynlegvis frå Alfonso X av Castilla si lovbok «Las Siete Partidas» fra 1265.
INSPIRASJON: Inspirasjon til Landslova kom sannsynlegvis frå Alfonso X av Castilla si lovbok «Las Siete Partidas» fra 1265. Foto: Wikimedia Commons.

Innsikt og inspirasjon til å vidareutvikle vårt sårbare demokrati

Bergen var viktigaste sete og maktbase for kong Magnus Lagabøte, då Landslova vart lansert i Håkonshallen i Bergen i 1274. Det vert gjerne lagt vekt på at dette var byrjinga til rettstat og demokrati. Men var det så enkelt? Eller var sentraliseringa av lovverket heller eit viktig grunnlag for det dansk-norske eineveldet, som vart innført i 1660?

Magnus Lagabøtejubileet er eit nasjonalt viktig jubileum, og det har både lokal, regional, nasjonal og internasjonal interesse. Jubileet er eit utgangspunkt for vidare forsking, formidling, undervisning i skulane, kulturarrangement og eit yrande folkeliv. Jubileet vil kunne gje inspirasjon til profilering av Bergen og Vestlandet, i høve identitet, stadutvikling og berekraftig reiseliv.

Ut over kunnskap om dei historiske hendingane om lovskapingsarbeidet frå Gulatingslova med kristenretten til Landslova, er det først og fremst det sårbare demokratiet jubileet kan gje innsikt og inspirasjon til å vidareutvikle, kopla til inkludering og medborgarskap. Demokratiet står under press. Bygging av demokratiet på alle nivå gjennom styringsverk, skule, kultur og inkludering er ei viktig samfunnsoppgåve.

Kritisk historiebruk

Aktualisering av historia gjev eit betre grunnlag for å forstå samtida og sjå vår eiga tid i perspektiv, men det er naudsynt med kritisk refleksjon kring spørsmålet om historiebruken. Bruken av historia i dag, til dømes i jubilea, gjev ikkje fasit for kva hendingar i fortida som var viktige og kva samanheng hendingane har til vår tid. For å ta kristenrettjubileet og Magnus Lagabøtejubileet som døme.

Lina til rettsstat og demokrati vert ofte dregen. Men gjev det meining å sjå på sentraliseringa av retten som ei utvikling av tidlege demokratiske strukturar eller vart grunnlaget like mykje lagt for det seinare dansk-norske eineveldet?  

Kontinuerleg utvikling av eit godt samfunn  

Det er viktig er å ikkje romantisere fortida eller forenkle lesinga av fortida. Ei forenkla historieforståing, og for den del feiring av jubileum, kan gje grobotn for nasjonalistiske og ekstreme haldningar. Historia gjev uansett grunnlag for dagsaktuelle tema og diskusjonar. Det å aktualisere utviklinga av lov og styringsverk gjennom eit jubileum for Magnus Lagabøte sitt lovskapingsarbeid, er eit spennande utgangspunkt for å sette fokus på vår tids utfordringar for demokratibygging, medborgarskap og inkludering i eit fleirkulturelt samfunn. Gjennom dette kan vi også alle bli minna om at vi ikkje kan ta eit godt samfunn for gjeve ein gong for alle. Det er kontinuerleg arbeid og eit resultat av bevisste val.

Vern mot fake news

Det aller viktigaste historia kan lære oss, er evna til å sjå på samfunnsutviklinga vår med eit kritisk, skjelnande og undrande blikk. Kritisk etablering av fakta – med evne til å sjå samanheng og perspektiv som er knytta til dei, er det beste vern for at ikkje falske fakta og nyhende (fake facts og fake news) skal gje grunnlaget for kulturforståinga i samfunnet og politiske vegval.

Stadane fortel ei samanhengande historie

Religionsskifte, riksdanning og tidleg statsdanning lyt sjåast i samanheng. Jubilea kjem som perler på ei snor fram mot jubileet for Olav Haraldsson og slaget på Stiklestad i 2030.

Jubileet for Sankta Sunniva, vernehelgen for Bergen og Vestlandet, innleidde i 2020 eit tiår med markeringar der både helgenøya Selja, Kinn, Moster og Bergen med Håkonshallen og Kristkyrkja vert sett på kartet.

Og i jubileumsåret 2024 er det Moster med 1000-årsjubileet for kristenretten og Bergen og heile landet med landslovjubileet som står på kartet. Det er viktig å sjå stadane og markeringane i samanheng. Stadane fortel ei samanhengande historie, og dei fleste ligg langs kystleia der kystpilgrimsleia no skal utviklast, med nøkkelstader og pilgrimssentra. Over hav, langsetter kysten og inn fjordarmane segla skipa. Sjø og hav batt saman.

Vestlandet var maktbasen

Vestlandet var den landsdelen der Harald Hårfagre hadde maktbasen som var utgangspunkt for rikssamlinga, der kristningsprosessen skaut fart og der den tidlege riksdanninga vaks fram, med Gulating som eit av dei største og eldste lagtinga i Norden.

Frå Vestlandet vart eit oversjøisk og nordatlantisk rike bygd, og eit stort lovskipingsarbeid frå kristenrett til landslov toppa seg på 1200-talet i Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøte si tid. Landskapstinga med ei breiare deltaking og med dei eldre landskapslovene fekk med sentraliseringa av lovverket og konsolideringa av makta kring kongen, mindre medverknad og makt.

Refleksjon over styringssystem

I aktualisering av viktige historiske hendingar kan ein sentral raud tråd i dei mange markeringane vere demokratibygging gjennom lov og styringsverk. No strekte landslova seg i tid frå lovvedtak på dei fire regionale tinga til innføringa av eineveldet i Danmark-Noreg i 1660. Sentraliseringa av lovverket førte ikkje gjennom dei over 400 åra lova var gjeldande rett til demokrati, men var ei av årsakene til det motsette. I seg sjølv inviterer jubileet slik til refleksjon over styringssystem og korleis vi kan skape opne og inkluderande samfunn – og korleis det motsette kan vekse fram.

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo