Har du innspel til planane for fv. 55 Tronvik - Ulvåna?

Vi er no i starten på arbeidet med reguleringsplan, og vil invitere innbyggjarar og andre interessentar til å komme med tankar knytt til vegstrekninga. Ny og oppgradert veg vil i hovudsak følgje eksisterande veglinje, med nokre endringar, mellom Merket og Ulvåna.

Digital innbyggjardialog

Det er mogleg å teikne på kartet, alternativt å leggje ved filer som du har liggjande. Det er og mogleg å komme med innspel du på sikt tenkjer kan vere relevant for oss å vite om. 

 

Døme på dette kan vere: 

  • spesielle naturobservasjonar som sjeldne/verdifulle trær, insekt, dyr, amfibia, fisk, dyrestiar/leveområde til hjort, oter, piggsvin, padder, sommarfugl, mv)
  • rasutsette område, flaum/overvatn
  • kulturminne
  • vi er spesielt interessert i å få vite kvar det ligg brønnar og vassleidningar, avløpsleidningar, septiktankar og installasjonar som ikkje er synlege
  • jord og skogbruksinteresser, avkøyrsler, drenering, vassuttak, beitedyr, moglege erstatningsareal mv
  • i tillegg til om det er spesielle tilhøve rundt eigedomar som kan vere av interesse for oss å vite om 
Alle innspela vil bli registrert og teke med vidare i prosessen. 
 
For å sjå ditt eige innspel etter at du har lagt det inn, må du oppdatere nettsida før det blir vist. Alle innspel (kart og kommentarfelt) vil automatisk vere synlege under «sjå alle innspel», men innsendaren er anonym.