Spørsmål og svar om sykkeltunnelen

Her finn du spørsmål og svar om tryggleik, stengetider, temperatur og anna du lurer på om Fyllingsdalstunnellen.

Tryggleik

Er tunellen kameraovervaka?
Ja, den er overvaka heile døgnet. I tillegg er det vektarar som patruljerar jamnlig i tunnelen.

Køyrer bybanen i same tunell som dei gåande og syklande?
Nei, det er to tunellar. Tunellen som bybanen går i er atskilt frå gang- og sykkeltunnelen, med rømmingsveg i mellom.

Er det mobildekning?                                                                               
Ja, det er full mobildekning. Det er også naudnett i tunellen.

Kvifor stenger tunellen om natta?
For at dei som brukar tunuellen skal kjenne seg trygg har vi førebels valt å stenge kl. 23.30 i ein prøveperiode. Den opnar igjen 05.30. Det kan bli endringar i opningstida

Kva skjer om nokon er inne i tunnelen når den stenger? 
Du kjem deg ut igjen på eigenhand. Vektarar syklar gjennom tunnelen før den stengast. Då stenger dei først ei port, og syklar gjennom for å sikre at det ikkje er folk igjen. Dørene i porten kan også opnast innanfrå, sånn at du vil alltid komme deg ut i kvar ende.

Dersom ulykka er ute

Kva skjer om nokon skadar seg? Kjem ein ambulanse seg inn i tunellen?
Ambulanse og brannvesen kjem seg inn i tunellen. Det er 250 meter mellom kvar naudtelefon. Naudtelefonen har også kameraovervåkning. Det vil også vere høgttalarar i heile tunellen for å kunne varsle med noko som heiter innsnakk. Det vil seie at vegtrafikksentralen gi beskjedar til dei som er i tunnelen.

Det er sjølvbergingsprinsippet som gjeld. Det betyr at du kjem deg ut på eiegnhand med å følgje dei grøne naudplakatane til rømningsvegane, og tar deg ut derfrå. Det er naudbelysning på vegggane. Tunellen har også batteri-reserve. Går straumen, er det framleis lys i tunnelen.

Dersom det skulle skje noko vil også raude lampar blinke på utsida av tunnelen.

Tunellen er også utstyrt med røykdeteksjon.

Grå betongvegg med to tydelege gule piler, ein større enn den andre. Den største gule trekanten viser der det er lengst veg ut av tunellen som er til Mindemyren med 2250 meter. Den mindre gule pilen viser vegen til Fyllingsdalen med 750 meter. Til høgre for dei gule pilene er det to grøne naudskilt som viser kor langt det er til naudetelefonar i begge retningar. Dekket i tunnelen er blått.
Undervegs ser du kor langt du har igjen. Foto: Kjetil Songstad

Finst det førstehjelpsutstyr i tunnelen?
Nei, men det er tett mellom nautelefonane, og god plass å køyre inn med sjukebil og brannbil.

Korleis kjem eg meg ut om det begynner å brenne?
Du følgjer leielysa til nærmaste naudutgang. Skulle tunellen blir evakuert er det rømingsvegar til bybanesporet som gjeld. Det blir sjølvsagt stopp i bybanetrafikken om alarmen går. Frå det skjer ein situasjon som krev evakuering, går det ikkje meir enn 8-9 minutt for alle skal vere trygt ute.

Det er også høgtalar, innsnakk frå vegtrafikksentralen og naudetelefonar per 250. meter.

Betongvegg med grønt skap med naudtelefon i. Over telefonen heng det eit naudskilt.
Sånn ser ein naudtelefon ut. Foto: Kjetil Songstad

 

Anna

Det er ein lang tunnel, spesielt om ein skal gå, dersom eg blir sliten på vegen – går det an å sitte seg ned?
Ja, det er fleire plassar å ta seg ein kvil. I midten av sykkeltunnelen finner du ei lysning med kunst og eit solur. Her er det ein benk der du kan ta ein pust i bakken.

Fleire stader i tunnelen er det også benkar av stein, henta frå fjellet tunellen går gjennom. Berre hugs at det kan vere litt kaldt i tunnelen, så kle godt på deg!

På veggen er det kunst malt i i blått og rosa. I taket er det raudt og gult lys. Dekket på gangvegen er blått. I midten av bildet står to steinbenkar.
Benkane er henta ut frå fjellet. Her kan du ta ein pause. Foto: Kjetil Songstad

Er det toalett i tunnelen?
Nei, det er det ikkje.

Er det kaldt i tunnelen?
Temperaturen er sju grader året rundt. Når det er sommar og sol ute kan det vere lurte å ha med ekstra kle så du ikkje fryser.

Kan eg ta med hunden min igjennom tunnelen?
Ja, hunden kan vere med. Det er ikkje bosspann i tunnelen, så hugs å plukke opp etter hunden din og kast i eit bosspann. Dei finn du utanfor tunellen. 

Eg har lyst å bruke tunnelen til eit arrangement, kven tar eg kontakt med?
Her finn du søknadsskjema til arrangement og sykkelritt.