Folkemøte fv. 609 Heilevang: Spørsmål og svar

Her finn du svar på nokre av spørsmåla som vart stilt under folkemøtet 28. mars.

Kva skjer med deponia, blir det liggande, eller blir massane selt unna undervegs?

Reguleringsplanen legg føringar for massehandteringa. Vår oppgåve har vore å skaffe nok plass til deponering av stein. Entreprenørane kan gjere avtaler med grunneigarar, men vi krev at dei skal ha løyve frå kommunen. Som byggherre har vi dårleg erfaring med å involvere oss i fordeling av tunnelstein, det prøvde vi til dømes på bygginga av E39 mellom Torvund-Teigen. 

De seier de skal ta vekk brua og vegen som ligg her i dag. Kva med sykkelturisme – kan ein sykle gjennom tunnelen?

Omklassifiseringa av eksisterande veg er enno ikkje vedteken. Det vil bli lov til å sykle gjennom tunnelen, det blir installert eit varslingssystem som skal gjere køyrande merksame på at det oppheld seg syklistar i tunnelen. Når syklisten trykker på ein eigen sykkelknapp kjem det opp varsel om syklist i tunnel, og lyset blir auka til maks.

Lausmassetunnel – kva er det? Betyr det at vi får ras i hovudet?

Illustrasjonsfoto frå driving av lausmassetunnel.
Illustrasjonsfoto frå driving av lausmassetunnel.

Når ein har grave ut lausmassar inn til der ein skal starte, blir startflata spruta med betong for å sikre utfall. Det blir bora inn røyr i vifteform rundt profil, flytande betong blir pumpa inn i rør.

Vifteform av røyr dannar eit skall rundt profilet, når betongen er herda startar prosessen med utgraving evt. sprenging i øvre del av profil.
Når utgraving startar vil ein parallelt sikre profilet med sprutbetong og armerte buar i profilet. Denne prosessen gjentek ein til tunnelen er ferdig.

Lausmassetunnel er meir krevjande enn driving i fjell, og framdrift er ein meter pr. dag i snitt. Men resultatet er ein like sikker tunnel. Lausmassetunnel vert rekna som ei bru, på grunn av betongkonstruksjonen, og skal til godkjenning. Det finst fleire døme på lausmassetunnelar, mellom anna er det ein under i bygging i Nordland.

Prinsippskisse for driving av lausmassetunnel.
Prinsippskisse for driving av lausmassetunnel.

Grunnerverv – kan kanskje starte i kveld?

Vi må først få på plass grunnervervskart. Vi tek kontakt med grunneigarane over påske.

Totalentreprise – kan ting gå raskare med det?

Ja. Når entreprenør prosjekterer sjølv veit dei kva dei skal bygge, og dei slepp å alle detaljar på plass før dei startar. Når vi prosjekterer kan den minste feil bety store krav frå entreprenør, i totalentreprise har dei sjølve ansvaret. Kanskje eit halvt år spart i byggetid. Samstundes er det viktig at vi legg inn kvalitetskrav, og desse må vi skildre på best mogleg måte.

Reknar med de treng nett-tilkobling, men vi er i eit område som har dårleg nett. Kva vil de gjere med det?

Vi treng nett, og vi treng fiber. Vi skal ha inn to tekniske bygg i tunnelen, og tunnelriggar har DATA-styring. Vanlegvis må entreprenør skaffe nett sjølv, men det vil vere ein fordel om dette er på plass før oppstart. Har vore i dialog med Askvoll kommune, vil diskutere det med andre kabeletatar. Håpar på å få med kommunen på samarbeid. Det blir ein diskusjon rundt fordelingskostnader. Vi må ha eit kostnadsoverslag. Kanskje kan kommunen bli med på forskottering?

Fylkeskommune har krav om elektriske køyretøy. Rigg i Kvammen – elbil-lading, ladestasjon. Ligg det inne i prosjektet?

Vi må tenke klima, transport mellom brakkerigg og tunnel kan gå med el-bilar. Inne i tunnel er det kun dieselbil som er godkjent, blir det brann i ein el-bil eller bensinbil vil det bli ei varmeutvikling. Som blir vanskeleg og slokke, og som vil svi av ventilasjonanlegget. Jobbar med dette i konkurransegrunnlag. Når det kjem til kapasitet på linjenettet, er dette noko vi må diskutere med Linja.

Kor mange vil vere på arbeid her?

Det er veldig varierande, dei går i skift. Nokre jobbar natt, medan for andre går arbeidsdagen frå 0700-1900. Å tilby dette som spisesal, og at entreprenør kan rigge med bustadbrakker ved sidan av, kan vere eit scenario.

Sykkel i tunnel: Kor breidt er sidearealet, må ein bevege seg inn i køyrebana? Kan de vise illustrasjon?

Det blir ikkje eit eige sykkelfelt i tunnelen. Plankart over gang- og sykkelveg i Hestvika finn de i presentasjonen:

Fv. 609 Heilevang: Presentasjon informasjonsmøte Kvammen 2023.03.28.pdf

Under anleggsperioden, kva skjer med sikring av gamlevegen? Vert det utført noko rassikring, og aukar sprengingane sannsynet for ras? Vi går mykje opp i desse liene, vi ser at det ligg mykje laust. Det er ikkje store rystingar som skal til før det kan løyse ut noko.

Dette må vi vurdere. Under bygging av tunnel på Stadlandet, vart vegen stengd under sprenging. Vi må gjere målingar, men i motsetning til Stadtlandet, der det var lite overbygning, går denne tunnelen langt inne i fjellet, så rystelsane skal ikkje påverke fjellsida. Kjem ikkje til å reinske eller gjere andre tiltak i fjellsida, men det vil bli utført vanleg vedlikehald. Drift- og vedlikehaldsseksjonen i fylkeskommunen skal mellom anna opp med eit nytt fanggjerde, fordi det gamle er utslite.

Angåande massetransport og støy – vil det bli gjort støytiltak på hus?

Vi vil utarbeide støykart, ein konsulent skal gjere tilstandsvurdering, vil sjå på kven som har krav på støytiltak når tunnelen og dei nye vegane står ferdige. Det blir ikkje gjort noko ut over det. Samstundes er det krav til entreprenør når det gjeld støyande arbeid.

Sti til Blegja – det seier de skal midlertidig legge om stien. Blir den ikkje framkomeleg?

Stien skal leggast om i anleggsperioden. Parkeringsplass kan bli flytt til oppsida av vegen, men vi har enno ikkje avtale med grunneigar og kommunen.
Kommentar: Førdefjorden Vel ynskjer dette.

Vi har i alle år kalla prosjektet Hundsåna, ser at mange, også kommunane, kallar det Heilevangtunellen. Kven avgjer dette?

Tunnelnamn-saka er sendt på høyring til kommunane, men der har den stogga opp. Når kommunane har gjort sitt vedtak, skal Språkrådet seie sitt, før fylkestinget gjer eit endeleg vedtak.