Spørsmål og svar
Her finn du svar på spørsmål når det gjeld å leige fortausareal til uteservering.
Byrådet har gjort vedtak om 2 meter til gående langs Bryggen. Gjelder dette for fortau mot fylkeskommunale veg?
Ja, så fremt det er forsvarleg. Byrådsvedtaket er ikkje eintydig om det også gjeld fylkesveg. Vi har bedt om avklaring frå kommunen. Vi forstår bakgrunnen for det. Vi vil difor, i dei einskilde sakene gjere ei konkret vurdering om det vil vere forsvarlig å redusere fritt fortausareal.
Har Vestland fylkeskommune (VLFK) forståing for krisa som utebransjen står i?
Fylkeskommunen har forståing for at utebransjen står i ein vanskeleg situasjon. Vi er glade for at regjeringa har kompensasjonsordningar som skal hjelpe næringa.
Vi kan ikkje akseptere 4 uker saksbehandlingstid. Kva vil VLFK gjere med dette?
Vi vil behandle sakene fortløpande, innanfor 4 veker som er fristen i forvaltningslova.
Vår erfaring er at Bergen kommune behandlar søknadar raskare og er meir liberale. Kan VLFK ha same praksis?
Fylkeskommunen behandlar sakene etter gjeldande regelverk. Kommunen har det same regelverket. Om det er ulik saksbehandling, kan det skuldast at fortau har ulik standard og funksjon.
Vi opplev ulik praktisering av regelverket frå Bergen kommune og VLFK.
Kan vi få føringar som samsvarer med kvarandre?
Vi har dei same føringane. Fylkeskommunen har eit godt samarbeid med Bergen kommune og Statens vegvesen i desse sakene. Det er eit mål for alle vegeigarar at vi skal behandle sakene på same måte.
Fylkesutvalet har vedteke at dei skal sikre behovet for næringsinteresse gjennom tett dialog med bransjen. Vi har tatt kontakt, men blitt avvist. Kvifor?
Fylkeskommunen har hatt fokus på å behandle sakene så fort som mogeleg ettersom inneverande sesong allereie er i gang, og leigetakarane er avhengig av vedtak og leigeavtale med oss for å kunne drive med uteservering. Vi beklagar at det har gått ut over dialog. Vi er positive til å ha tett dialog med dei enskilde aktørane, og det er berre å ta kontakt.
Er det vilje til å vise større fleksibilitet framover?
Vi vil vurdere areal for uteservering i samarbeid med Bergen kommune og Statens vegvesen. Tellingar og vurderingar av fotgjengarstraumar vil gje oss eit betre grunnlag for å vurdere arealbehov. Vi kan derfor ikkje svare no at vi vil vere meir fleksible framover. Fylkeskommunen har mange omsyn vi skal ta i desse sakene. For oss er trafikktryggleik det viktigaste, samt at vi må sikre at alle funksjonar og brukarinteresser er ivaretatt på dei fylkeskommunale fortaua.
For oss er det kun sparkesyklister som skaper problem. Kvifor grip ikkje VLFK tak i denne trafikantgruppa?
Regjeringa jobbar no med eit regelverk for å regulere bruken av el-sparkesyklar. Etter det vi har fått opplyst, skal det nye regelverket leggast fram før sommaren. Slik situasjonen er i dag, er det vanskeleg for kommunen eller fylkeskommunen å gripe inn og stille krav til utleigarar av elsparkesyklar. Fylkeskommunen deltar i eit pilotprosjekt i regi av Bergen kommune om dette. Målet er å kunne regulere dette betre på sikt.
Kan vi få fjerna IKEA-busstoppet på Torget?
I mai vert det gjennomført ei større ruteendring i kollektivtrafikken som inneber nytt stoppmønster og endringar i fleire bussruter. Talet bussavgangar frå haldeplassane på Torget vil auka, og det er behov for å skilja den kommersielle busstrafikken (til dømes flybuss, shuttlebussar, sightseeingbussar, IKEA-buss) frå kollektivtrafikken for å betre kapasiteten på haldeplassane. Den kommersielle trafikken vert då samla på haldeplassen ved Smalgangen. Utan denne haldeplassen vil me få problem med å avvikla kollektivtrafikken på ein god måte. Skyss har skrive eit utfyllande notat om temaet, lagt fram for hovudutval for samferdsel og mobilitet 27. april.
VLFK har i samråd med Skyss bestemt at det ikkje lenger er behov for det aktuelle buss-skuret, men sjølve buss-stoppet blir opprettholdt som før. Det blir då meir areal til både fotgjenaere og uteservering på Torget.
Det er mindre trafikk i byrommet på dagtid. Er det mogleg å differensiere arealet i ulike periodar gjennom dagen?
Dette må vi drøfte med Bergen kommune. Det er dei som har retningslinjene for uteservering.
Bryggen skal stenge i sommar. Kan Torget få meir areal i den perioden?
Torget har utfordringar med framkomst på fortaua. Vi vil vurdere det i kvar enkelt sak om vi kan opne opp for meir areal.
Kan vi få meir areal til uteservering ut i frå mindre ferdsel i byen og av helsemessige årsakar?
Vi må vurdere dette i kvar enkelt sak.