Teaterførestilling på uteamfi med publikum.
FOLKEFEST: 29. mai til 2. juni blir det stor folkefeiring både i og utanfor den flotte utearenaen Moster Amfi for å feire 1000-årsjubileet. (Foto: Vestland Media AS / Peter Tubaas)

Feira fortid, forma framtid - nasjonalt lovjubileum på Moster

I 2024 feirar vi at det er 1000 år sidan innføringa av kristenretten i Noreg. Dette skjedde kring 1024 på Mostratinget på øya Moster i Bømlo kommune.

Det var Olav Haraldsson og biskop Grimkjell som på Moster introduserte rettsreglar om kyrkjehald og praktisering av kultus ved overgangen frå norrøn til kristen religion.

Kristenretten som blei vedtatt på Moster inneheldt nye lover om alt frå dåp, gravferd, gjerdehald i kyrkja, pliktene til biskop og prestar, trolldom, faste- og heilagdagar. Innføringa av kristenretten var starten på ei omfattande og radikal samfunnsomvelting som markerte byrjinga på ei ny tid, med sterkare menneskelege omsyn og auka rettsvern for individet. Etableringa av kyrkjer og rettsreglar frå den nye religionen, var difor ein del av grunnlaget for den tidlege statsdanninga i Noreg.  

1000-årsjubileet har eit historisk fundament til grunn for markeringa, men med like stort fokus på vår eiga samtid og kva spor vi finn av det tidlege lovverket i dag. Kva verdiar har forma Noreg gjennom 1000 år, og kva det er vi ønskjer skal forma framtida vår vidare. 

Målet med jubileet er å skape aktivitetar med høg grad av medverknad og dialog retta mot ulike målgrupper - med eit spesielt fokus på barn og unge. Visjonen til Moster 2024 er «feira fortid, forma framtid.» 

Fotomontasje av kyrkje og dame som held ein nøkkel.
NYE LOVER: Kristenretten som blei vedtatt på Moster inneheldt nye lover om alt frå dåp, gravferd, gjerdehald i kyrkja, pliktene til biskop og prestar, trolldom, faste- og heilagdagar. (Fotomontasje: Espen Brask Nordfonn/ Abstrakt Media)

Innføringa av kristenretten 

Med kristninga kom ideen om at det finst noko som er rett, heilt uavhengig av maktforholda i samfunnet. Fram til 1024 var styrke og makt godt nok, og derav gav makt rett.

Men med kristninga blei makt og rett skilt – rett var noko som sprang ut av Guds vilje.

Med kristenretten blei Noreg formelt eit kristent rike, men sjølve trusskiftet starta langt tidlegare. Kristendommen vant fyrst innpass i kystområda som var i tett kontakt med utlandet. Det er grunn til å tru at religionen fyrst fekk fotfeste blant samfunnet sitt leiande lag – dels fordi dei hadde flest kontaktar utover, dels fordi trusskiftet hadde kongen som pådrivar, og blei eit strategisk spørsmål. Motstand mot den nye trua blei kopla saman med motstand mot kongen, og motsett innebar ei rask omvending og gode vilkår hos kristningskongane Håkon den gode, Olav Tryggvason og Olav Haraldsson. 

Monumenta av dei tre eminente som prøvde å få kristendomen inn i Noreg via Moster: Olav Tryggvason, Biskop Grimkjell og Olav Haraldsson.
MONUMENT: Dei tre eminente som prøvde å få kristendomen inn i Noreg via Moster: Olav Tryggvason, biskop Grimkjell og Olav Haraldsson. Foto: Åge Avedal, Vestland fylkeskommune.

Noregs nye religion 

Kristenrettane var i byrjinga spede forsøk på å sikra at folk overhaldt dei mest grunnleggjande reglane for kristne.

Slik blei kvardagen langsamt erobra av kristendomen gjennom nye reglar og verdiar. Etterkvart blei folk sitt kvardagsliv òg prega av den kristne læra, kor trælskap og hemnrett stod for fall, og kvinner og fattige fekk nye rettar.

Kristenretten kong Olav Haraldsson fekk vedtatt på Moster var difor eit viktig steg frå kristning av personar og mindre samfunnseiningar, til kristning av heile samfunnet.  

Kvifor Moster? 

Ein kan undre seg over kvifor Moster, ein liten stad på Vestlandet, blei så viktig i historia om kristninga av Noreg. Kjeldene fortel at det blei halde eit offisielt møte på Mostratinget mellom kong Olav Haraldsson, biskop Grimkjell og tingmennene. Det er også kjent frå kongesogene at Olav Tryggvason gjekk i land her i 995 og let byggja den fyrste kyrkja i Noreg. Dette var nok ei mindre trekyrkje, ettersom tre på den tida var rimelegare enn stein. 

Bilete av publikum på utetribune
FULLE TRIBUNAR: Arrangementa i Moster Amfi har i ei årrekke trekt mykje publikum, og det er venta like mange til jubileumsarrangementa i 2024. (Foto: Bodil Haga/ Moster Amfi)

Folkefeiring på Moster

Frå 29. mai til 2. juni kan du vere med på ei stor folkefeiring på Moster, både i og utanfor den flotte utearenaen Moster Amfi, for å feire 1000-årsjubileet.

Les meir om prosjekta til Moster 2024 og jubileumsveka på moster2024.no 

 

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo