Tilbod til skule
Seksjon for bibliotekutvikling gir råd og rettleiing til kommunar om samarbeid mellom folkebibliotek og skule. I tillegg har vi tilbod om klassesett som skulane kan nytte seg av.
Tilgang til skulebibliotek
Opplæringslova § 15-5 seier at alle elevar skal ha tilgang til skulebibliotek.
Om skulen ikkje har eige bibliotek, skal tilbodet sikrast gjennom samarbeid med anna bibliotek (sjå forskrift til opplæringslova). Dette vil som oftast vere folkebiblioteket.
Om skulebibliotek i forskrift til opplæringslova
§ 11-2 Skolebibliotek
Skolebiblioteket skal bidra til å utvikle språkferdigheitene, leseferdigheitene og evna til å tenke kritisk hos elevane, og til å jamne ut sosiale forskjellar.
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane har tilgang til eit skolebibliotek eller eit anna bibliotek som er særskilt tilrettelagt for skolen. Biblioteket skal vere tilgjengeleg for elevane i skoletida, slik at biblioteket kan brukast aktivt i opplæringa på skolen.
Tilskot til skulebibliotek
Kommunane kan søke om tilskot frå Utdanningsdirektoratet for å utvikle skulebiblioteka og styrke arbeidet med lesestimulering. Ein føresetnad for å søke tilskot er at ein har ein plan for bruk av skulebiblioteket i opplæringa. Vi har utarbeidd forslag til ein slik plan, som kan brukast som utgangspunkt for eigen plan.
Andre ressursar
- Søk og finn klassesett
- Strategisk plan for utvikling av skulebiblioteka i Vestland fylkeskommune 2021-2024 (pdf)
- skolebibliotek.no - ressursside for skulebibliotek frå Universitetet i Agder