Foto

Foto er viktige kjelder til kunnskap om fortida og samtida; Dei fortel oss både om korleis samfunn, busetnad og mykje meir har endra seg over tid, og om korleis sjølve fotografiet som uttrykksform har utvikla seg opp gjennom historia. Fylkeskommunen arbeider med innsamling, vern og formidling av eldre fotografisk materiale frå heile Vestland.

Vi forvaltar ei omfattande samling med kring 700 000 foto frå heile fylket. Vi arbeider kontinuerleg med å digitalisere materialet, og vel 130 000 foto er no tilgjengeleg i vårt webarkiv.

Bruk av foto

Alle bileta i fotoarkivet er i prinsippet tilgjengelege for bruk. Materiale som vi oppbevarer i original kan du studere på lesesalen vår etter avtale, og alt digitalisert materiale finn du i webarkivet for foto. Der kan du bestille biletkopiar i ulike format til privat og offentleg bruk.

Kva kan du bruke utan å betale?

Deler av fotosamlinga er tilgjengeleg på Flickr Commons . Bilete som ligg her kan du bruke fritt. Ta bileta i bruk og del din kunnskap om fotografia med oss og andre!

Bilete frå webarkivet for foto kan du også laste ned som dei er og nytte vederlagsfritt, men berre til privat bruk (ikkje offentleggjering/publisering).

Ønskjer du biletkopiar i andre format eller kvalitetar enn det som er publisert på Flickr eller i webarkivet, eller med redigering/retusjering, gjeld våre ordinære vilkår og prisar (sjå under).

Korleis bestille foto

I webarkivet for foto kan kvart enkelt bilete leggast til i eit bestillingsskjema. I menyen øvst vil du få ei oversikt over bestillinga, der du også fyller inn ytterlegare informasjon og sender bestillinga. Leveringstid er inntil 3 veker.

Du vil bli bedt om å fylle inn følgjande informasjon i bestillingsskjemaet:

  • Namn på bestillar, adresse, telefonnummer, e-postadresse
  • Fakturaadresse (dersom faktura skal sendast til ein annan enn bestillar)
  • Organisasjonsnummer (gjeld ikkje privatpersonar)
  • Bruksføremål (er biletet/bileta til privat eller offentleg bruk, i så fall kva; er føremålet kommersielt; kva er tittel på trykksak eller produkt).
  • Anna informasjon om bestillinga (filtype, storleik, andre kommentarar og spørsmål)

Ønskjer du å bestille foto som ikkje er digitaliserte eller tilgjengelege på webarkivet, ta kontakt med fotoarkivar.

Alle bestillingar får eit ekspedisjonsgebyr på kr 50,-. Sjå elles oversikta under for prisar per biletkopi.

Hastelevering (2 verkedagar) kan utførast etter avtale, med eit gebyr på kr. 200,- per bilete. Leveringstid er elles inntil 3 veker.

Digitale filer

  • Privat bruk (ikkje offentleggjering/publisering)               kr 100,-
  • Offentleg bruk:
    • Redaksjonell bruk i vitskaplege publikasjonar
      og frivillige organisasjonar                                          kr. 100,-
    • Redaksjonell bruk i utstilling, TV, film,
      bøker, tidsskrift, aviser, internett                                 kr. 600,-
  • Profileringsmateriale, skilting, offentleg utsmykking       kr. 1000,-

Biletkopiar levert på fotopapir

  • Opptil 20 x 25 cm       kr. 180,-
  • 24 x 30 cm                  kr. 250,-
  • 30 x 40 cm                  kr. 300,-
  • 40 x 50 cm                  kr. 500,-

Forholdet mellom høgde og breidde varierer på dei ulike originalane, og biletstorleiken vil difor kunne avvike frå desse standardstorleikane.

Dei fleste objekta i Fylkesarkivet sine webarkiv er merka med ei opplysning om om, og eventuelt korleis, du kan gjenbruka materialet. Dersom lisens ikkje er oppgitt på objektet må du ta kontakt med Fylkesarkivet før du gjenbruker materialet.

Her finn du ei skildring av dei ulike lisensane.