Rammeplan 2021-2024: Haldningsklassar for avkøyrsler og dispensasjonar frå byggegrenser

Rammeplanen gjeld for fylkesvegnettet i Vestland fylke, og er ei rettleiing ved sakshandsaming av avkøyrsle- og byggegrensesaker, samt ved uttaler til kommune- og reguleringsplanar. Rammeplanen vart vedteke av fylkesutvalet 03.03.2021.

I rammeplanen er fylkesvegnettet delt inn haldningsklassar for avkøyrsler og tiltak langs vegen. Haldningsklassane er definert i datakatalogen til Nasjonal vegdatabank (NVDB), og er felles for heile landet.

Rammeplanen består av denne rettleiaren og ei kartløysing på Fylkesatlas.no.

Veglova § 29 definerer kva som er gjeldande byggegrense langs veg. Søknad og sakshandsaming om dispensasjon frå fastsett byggegrense skal skje i tråd med veglova §§ 29-30.

Veglova §§ 40-43 omhandlar avkøyrsle frå offentleg veg og kva krav som gjeld ved bygging og bruk av avkøyrsle. Søknad og sakshandsaming av avkøyrslesaker skal skje i tråd med veglova.