Svarte på spørsmål frå folket i Kvammen

Prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Vestland fylkeskommune møtte innbyggjarane i Kvammen for å svare på spørsmål, og snakke om vegen vidare for rassikringsprosjektet på fv. 609.

Mange mennesker sit med ryggen til. Framme står en mann med presentasjon på skjerm.
FULLSETT: Godt over 80 møtte opp til folkemøte med fv. 609 Heilevang som tema.

I mars vart det klart at fylkeskommunen må avlyse anbodskonkurransen om rassikring av fv. 609 mellom Hestvika og Heilevang, og at det må gjerast fleire grunnundersøkingar.

Onsdag 3. april inviterte Førdefjorden Vel til folkemøte i Allaktivitetshuset på Høgda. Frå fylkeskommunen stilte prosjektleiar Jon Harald Huseklepp og byggeleiar Inge Svorstøl. Leiar i samferdsleutvalet i fylket, Arve Helle, deltok også på møtet.

Spørsmål og svar:

– Kvifor har de gjort seismiske undersøkingar, når desse undersøkingane ikkje seier om det er fast fjell, leire eller lausmasse?

– Seismiske undersøkinga seier noko om kor det er lausmassar og  kor det er fjell, men ikkje kva kvalitet fjellet har, eller grad av lausmasse.

– Har entreprenørane gjennomført boreprøver?

– Nei, dei gjennomfører ikkje eigne undersøkingar før dei har signert kontrakt.

– Når kom det bekymring for byggegrop og for øvre del av terrenget?

­– Usikkerheit knytt til undersøkelsane som var gjort av byggegropa kom fram under dialogen vi hadde med dei tre entreprenørane som var invitert til å delta i konkurransen. Vi henta inn bistand frå eit uavhengig geologisk firma, i tillegg til rådgjevingsselskapet som utførte undersøkingane for oss tilbake i 2020. Grunnundersøkingane som var gjort i planfasen vart gjennomgått på nytt, med nye modellsimuleringar. Konsulentane meinte at utfordringane med stabilitet i byggegropa kunne løysast, men dei var meir urolege for stabiliteten lengre oppe i fjellet – den globale stabiliteten i området. Deira tydelege tilråding var at her må det gjerast nye grunnundersøkingar.

– Kunne de ikkje utsett tilbodsfristen, og kompensert entreprenørane for pristillegg?
– Vi har strenge reglar å forholde oss til når det kjem til utlysing av konkurransar. Vi har ikkje moglegheit til å halde fram konkurransen med så store endringar, utan at det bryt med konkurransereglementet. Vi har rådført oss med juristar, både interne i VLFK og ekstern bistand, og dei er samstemte i at vi innanfor konkurransereglementet og lov om off. anskaffelse ikkje kan gå vidare med konkurransen.

– De seier det skal ivareta skattepengane våre, kva då med eit år med prisstigning?

– Vi legg alltid inn lønns- og prisvekst i våre budsjett. Konsekvensane av å gå vidare med prosjektet med denne risikoen, kan bli større enn løn- og prisstigninga.

– Kvammen er nest største krins i Askvoll kommune, og vi har unge folk som ynskjer å busette seg her. Vi forventar at tunnelprosjektet blir realisert.

– Vi var svært motiverte for å gå i gang med dette prosjektet, dette er ikkje ein situasjon vi ønsker å stå i. No skal vi gjere alt vi kan for å finne den beste moglege løysinga.

– Ingen av dei tre entreprenørane som var prekvalifiserte har erfaring med lausmassetunnel, men det var dei som varsla om dette, og de lytta til deira innspel?

– Alle dei tre firmaa som var prekvalifiserte, har erfaring med, eller har med seg samarbeidspartar med erfaring frå lausmasstunnel. Dette var eitt av kriteria for å bli med vidare i konkurransen.

– Dersom det blir ein lengre tunnel, må det utarbeidast ny reguleringsplan, eller er det nok å utvide reguleringsplanen austover?

– Det må ny reguleringsplan på plass, først og fremst på austsida. Om vi går for ei lengre tunnelløysing får vi ei utfordring med deponering av tunnelmassane, vi har ikkje tilstrekkeleg deponikapasitet på austsida.

– Kan de starte å jobbe frå ei side - vestsida? Medan de gjer undersøkingar og planlegg i andre enden?

