Erasmus+ - reiser i Europa

Bibliotekutvikling nyttar EU-programmet Erasmus+ (2021–2027) Mobilitet i vaksenopplæringa til å gi bibliotektilsette i Vestland høve til å lære meir gjennom reiser i Europa.​

Vi koordinerer eit konsortium beståande av folkebiblioteka i Vestland i perioden 2021–2027. For å kunne bruke desse midlane, må folkebiblioteka be om å bli partnar i konsortiet. Alle tilsette i biblioteka som er knytt til konsortiet og hos koordinator, kan delta i aktivitetane.

Folkebiblioteka sine tenester er endra frå å fokusere på utlån til aktivitetar retta mot mange forskjellige målgrupper. Tilsette i biblioteka har i aukande grad blitt instruktørar og rettleiarar i ulike møte med publikum. Folkebiblioteka driv individuell rettleiing og litteraturformidling, men held også kurs til grupper i t.d. bruk av digitale offentlege tenester og språktrening for flyktningar og innvandrarar. Bibliotektilsette har i større grad enn tidlegare måtte lære seg å stå framfor ei forsamling for å presentere arrangement, intervjue forfattarar eller formidle til ulike målgrupper i alle aldrar.

Mål for programmet

EU-programmet Erasmus+ (2021–2027) Mobilitet i vaksenopplæringa gir lærarar, pedagogisk personell og andre tilsette moglegheit til å heve kompetansen sin, utveksle erfaringar med kollegar i andre land samt styrke sine ferdigheiter og kvalifikasjonar. Dessutan er det mogleg å ta del i internasjonale kompetansehevande aktivitetar. 

Ein kan søkje om støtte til reise, opphald og kursavgift til hospitering/jobbskugging, deltaking på kurs og ein kan invitere utanlandske ekspertar til Noreg.

Meir informasjon om programmet på nettsida til Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse  

Mål for prosjektet i Vestland

  1. Auke formidlingskompetanse og bruk av ny teknologi i aktivitetar og formidlingstilbod
  2. Utvikle nye tenester og nå nye målgrupper gjennom samarbeid
  3. Betre den pedagogisk kompetansen i biblioteka.

Rapportar frå tidlegare reiser