Tre jenter forkledd som vikinger sloss med tresverd.
VIKINGTIDA: Landslova utfordra vikingsamfunnet på mange område. Foto: Vestland Media AS / Peter Tubaas.

Frå kristenrett til landslov - to jubileum i same år

Med kristenretten på Moster vart det tatt eit viktig steg bort frå eit vikingsamfunn til eit gryande statssamfunn, som fekk si endelege form med Landslova.

Kristenretten på Moster frå 1024 er byrjinga på ein prosess som vert avslutta med Landslova av 1274. Kristenretten vart skapt av kong Olav 1. den heilage og biskop Grimkjell, og truleg forhandla fram på eit riksdekkjande ting med stormenn frå heile landet. Føremålet med kristenretten var å omdanna samfunnet og folk sin kvardag slik at det vart i tråd med kristendomen, som den nye religionen.  

Utfordra vikingsamfunnet 

Det er ikkje slik at det før kristenretten på Moster i 1024 ikkje fantes eit organisert samfunn med eit verdigrunnlag. Vikingsamfunnet var tvert imot inngåande lovregulert, der tinget spelte ei sentral rolle som det organet som skapte, dømte etter og handheva lovene.  

I vikingsamfunnet var ætta eller klanen heilt sentral for organiseringa av samfunnet, og slaveriet viktig både for samfunnsorganiseringa og for økonomien. Kristenretten på Moster i 1024 både utfordra desse sentrale delane av vikingsamfunnet, og tilbydde ei alternativ organiseringsform og verdigrunnlag.  

Stort steinkors på toppen av en haug med utsikt over Moster på Bømlo i bakgrunnen.
VETAKROSSEN: Den store steinkrossen på Vetahaugen er eit landemerke og ei markering frå 900-årsjubileet av kristenretten i 1924. (Foto: Vestland Media AS/Peter Tubaas)


Eit heilt nytt verdigrunnlag
 

Kristenretten på Moster inneheld reglar om tinget, om forholdet mellom kyrkja og innbyggjarane, og om fattigomsorg. Slik fekk samfunnet ei organisasjonsform som ikkje var avhengig av ætta eller klanen. For eksempel kom det med kristenretten på Moster reglar om kompensasjon for reise, kost og losji for tingmennene, om kven som hadde plikt til å byggja og vedlikehalda kyrkjer og kyrkjegardar, om innbyggjarane si plikt til å gå til gudsteneste og presten si plikt til å delta i gravferder, og om kven som skulle rå over skattepengane betalt til dei fattige.  

Det sentrale i kristenretten på Moster var at alle menneske var skapt av Gud. Dermed hadde alle menneske ei verdi, og dei var ein del av same fellesskapen. Dermed var det grenser for korleis nokon kunne behandla eit anna menneske. Det gjorde at samfunnet fekk eit heilt nytt verdigrunnlag.  

Kunne ikkje lenger bære barn ut til skogen for å døy 

For eksempel kom det med kristenretten reglar som forbaud barneutbering. Det vil seia at fedre som meinte familien ikkje hadde råd til endå eit barn, som ikkje ønskte å ta vare på eit funksjonshemma barn, eller som ikkje ønskte seg eit jentebarn, ikkje lenger hadde rett til å bæra det ut i skogen for at det skulle liggja der og døy.

Eit anna eksempel er at det med kristenretten kom reglar om at det skulle setjast fri nokre slavar på tinget kvar sommar, og at utgiftene skulle fordelast på heile lokalsamfunnet.  

Gjennom å gje eit vern til det nyfødde barnet, og gjennom å gjere det til fellesskapen sitt ansvar at slavar fekk fridomen sin, viste kristenretten på Moster at alle samfunnsmedlemmar sitt liv fekk ein verdi.

Det var ein ny måte å tenkja på, og difor møtte den motstand. Men særleg i løpet av 1100-talet endra det norske samfunnet seg raskt, og slaveøkonomien opphøyrde og ætte- eller klanssamfunnet vart sterkt svekka. Dermed var det eit stor behov for ein omfattande samfunnsreform på 1200-talet. Den kom med Landslova av 1274.  

Lovarbeid inspirert av romerske keisarar  

Vi kjenner i dag ikkje det fulle omfanget av kristenretten på Moster, sidan den vart endra og erstatta av nye reglar på særleg 1100-talet. Likevel er det grunn til å slå fast at den har vore ei omfattande samfunnsreform. Truleg var den inspirert av fransk lovgjeving i tradisjonen etter Karl den store.

Landslova vart gjeven av kong Magnus 6. Lagabøter med dronning Ingeborg, Tore Biskopsson Håkonsson og Audun Hugleiksson som viktige rådgjevarar. Den var mange gonger så omfattande som kristenretten på Moster. Den var inspirert av både romerske keisarar si lovgjeving, og ny lovgjeving i Europa på Sicilia og i Spania. Likevel rekna kong Magnus Lagabøter seg fyrst og fremst som kong Olav den heilage sin etterfølgjar, og som ein som bøtte på og utvikla lov og rett slik den vart vedtatt på Moster i 1024.  

Jørn Øyrehagen Sunde held foredrag i ei kyrkje
Jørn Øyrehagen Sunde i Moster gamle kyrkje. Foto: Vestland Media AS / Peter Tubaas.

Sjå foredrag

Under Mostradagane 2023 heldt rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde foredraget "Frå kristenrett i 1024 til Landslov i 1274" i Moster gamle kyrkje.

I foredraget går han enda meir inn på kristenretten og lovutviklinga i åra etter, i tillegg til skilnadane og samanhengen med dei to jubilea. 

Sjå føredraget på YouTube 


Landslova vart ståande i 400 år
 

Der Olav den heilage måtte forhandla for å få gjennomslag for lover som bygde på tanken som alle menneske sin verdi, var dette blitt allment aksepterte samfunnsverdiar når Landslova kom 250 år seinare. Dermed kunne Landslova utvikla og byggja ut eit omfattande system for fattigomsorg, og den kunne gje kvinner arverett etter sine foreldre sjølv om dei hadde brør.

Barneutbering ville ingen forsvara lenger, og slaveriet vart heilt avskaffa. Det betyr ikkje at alle var samde om at ei omfattande fattigomsorg og kvinner sin arverett var ein god ting. Vi ser av mange av dei bevarte manuskripta av Landslova at dette var kontroversielt. Likevel vart Landslova og denne endringa av lova ståande i over 400 år, og Landslova vart populær, vidt spreidd og mykje brukt.   

Kristenretten på Moster i 1024 hadde dermed vore med å endra det norske samfunnet. Sjølv om endringane møtte motstand, kunne dei ikkje reverserast. Med Landslova vart endringane utvida og utvikla. Samfunnet ein berre såg konturane av i 1024, vart det naturlege og i all hovudsak aksepterte av dei fleste samfunnsmedlemmane med Landslova av 1274.

 

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo