– Du må tørre å gjere noko nytt. Gjer du det same kvar dag, utan å utfordre deg sjølv, lærer du ikkje noko, meiner Hedvig Hjertaker. 

Hedvig har i tre år jobba som tannpleiar ved tannhelsetenestas kompetansesenter i Vestland fylkeskommune (Tk Vestland). Ho jobbar spesielt med dei som har sterk angst for tannbehandling. I fjor trappa no ned til 40 prosent for å førebu seg på ein heilt spesielt tur. 

Hedvig veit nemleg veldig godt korleis det er å gjere noko utanom det vanlege. I januar vart ho verdas yngste kvinne som har gått aleine til verdas sydlegaste punkt. Det er ei erfaring som langt fleire enn henne kan lære og dra nytte av. 

Populær foredragshalder

– No er eg framleis 40 prosent tannpleiar, men er i tillegg «120 prosent» foredragshalder. 

På sjølvaste kvinnedagen 8. mars i år hold hun sitt aller første foredrag, og dagen etter var hun bland dei aller første som fekk tale i Vestlandssalen, under fylkesordføraren sitt Vestlandsmøte. Med levande skildring og motiverande foredrag, bergtok ho den fullsette salen, og fekk rungande applaus.

Hedvik Hjertaker på podiet i Vestlandshuset.
FRYSEPINN FRÅ BERGEN: Tannpleiaren fortalde historia om korleis ein frysepinn frå Bergen som ikkje kunne smøre ski, sette seg eit mål, trassa motgang og nådde Sørpolen aleine. Foto: Jennifer Fossnes, Vestland fylkeskommune.

Det blei lagt merke til, og ho har no skaffa seg ein eigen avtale med fylkeskommunen om å halde foredrag for elever på vidaregåande. Då snakkar ho om korleis takle motgang og dårlege dagar, reise seg igjen og bruke styrken sin til noko positivt. 

Hedvig kan alt om dette. Først fekk ho kyssesjuken og sov nesten eit heilt år. Så mista ho mor si til kreft i 2020. 

– Eg har vore gjennom to heftige rundar med motgang. Det var då eg bestemte meg for å sette meg eit mål – gå til Sørpolen, fortel ho.

– Kan ikkje ha mot på termos

– Modig er eit av verdiane til Vestland fylkeskommune. Kva vil det seie å vere modig for deg?

– Noken trur eg er modig fordi eg gjekk til Sørpolen. I møte med ekstremvêr, frykt, einsemd og ubehagelege kjensle måtte eg ofte bli modig i Antarktis, men ikkje meir modig enn dei som til dagleg står i urettferd og smerte. Vi må alle ha litt mot kvar dag. For å sitere polfarar Erling Kagge: «Mot er ikkje noko du kan oppbevare på termos». Mot er ikkje noko som bare er der når du treng det, men alle kan bli modige når dei må. Selv synes eg det er vel så modig å handtere alvorleg sjukdom eller tørre å stå opp for seg sjølv eller andre som det er å gå til Sørpolen. Akkurat i dag har eg ikkje gjort noko modig, seier Hedvig, og legg til: 

– Eg synes ein alltid må ha noko å strekke seg etter, for å utvikle seg. Viss du gjer det same og kjente heile tiden, utviklar du deg ikkje.

Meir modig å møte opp enn å bore i ei tann

I jobben møter ho kvar dag personar som er kjempemodige. Det er ikkje sikkert at dei kjenner på det sjølv, men pasientane som kjem til henne på TOO*-teamet har sterk angst for tannbehandling. Dei har tannlegeskrekk av ulike grunnar. Nokon har opplevd orale overgrep, vald eller tortur, andre har hatt vonde tannlegebesøk i barndomen som sit i kroppen.

(* TOO står for tilrettelagt tannhelsetilbud til tortur- og overgrepsutsatte og personar med sterk angst for tannbehandling (odontofobi))

Når dei kjem til senter for odontofobi ved Tk Vestland har dei tatt første steg i å gjere noko med saken. For mange har tanken modna ein god stund, ventelista er lang, det kan ta opp mot eit år å få hjelp. 

– Vi som jobbar her er modige som møter alle som vi behandlar med sine liv og historier. Og pasientane er også utruleg modige! Det er stor skilnad på å bore i ei tann og å komme til klinikken. Det er mest modig å ta det første steget og møte opp, fortel ho.  

– Det å vere modig fører til mestring, og mestringstro. Har du møtt mye motgang vil du se at du tåler mye. Viss du aldri setter deg i ein vanskeleg situasjon vil vi aldri få trua på at vi vil få til nye ting. Man må tore litt og litt, steg for steg, seier ho. 

Frykta for livet – brukte teknikk frå jobben

Alt gjekk ikkje knirkefritt dei 49 dagene til polpunktet. På eit tidspunkt slutta solcellepannelet på pulken å fungere. Det var sjølve livlinen til verda utanfor. 

– Då var eg redd for mitt eige liv. Eg kjente på ekle tankar og følte at alt gjekk i ein nedadgåande spiral. Frykten tok meg! Eg fekk kjenne på frykt slik mange av pasientane mine kjenner det. For frykten er lik for kroppen uansett kva man er redd for. Då brukte eg teknikkene som eg brukar på pasientane for å komme meg vidare, fortel ho. 

Smile og helse kollegaer ein god morgon

– Kva for motivasjonsråd har du for oss på jobb?

– Livet er ikkje berre solskinsdagar, nokre dagar er det drit å vere på jobb. Sett deg konkrete mål å strekke deg etter, både på jobb og heime. Sjølv har eg eit mål om at eg kvar morgon skal møte mine kollegaer med eit smil og ønskje alle ein god morgon, fortel ho.

På jobb kan eit mål vere å vere ein betre kollega eller leiar, spe glede i kontorlandskapet, dele kunnskap, lære noko nytt, eller snakket med nye folk.

– Det viktigaste er å ha noko å strekke seg etter på jobben, og ikkje gjere det same igjen og igjen. Utfordring skaper utvikling!

 

Sjå foredrag

Du kan du sjå foredraget til Hedvig på nett-tv , spol til 00.43.20.