Spørjeundersøking til folkebiblioteka

Resultat frå spørjeundersøkinga til folkebiblioteka våren 2020.

Vestland fylkeskommune, seksjon for bibliotekutvikling, gjennomførte våren 2020 ei spørjeundersøking retta mot folkebiblioteka.

Med ny fylkesgrense og nye kommunar ønskte vi å gjere oss kjende med status i biblioteka, finne ut kva behov dei har for tenester frå fylkeskommunen, og om vi treffer med tenestene vi tilbyr no.

Tema i undersøkinga er i hovudsak basert på tema i kulturplanane i dei to tidlegare fylka, samt Nasjonal bibliotekstrategi 2020-2023. Svara vil bli brukte i planlegging og prioritering framover.