Vidare arbeid med Nasjonal transportplan

– Møtet i dag handla om korleis vi kan sikre det vi har fått vedtatt i NTP, seier fylkesordførar Jon Askeland.

VEGEN VIDARE: Fylkesordførar Jon Askeland vil følgje opp arbeidet med Nasjonal transportplan.
VEGEN VIDARE: Fylkesordførar Jon Askeland vil følgje opp arbeidet med Nasjonal transportplan.

Nasjonal transportplan 2022-2033 vart vedteke i Stortinget 14. juni i år. Vestland fekk ganske god utteljing for store statlege prosjekt. NTP-arbeidet skal no eit steg vidare.  

–No må vi følgje opp det gode arbeidet vi har gjort, og drøfte strategi for arbeidet vidare. Det har vore ein fantastisk innsats og nettverk som har jobba saman. Utellinga i NTP overgjekk det vi våga å håpe på, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland fylkeskommune.

Fylkesordføraren har med seg nokre punkt vidare i arbeidet:

– Vi må sikre framdrift, halde budsjett og jobbe med oppdraget til etatane til neste rullering. I 2023-24 vert ei ny hektisk runde, så det er viktig å bruke denne perioden på det vi har fått igjennom.

Vestland fylkeskommune følgjer mellom anna opp arbeidet med Nasjonal transportplan gjennom deltaking i kontaktutval, interesseselskap og organisasjonar. Det var representanter for alle pådriverorganisasjoner som fylkeskommunen deltar i på møtet.

Her finn du presentasjonane frå møtet 2. november 2021:  

Vestland fylkeskommune - Jon Askeland
Statens vegvesen - Kjell Inge Davik
Riksveg 15 - Per Kjøllesdal
Stamvegutvalet Sogn og Fjordane - Jenny Følling 
Stamvegutvalet E16 - Vidar Eltun
Fjordvegen rv. 13 - Jostein Eitrheim
Haukelivegen AS - Pål Kårbø
Forum nye Bergensbanen - Hilde Magnusson
Nasjonal rassikringsgruppe - Jenny Følling