Desse vil vere med i konkurransen om Heilevang

Vestland fylkeskommune har invitert entreprenørbransjen til konkurranse med forhandlingar om rassikring av fylkesveg 609 mellom Heilevang og Hestvika.

Desse ynskjer å bli prekvalifiserte til vidare prosess:

  • Arbeidsfellesskapet B&G Tunnel AS og Magne Hafstad AS
  • Arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad AS og Metrostav Norge AS
  • Hæhre Entreprenør AS
  • Arbeidsfellesskapet Leonhard Nilsen & Sønner AS og Entreprenørservice AS

Kven blir invitert med vidare?

Innan midten av desember vil Vestland fylkeskommune ha bestemt seg for tre leverandørar som blir invitert til å gje tilbod, og delta i vidare forhandlingar.

Utveljinga vil skje ut i frå ei heilskapleg evaluering av kven som oppfyller ulike kriterium knytt til tekniske og faglege kvalifikasjonar, som nyare relevant erfaring, ferdigstilte prosjekt og erfaring frå lausmasstunnel.

Frist for levering av første tilbod er 29. februar 2024.

Godt nøgd prosjektleiar

– Det er høg aktivitet i tunnelbransjen for tida, og vi er godt nøgde med deltakinga i konkurransen. No gler vi oss til å gå i gang med forhandlingane, og ta nokre steg vidare på dette viktige rassikringsprosjektet, seier Jon Harald Huseklepp, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Målet med å gjennomføre forhandlingar før levering av endeleg tilbod er å redusere risikoen både for entreprenør og byggherre, og gje entreprenørane tilbakemeldingar som gjer at dei kan levere eit forbetra tilbod.

Forhandlingane skal sikre at partane har ei felles forståing av oppdraget; kva entreprenør kan tilby, og kva forventningar byggherren har til dei som får oppdraget.

Frist for levering av endeleg tilbod vert i månadsskiftet mai/juni 2024.

Haustmotiv. Ein veg og hus som ligg ved fjorden, med bratt fjellside og snøkledde fjelltoppar bak.
RASUTSETT: Prosjektet skal sikre trygg framkomst på fylkesveg 609 i ny tunnel mellom Hestvika og Heilevang.

Publisert 17. november 2023