Bli lærling i Vestland fylkeskommune

Vi har i dag 75 lærlingar som jobbar på skuler eller i ulike avdelingar spreidd rundt i fylkeskommunen.

To lærlingar ved PC
Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkekommune.

Når du er lærling utdannar du deg til eit yrke. Hos oss vil du få både opplæring og praksis i faget. Du kan òg gå i lære som lærekandidat eller ta praksisbrev.

I Vestland fylkeskommune tilbyr vi læreplass i desse faga:

  • barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • byggdriftarfaget
  • dataelektronikarfaget
  • hestefaget
  • dyrefaget
  • IKT-driftsfaget
  • ernæringskokkfaget
  • kokkfaget
  • service- og administrasjonsfaget
  • reiselivsfaget
  • salsfaget
  • medieteknikkfaget
  • gartnarfaget
  • renholdsoperatørfaget

Kven kan bli lærling?

Du må normalt ha fullført og bestått relevant vg1 og vg2.

Kor mykje får du i løn som lærling?

Løna til lærlingar er ein prosentvis del av minsteløn for fagarbeidarar. For tida er minsteløna for lærlingar 389 000 kr. Minsteløna for ein lærling som følger hovudmodellen for opplæring i skule/bedrift er fordelt slik:

  • 1. halvår: 30 prosent
  • 2. halvår: 40 prosent
  • 3. halvår: 50 prosent
  • 4. halvår: 80 prosent

Korleis søker du lærlingeplass hos oss?

Hovudopptaket skjer gjennom vigo.no som er ein nasjonal søknadsportal for alle vidaregåande skular. Søknadsfristen er 1. mars kvart år. Nokon læreplassar blir i tillegg lyste ut elles i året, desse vil du då finne under våre ledige stillingar

Denne sida blei sist oppdatert 29. juni 2022.