Digitalt dialogmøte
Vestland fylkeskommune arrangerte digitalt dialogmøte med massehandtering og innbyggjarmedverknad som tema 16. januar 2025.
Presentasjonen frå møtet (PDF).
Synfaringar på veglinjene i 2024
Som ein del av arbeidet med kommunedelplanen vil det frå våren og utover hausten 2024 bli gjennomført synfaringar i terrenget for dei aktuelle vegstrekningane.
Bakgrunn for prosjektet
Klikk på firkanten for å få opp ein informasjonsboks om prosjektet. Zoom deg inn på kartet for å sjå planområdet:
Vedtak i hovudutval for samferdsle og mobilitet (saksnummer 2020/75546-2)
"Med atterhald om fylkestinget si godkjenning av budsjett 2021, vert det løyvd 1 000 000 kroner i planleggingsmidlar for 2021. Følgjande omtale ligg i saka:
Tidlegare Gaular kommune sette i gang ei detaljregulering på deler av strekninga. Det vart utgreidd fleire alternativ og laga ein silingsrapport. I samråd med Sunnfjord kommune har vi konkludert med eit behov for å utarbeide ein kommunedelplan for strekninga der ein avklarar trase og der ein og ser på alternativ via Osen bru. Grunnlaget Gaular kommune og Norconsult har utarbeidd kan nyttast i vidare arbeid. Det er tidlegare i 2020 gjeve tilslutnad til kommunedelplan i SAMO.
For å sikre at planprosjekta har ein effektiv og god framdrift vert det føreslått at fylkesdirektøren får fullmakt til å kunne omdisponere prosjektløyvingane i tråd med framdrifta gjennom året.
Saka vart vedteke i Fylkestinget 15.12.2020, sak PS 137/2020.2