Invitasjon til innspelsmøte om Nasjonal transportplan 2022-2033

Eg legg stor vekt på involvering av samarbeidspartar i Vestland i arbeidet med Nasjonal transportplan. Difor ønskjer eg velkomen til innspelsmøte om Nasjonal transportplan 2022-2033.

Møtet er på Radisson Blu hotell på Bryggen i Bergen fredag 27. mars
kl. 10.00-13.00.


I februar gjennomførte fylkeskommunen tre regionale innspelsmøte. På bakgrunn av at samferdselsetatane har fått frist til å levere sine framlegg til prioriteringar for samferdselsdepartementet med frist 13 mars, ser eg behov for ytterlegare eit innspelsmøte. På møtet vil m.a. samferdselsetatane orientere om sine framlegg til prioriteringar med betyding for Vestland. Deretter blir det moglegheit for dei samarbeidspartane som ønskjer det å ha innlegg på inntil tre minutt med innspel til fylkeskommunen sitt høyringsfråsegn til Nasjonal transportplan.

Ytterlegare informasjon og påmelding til møtet finn de på https://www.vestlandfylke.no/kalender/2020/innspelsmote-om-nasjonal-transportplan-20222033/
Eg ber om påmelding innan 24. mars.

Eg minner samstundes om at vi i brevet som blei sendt ut 20. februar 2020 har invitert samarbeidspartar til å kome med skriftlege innspel til fylkeskommunen sitt høyringsfråsegn innan fredag 3. april.

Nærare informasjon om fylkeskommunen sitt arbeid med Nasjonal transportplan 2022-2033 og mogelegheit for å levere inn innspel, finn de på www.vlfk.no/ntp.

Med vennleg helsing

Jon Askeland
fylkesordførar