Planlegg oppstart på fv. 57 Holmeli - Nistadlia i april/mai

Oppdraget med å bygge ny veg på fv. 57 mellom Holmeli og Nistadlia er no ute i marknaden.

Tilbodsfristen er sett til 13. februar. Deretter skal tilboda evaluerast, før fylkeskommunen tek ei endeleg avgjerd på kven som får oppdraget i løpet av mars. Om alt går etter planen vert det oppstart i månadsskiftet april/mai.

Personer i vernekle med refleks står samle på bø, ved sidan av ein veg der det passerer ein svart personbil. Det er lave skyer og regn.
TILBODSSYNFARING: 23 representantar frå 16 ulike firma deltok på synfaringa langs fv. 57 mellom Holmeli og Nistadlia.

God interesse for tilbodssynfaring

Onsdag 11. januar var det tilbodssynfaring på prosjektet, der representantar frå 16 firma deltok. Tilbodssynfaring er ein del av utlysingsprosessen, og er ei moglegheit for dei som er interesserte i oppdraget til å sjå dei framtidige anleggsområda ilag med prosjektleiinga i Vestland fylkeskommune. Etter synfaringa ute langs veglinja var det samling innandørs i Dale, der ulike fagfelt frå byggherre gjekk igjennom punkt ved utlysinga.

Denne gjennomgangen er saman med synfaringa ein god arena for å avklare det som måtte vere uklart i tilbodsdokumenta, og få fram utfordrande punkt ved prosjektet.

Lastebil med tømmer snirklar seg langs ein svingete og smal veg, medan menn i gule jakker går langs gulestripa.
SMALT: Det er stort behov for utbetring av denne strekninga på fv. 57 langs Dalsfjorden. Den er mellom anna trafikkert av tømmerbilar som skal til og frå den relativt nye kaia på Kvamen.