Forfattarar frå Vestland

Forfattarar frå Sogn og Fjordane

På nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane finn du artiklar om forfattarar med tilknyting til Sogn og Fjordane. 

Forfattarar på denne nettstaden bur eller har budd i Sogn, Sunnfjord eller Nordfjord over lengre tid, har skrive skjønnlitteratur eller fagprosa retta mot ålmenta , og har skrive i form av artiklar, bøker, småstykke, dikt mm. Både nolevande og tidlegare forfattarar er tatt med.
Det er tidlegare Sogn og Fjordane fylkesbibliotek som har oppretta nettstaden. Meir om Forfattarar frå Sogn og Fjordane.

Vestlandsforfattere

Bergen offentlige bibliotek har ei oversikt over forfattarar med tilknyting til Vest-Noreg, og har også intervju og omtalar. 

Norsk forfattersentrum

Norsk forfattersentrum Vestlandet formidlar m.a. kontakt med forfattarar for formidlingsoppdrag. I forfattarkatalogen finst ei oversikt over forfattarar i Vestland fylke.