Søknad om avkøyrsle

Om du planlegg å opparbeide, endre eller utvide eksisterande avkøyrsle må du søkje om løyve til det.

Søknadar om avkøyrsler til fylkesveg i Vestland vert handsama av fylkeskommunen. Du søkjer gjennom felles søknadsportal, tilgjengeleg på Statens vegvesen sine nettsider. Søknadsskjema og all informasjon du treng finn du her: https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/langs-veien/soknad-om-avkjorsel 

Søknadsskjema vert sendt vidare til fylkeskommunen for handsaming.