Startar oppatt planlegginga

Førre gong stranda planlegginga av ny fv. 57 mellom Storehaug og Båtevika i konfliktar knytt til traseval. Fleire alternativ og breiare medverknad skal sikre at vegstrekninga denne gongen kjem eit steg nærare utbetring.

Fv. 57 har svært varierande standard, der delar av vegen er utbetra, medan andre delar er smale og svingete. Vegstandarden er spesielt dårleg forbi Saltkjelen, og mellom Haugsbø og Storehaug.

Det overordna målet for ein ny og utbetra fv. 57 er mellom anna kortare reisetid frå HAFS-regionen til E39, og ein tryggare veg for køyrande, gåande og syklande.

To av tre delstrekningar utan plan

Konfliktar rundt val av trase stogga planleggingsprosessen på fv. 57 førre gong. I samråd med Sunnfjord kommune tek Vestland fylkeskommune eit steg tilbake, og startar på ein ny kommunedelplan. Arbeidet som er lagt ned tidlegare vil bli med vidare.

Det første planarbeidet har røter tilbake til 2011, i regi av Statens vegvesen. På bakgrunn av tilrådingane frå Vegvesenet starta tidlegare Gaular kommune opp reguleringsplanarbeid på tre delstrekningar, men arbeidet stogga opp på to av dei grunna konflikten knytt til kryssing av Svædsundet og veglinje gjennom Bygstad.

Kommunen regulerte ferdig den delen av strekninga der det ikkje var alternative trasear. Denne reguleringsplanen går frå Storehaugen til Perhaugen(Hjelmeland) og vart vedteken i 2019. På delstrekningane Båtevik - Haugsbø og Haugsbø - Hjelmeland ligg det føre ein silingsrapport med utgreiing av ulike alternativ gjennom Bygstad, men planprogram er ikkje utarbeidd.

Oversikt over fv. 57 strekninga Dale -Storehaug (Kart: Statens vegvesen)
Oversikt over fv. 57 strekninga Dale -Storehaug (Kart: Statens vegvesen)

Gode løysingar med vidare – dårlege silast vekk

Det er denne prosessen Vestland fylkeskommune no vil sjå på på nytt. Silingsarbeidet som vart utført i forrige runde skal supplerast med nye alternativ og inngå som ein del av arbeidet med planprogram. Fleire alternativ via Osen vil bli introduserte i arbeidet.

Aktuelle veglinjer skal så igjennom ei silingsfase, der føremålet er å forkaste alternativ som ut i frå silingskriteria er uaktuelle, og tilrå vegalternativ som skal vidare til kvalitetsvurdering.

Ambisjonen er å finne dei alternativa som innfrir måla som er sett for prosjektet, og sikre at ingen gode løysingar vert utelukka for tidleg, og ingen dårlege løysingar vert utgreidd for langt.

Det vert lagt opp til medverknad i form av informasjon, offentlege høyringar og folkemøte undervegs i planarbeidet.

Planprogrammet med ein silingsrapport skal vere ferdig hausten 2022. Dette vil legge føringar for gjennomføring av planarbeidet, og skal godkjennast av Sunnfjord kommune. Planprogrammet fastset kva alternativ som skal utgreiast i ei konsekvensutgreiing, og skal resultere i ein kommunedelplan.

Norconsult er hyra inn av Vestland fylkeskommune til å gjennomføre planarbeidet. Dei var og involvert i førre runde, og kjenner prosjektet og området godt.