– Å gå frå å vere elev til å jobbe med elevar var fascinerande.

Møt Jeba Humayra Ali, lærling i kontorfaget.

Jeba er tidlgare lærling i kontorfaget og har jobba hos Vestland fylkeskommune i tre år. Før ho blei lærling gjekk ho på Stend vgs. på service og samferdsel (i dag heiter faget sal, service og reiseliv).  

– Å gå frå å vere elev til å jobbe med elevar var fascinerande, seier ho.

Plutseleg fekk lærlingen Jeba sjå bak sceneteppet, alt arbeidet som elevane ikkje ser.

– Det var veldig interessant og lærerikt. Å jobbe i full stilling saman med kjekke kollegaer var ei god oppleving.

Arbeidsoppgåvene har vore varierte og forskjellige. Ho har mellom anna arbeidd med søknadar knytt til bortebuarstipend for lærlingar, skrive referat, jobba med inntak, svart på og sendt e-postar, arrangert samlingar for seksjonen med hotellovernatting og rådgjevarsamlingar for dei vidaregåande skulane, vore med og arrangert privatisteksamen, deltatt på webinar, jobba i resepsjonen og mykje meir. 

– Eg har også engasjert meg ved å bli med i ei samarbeidsgruppe for russen der Bergen kommune, Trygg trafikk og politiet er med, seier Jeba, som oppfordrar nye lærlingar til å engasjere seg. 

Vil du også bli lærling? Sjekk ut lærlingsida vår, der du òg finn Jeba sine ti råd til lærlingar!

Sida er oppdatert 22. november 2023. Jeba er no ferdig som lærling og jobbar som konsulent ved Amalie Skram vgs.