Signerte kontrakt på oppgradering av fylkesveg i Fjaler

Fylkesvegstrekninga mellom Holmeli og Nistadlia skal få gul midtstripe. Vestland fylkeskommune signerte i går kontrakt med Entreprenørservice AS.

Kvinne og mann sitter ved bord i møterom, med to bøker framfor seg.
KONTRAKTSIGNERING: Det obligatoriske handtrykket mellom Dina Lefdal, avdelingsdirektør infrastruktur og veg, og Thomas Østerbø, dagleg leiar Entreprenørservice AS.

Strekninga er på om lag 1,65 kilometer, og går mellom Holmeli og Nistadlia i Fjaler kommune. Eksisterande veg skal utbetrast, mellom anna ved å utvide frå einfeltsveg til tofeltsveg, bygge fire nye busstopp og fleire nye sidevegar. 

– Vi er veldig glade for å endeleg komme i gang med bygginga, for dette prosjektet har mange venta på i fleire år. Det har også dukka opp hindringar undervegs, mellom anna kvikkleire som har forsinka prosjektet, seier avdelingsdirektør Dina Lefdal.

Prosjekteringa av ny veg mellom Holmeli og Nistadlia var godt i gang allereie for to år sidan, men i samband med prøveboringar på strekninga vart det avdekka eit område med kvikkleire. Dette kravde omlegging av vegen, og kompliserte endringar i korleis vegbygginga skal utførast.

Når kontrakten no er signert skal partane inn i ei oppstartsfase, før arbeidet kan gå i gang i månadsskiftet april/mai. Innan den tid må viktige avklaringar knytt til stengetider og framdrift avklarast.

Førdefirmaet er klare for innsats.

– Vi er veldig glade for at vi fekk dette oppdraget, og gler oss til å komme i gang, seier dagleg leiar i Entreprenørservice, Thomas Østerbø.

Mann og kvinne sit ved bord, flere menn og kvinner står oppstilt bak dei.
STARTSKOT: Representantar frå byggherre og entreprenør tilstades på kontraktsignering på prosjektet fv. 57 Holmeli - Nistadlia. Framme f.v. avdelingsdirektør Dina Lefdal og Thomas Østerbø, dagleg leiar i Entreprenørservice AS. Bak f.v. Gunnar Solbakken, leiar utbygging nord(VLFK), Gunhild Vangsnes, seksjonsleiar planlegging og utbygging(VLFK), Svein-Henning Råheim, byggleiar(VLFK), Bjørn Andre Storøy, prosjektleiar(VLFK), Sondre Holvik, anleggsleiar Entreprenørservice AS og Inge Svorstøl (VLFK).

Publisert 28. mars 2023