– Det kan vere eit alternativ at ent. som får oppdraget regulerer sjølv. Men, å starte før vi veit kva vi skal bygge er uaktuelt. Vi må vite kva vi skal bygge, og entreprenørane må vite kva dei skal prise.

– Vi er urolege for kostnadsauken. Kan de framskunde prosessen?

– Undersøkingane vi no skal i gang med vil gje oss ei oversikt over kostnadsbildet. Risikoen ved sikring av byggegropa er kjent og kan prisast, det er kostanden for tiltak i den øvste delen som er definert som ukjent kostnad.

– Må det omregulerast lengre oppe i terrenget?

– Vi har sett av eit breitt byggebelte i reguleringsplanen. Som regel let det seg gjere å få til ei minneleg løysing med grunneigarar om ein må gå utover dette.

– Kva kan de gjere no for å få fortgang på prosessen? Kan de sette i gang med reguleringsplan i Mulen, slik at den er klar viss de går for det lengste tunnelalternativet?

– Vi vil vurdere dei andre alternativa frå silingsrapporten på nytt, kanskje også utføre grunnboringar ved Mulen. Men å køyre ein full reguleringsprosess før vi har valt løysing er ikkje mogleg.

– Kor stort er dette området i areal? Hadde det ikkje vore lettare å reinske vekk lausmassane og  komme ned på fjell?

– Det veit vi ikkje før vi har kartlagt grunntilhøva i dette området. Det gjeld også størrelsen på arealet vi skal undersøke.

– Eg er ganske sikker på at ein ent. ville gje pris på dette området, ev. som ein opsjon i kontrakta.

– Med ei slik løysing vil vi risikere å få ein pris som ligg langt over budsjettet, fordi dei då må prise inn økonomisk risiko med fleire ukjente faktorar.

– Angrar de på at de gjekk for totalentreprise? Eller er det snakk om uheldige omstende? Det går mykje tid. De sa at de skulle vere i gang for eit halvt år sidan.

– Vi har holdt framdriftsplanen, med utlysing hausten 2023. Det er lett å vere etterpåklok, men det vi tek med oss som erfaring er at vi kunne hatt noko meir som einhetsprisar på lausmassedelen.

– Kva var løyvinga frå fylkesting? Kor mykje vil tunnelprosjektet koste?

– Løyvingane blir indeksregulert for kvart år. Dette er ikkje det same som tilbodet frå entreprenøren, for løyvingane skal inkludere alle kostnader, til dømes grunnerverv. Når det kjem til prisar avheng det av aktivitet på tunnelbygging rundt om i landet. Vi veit ikkje kva prisar vi får inn frå entreprenørane.

– Kva hadde de risikert ved å avlyse konkurransen på eit seinare tidspunkt, for å få inn pristilbod og skaffe dykk ei oversikt?

– Vi kan snu spørsmålet – kva hadde vi tent på dette? Vi meiner at det einaste ansvarlege å gjere, med den informasjonen vi har med tanke på usikkerheit knytt til grunnundersøkingane, var å avlyse. Vi har heile vegen hatt tett dialog med entreprenørane. Vi har også rådført oss med juristar, både interne i VLFK og hatt ekstern bistand, og dei er samstemte i at vi innanfor konkurransereglementet og lov om off. anskaffelse ikkje kan gå vidare med konkurransen med det vi no veit.

– Dei pengane som er løyvde til 609, blir dei ståande på fv. 609, eller kan dei bli flytta til andre fylkeskommunale prosjekt?

Svar frå Arve Helle:

– Eg forstår veldig godt frustrasjonen blant de som sit her, men dette er kompliserte prosessar. Vi skal vere glade for at dette vart oppdaga no, og ikkje etter at kontrakta var signert. Så må det vere heilt klart at prosjektet ikkje blir starta opp att utan å ha planane klare for heile prosjektet.

Rassikringa av fv. 609 Heilevang står sterkt både politisk og administrativt. Fylkesdirektør Rune Haugsdal og fylkesordførar Jon Askeland er tydlege på at dette prosjektet skal gjennomførast, og eg har ingen grunn til å tvile på at dette prosjektet ikkje vil stå seg gjennom prosessane det no må igjennom.

Det er heller ikkje slik at andre prosjekt står klare til å overta Heilevang sin plass, heller ikkje dei har ferdige reguleringsplanar. Å flytte midlane til andre prosjekt vil vere å halde dykk for narr, det gjer vi berre ikkje. Så kan eg heller ikkje stå her og love at dette prosjektet skal gjennomførast – koste kva det koste vil.