foto av gammel dokument
RETTARBØTER: Rettarbøter vart av og til lagt til i margen på eldre Landslov-manuskript. Biletet viser Kongsbókin-manuskriptet, truleg skrive i Bergen på byrjinga av 1300-talet. Teksten som vart lagt til er ei rettarbot av kong Håkon Magnusson for Færøyane. (Arkivreferanse: Kungliga biblioteket, Holm perg. 33 4to, ff. 73v-74r. Foto: Tjóðskjalasavnið, Tórshavn.)

Eit første steg mot moderne lovgiving

Landslova speglar både politikk og samfunn på ein annan måte enn tidlegare lovbøker i Noreg.

Landslova er eit produkt av ein lang tradisjon med lovgiving knytt til ulike landsdelar av Noreg som går tilbake til slutten av vikingtida.
Mykje hadde endra seg innan 1274. Riket var stabilisert og kongemakta styrka. Magnus Lagabøte presenterer seg i lova direkte som lovgivar, og brukte lovgivinga som eit verktøy for samfunnsbygging og statsstyring. Gjennom diplomatiske samband og inspirasjon frå europeisk høvisk kultur fekk nye idear rotfeste. Fleire norske geistlege og juristar studerte ved universitet som Bologna og Paris, og tok med seg ny kunnskap heim. Det er derfor ikkje ei overrasking at det finst påverknad frå justiniansk romersk lov og kanonisk rett i Landslova. Lova vart mest sannsynleg skriven på kongsgarden på Holmen i Bergen, og er den tredje eldste riksdekkjande lova i Europa.

Normativ lovgining 

Mykje meir enn dei tidlegare norske landskapslovene, er Landslova basert på normativ lovgiving. Den tek utgangspunkt i normal åtferd som blir rekna som god og ønskjeleg, medan andre er dårlege og utillatelege. Det normative aspektet i Landslova kan dermed fungere som eit første steg mot ei lovgiving som vi reknar som moderne i dag.

Ei balansert straff

Då Landslova vart innført, hadde Noreg lenge vore kristna, og mange av dei eldre moralverdiane frå førkristen tid var forelda og hadde i lang tid vore forbode.
Kristen etikk på 1200-talet var dermed basert på forkynninga om bot og omvending frå dei kyrkjebøkene som vart brukte av klosterordenar, og som hadde sterk innverknad på utdanninga og kulturlivet ved kongehuset på Holmen. 
I tillegg til grunnleggande bibelske prinsipp som dei ti bod, var tema i allmenn kristen etikk som dødssynder, gode gjerningar, dygder og ikkje minst tru viktig for rett rettsforståing i norsk høgmellomalder.
Til liks med andre norske verk skrive i kong Magnus Håkonsson si levetid, er det særleg vurderinga av omstenda og ei balansert straff dommaren bør leggje større vekt på, enn ei direkte utøving av instruksjonane gitt i eldre lover.

foto av gamalt dokument
ILLUMINASJON: Berre tre norske landslov-handskrifter frå mellomalderen inneheld illuminasjonar som har samanheng med teksten. Dette dømet er eitt av dei tre, og viser byrjinga på prologen til Landslova. (Arkivreferanse/foto: Lund, Universitetsbiblioteket, Mh 15, f. 61v)

Ni bolkar

Landslova er delt inn i ni avgrensa bolkar som inneheld ulike større tema. Mellomalderske manuskript blir ofte innleidde med store, illuminerte bokstavar. Landslova inneheld til saman elleve delar, og ni er kalla bolkar:

Rettarbøtene i mellomalderpolitikk

I tillegg inneheld Landslova ein prolog og ein avsluttande del med epilog og rettarbøter, som er korte tekstar som inneheld lovendringar. Medan prologen og epilogen ikkje er rekna som direkte delar av lova, er rettarbøtene meinte å bli brukte saman med delar av dei ni bolkane.
Rettarbøter speglar vidfemnande tema i mellomalderpolitikk, som den pågåande kampen mellom konge og kyrkje, men også ulike samfunnsbehov og handel. Dei er ofte retta mot byar eller regionar, og er særleg ofte utskrivne av dei to norske kongane etter Magnus Håkonsson: Dei to sønene hans: kong Erik (1280-1299) og kong Håkon (1299-1319).

Landslova gjaldt for Norgesveldet

Ei rettarbot som omhandlar Færøyane vart skrive i margane til ei handskrift som sannsynlegvis vart brukt på den nordatlantiske øygruppa på 1300-talet. Då Landslova vart innført bestod det såkalla Noregsveldet ved sida av Noreg av Færøyane, Orknøyane, Shetland, Island og Grønland. Utanom Island gjaldt Landslova som rettssystem på alle desse delane av den nordatlantiske regionen fram til midten av 1400-talet og utover.

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo