Innsyn og tilgjenge

Dei fleste privatarkiva vi oppbevarer er opne for publikum. Reglane er som for offentlege arkiv når det gjeld innsyn i dokument som inneheld teiepliktige opplysingar. For privatarkiva gjeld det dessutan at arkiveigar har høve til å bestemme bruk og innsyn, og nokre privatarkiv kan difor vere heilt eller delvis sperra for ålmenn bruk.

Bruken av arkiva er gratis og lesesalen er open for alle. Det er òg mogeleg å tinge digitale kopiar av arkiv, innanfor rimelege grenser, og få desse tilsendt elektronisk.

Privatarkiva vi oppbevarer kan du søke fram via Arkivportalen, som er ein nasjonal inngang til arkiv oppbevarte i norske institusjonar. Utvalde delar av privatarkiva har blitt digitalisert og publisert på internett. Mykje av det er møtebøker frå arbeidarpartilag. Det digitale materialet er tilgjengeleg i webarkivet Digitaliserte dokument.