Detaljreguleringsplan
Detaljreguleringsplanen skal legge til rette for bygging av fortau langs fv. 615 på ein om lag 1,2 km lang strekning frå nord for krysset med Gotevegen sør for Sandane til Storebrua.
Høyring av planen – kom med innspel
Detaljreguleringsplanen er no utarbeidd i samråd med Gloppen kommune og er sendt på høyring. Vi ynskjer synspunkt, relevante opplysingar eller andre innspel til planen for tiltaket innan høyringsfristen. Grunneigarar, naboar og andre rørte partar blir varsla direkte med brev.
Høyringsfrist
30. november 2026
Innspelsadresse
Brev med post: Vestland fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger
E-post: post@vlfk.no
Merk innspel med saksnummer 2023/33263, eller “Detaljreguleringsplan fv. 615 Sandane – Storebrua”.
Informasjonsmøte
I samband med høyringa blir det ope informasjonsmøte på heradshuset på Sandane tysdag 20. oktober kl. 18.30.
Plangrunnlag
Eit forprosjekt frå 2020 ligg til grunn for arbeidet. Her såg ein på fleire løysingar, og ei løysing det no blir laga reguleringsplan for vart tilrådd. I tillegg er eldre kommunale reguleringsplanar hjå Gloppen kommune grunnlag for planarbeidet.
Fuglefredingsområde
Planområdet ligg inn til Bukta fuglefredingsområde, og det er difor krav om konsekvensutgreiing. Utgreiinga er avgrensa til å vurdere verknader for fuglefredingsområdet og andre naturtypar lenger inn mot Sandane, i samsvar med plan- og bygningslova § 4-2.