Prosjekt og prosjektutvikling
For styrke biblioteka og bibliotektilbodet i fylket arbeider vi med ulike utviklingsprosjekt
Vi arbeider både med eigne prosjekt, i samarbeid med biblioteka i fylket, og støttar biblioteka i deira prosjektarbeid.
Hjelp til prosjektsøknader
Seksjon for bibliotekutvikling rettleiar og hjelper biblioteka med søknadsskriving, ta kontakt om du treng råd eller ein sparringpartnar.
Vi har også møte og verkstader om søknadsskriving for biblioteka, gjerne i samband med utlysing av midlar frå Nasjonalbiblioteket. Vi gir også individuell rettleiing på enkeltsøknader.
Seksjonen sine prosjekt
Under finn du informasjon om nokre pågåande og avslutta tiltak.
Kjelda
Prosjektperiode: 2017-2020. Støtta av Nasjonalbiblioteket.
Korleis gir vi brukarane dei gode kjeldene? Vi er engasjerte i tema i tida. Vi kan søke. Vi har med oss mobile oppslagsverk, og vi er logga på det meste av dagen. Finn vi sann, nøytral informasjon? Biblioteka har ei truverdig stemme i informasjonsflaumen, men dei kan med fordel snakke høgare. I prosjektet «Kjelda» er målet å gi brukarane dei gode kjeldene og samstundes eit breiare bilde av kva biblioteket kan by på.
For bibliotektilsette er det ei utfordring både å ha oversikt over dei gode kjeldene til kvar tid, og å vite korleis dei best kan formidle dei vidare. Hovudmålet med «Kjelda» er å sitje att med effektive metodar for å formidle gode kjelder, som vi kan halde fram med etter prosjektperioden. Biblioteknettstadene har mykje å by på for innbyggjarane i kommunane. Målet med prosjektet er også at fleire skal finne og dra nytte av innhaldet og tenestene til biblioteka.
Ta gjerne kontakt med prosjektleiar Terje Haugsgjerd om du har spørsmål eller innspel.
Rom for møte
Prosjektperiode: 2017 - 2020. Støtta av Gjensidigestiftelsen.
Det Felles Innvandrerråd i Hordaland har saman med Bergen Offentlige Bibliotek og Hordaland fylkesbibliotek fekk nye 1 420 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen i desember 2018, til å vidareføre arbeidet med å vise mangfald og auke integreringa mellom nordmenn og innvandrarar i prosjektet Rom for møte. Prosjektet har tidlegare motteke 1 million.
I 2018 var det tiltak i sju kommunar. Det blei arrangert Rom for møte-turné i Askøy, Fjell og Sund.
Ta gjerne kontakt med prosjektleiar Terje Haugsgjerd om du har spørsmål eller innspel.
Modellbibliotek
I modellbibliotekprogrammet får bibliotek støtte til å utvikle biblioteket til gode formidlings- og møteplassar. Les meir om modellbibliotekprogrammet.
Avslutta prosjekt
- Nynorske turbibliotek vart oppretta som ein del av dagsturhyttene i Sogn og Fjorsdane for å stimulere til lesing og for å synleggjere biblioteka i kommunane. I turbibliotekprosjektet ville vi skape felles tur- og litteraturopplevingar og prøve ut dagsturhytta som bibliotekets formidlingsarena.
Sluttrapport Nynorske turbibliotek i Sogn og Fjordane
Les meir om vidareføring av prosjektet i Vestland. - Lettare litteraturnett - eit prosjekt dei ein ville utvikle ein metode for å bygge opp lokale litteraturnett på ein enkel måte.
Sluttrapport "Lettare litteraturnett" -
Prosjektet Lesarhistoria - ny veg til lesaren handla om samarbeid mellom barnehage og bibliotek og mellom skule og bibliotek. Det fireårige prosjektet dreia seg om formidling med utgangspunkt i barn og unges lesarhistorier, deira bakgrunn og lesevanar. Målet var å utvikle metodane vi brukar for å formidle litteratur til barn og unge.
Rapport frå prosjektet
Fagbok med utgangspunkt i prosjektet: Litteraturformidling i lokale bibliotek – møte mellom teori og praksis - Sluttrapport frå Sterk, Spenstig og klar, 2014-2017
- Sluttrapport Saman for framtida