Meld frå om tiltak på verna bygg og anlegg

Bygningar og kulturmiljø i lokalsamfunnet fortel oss om historia vår og er viktige å ta vare på for ettertida. Dei treng ikkje vere spesielt gamle, bygningar frå 1950-talet eller nyare kan også vere verneverdige. Her kan du melde frå om tiltak på verna bygg og anlegg.

Eit verneverdig eller bevaringsverdig kulturminne er eit kulturminne som har gjennomgått ei kulturhistorisk vurdering og er identifisert som verneverdig. Bygningar og anlegg med lokal eller regional kulturminneverdi kan sikrast for framtida ved å gi dei eit formelt vern etter plan- og bygningslova.

Kva for saker skal du sende til fylkeskommunen?

Det er ulike kriterium for kva saker som skal sendast til fylkeskommunen og ikkje. Kommunen skal innhente uttale frå fylkeskommunen før det blir fatta vedtak om riving eller vesentlege endringar av bygningar frå før 1850. Slike bygningar er omfatta av kulturminnelova § 25.

Nyare eigedomar kan vere regulerte til

  • spesialområde bevaring etter gamal plan- og bygningslov § 25.6
  • omsynssone bevaring kulturmiljø etter ny plan og bygningslov §§ 11-8, 12-6 og 12-7

Tiltak på bygningar og anlegg av lokal verdi som er regulerte til anten spesialområde bevaring eller omsynssone, kan sendast til fylkeskommunen for vurdering. Kommunane må sjølve vurdere om dette er dette er nødvendig eller ikkje.

Dersom bygningane og anlegga har nasjonal verdi, skal dei sendast til fylkeskommunen.

SEFRAK-registeret

Nasjonalt bygningsregister, SEFRAK er eit landsdekkande register over eldre bygningar og andre kulturminne. Registreringa blei gjort mellom 1975 og 1995. Dei fleste bygningar frå før 1900 er SEFRAK-registrerte. Det betyr ikkje at bygningen har eit formelt vern, men er ein indikasjon på at han kan vere verneverdig.

Tiltak som gjeld SEFRAK-registrerte bygningar oppført etter 1850, som kommunen ser kan ha kulturhistorisk interesse utover lokal verdi, kan sendast over til fylkeskommunen. Her bør kommunen først gjere ei vurdering, men ta kontakt med fylkeskommunen ved tvil.

Mange kommunar i Vestland har laga eigne kulturminneplanar. Det er temaplanar som tek føre seg dei viktigaste lokale kulturminna. Planane gjev ikkje direkte vern av kulturminna, men er eit godt utgangspunkt når kommunane skal prioritere lokale kulturminne. Dei prioriterte kulturminna og kulturmiljøa skal ligge som grunnlag for kommune- og reguleringsplanar.

Bygge- og rivesaker på bygningar som er vurderte til å ha høg verneverdi i kommunale kulturminneplanar, bør sendast til fylkeskommunen.