Fv. 55 Tronvik-Ulvåna

Fylkesvegen mellom Tronvik og Ulvåna i Høyanger kommune tilfredsstiller ikkje krava til vegstandard. Den 5,5 kilometer lange strekninga har dårleg kurvatur, og vegbreidda varierer frå 4,5 - 6,5 meter. På store delar av strekninga er veggrøfta svært smal.

Fv. 55 Tronvik - Ulvåna

Strekninga er delt i to parsellar; Ulvåna-Merket og Merket-Tronvik.

Fakta

Fase: Planfase
Veg: Fv. 55
Område: Høyanger

Torsdag 23. mars 2023

Informasjonsmøte i Auditoriet på Høyanger vidaregåande skule, 1. etasje, kl. 18.00-20.00

2022

I andre halvdel av 2022 gjekk Vestland fylkeskommune og Høyanger kommune i gang med detaljregulering av fv. 55 mellom Tronvik og Ulvåna.

2020-2021

Vestland fylkeskommune gjennomførte eit forprosjekt på fv. 55 Tronvik-Ulvåna.

Målet med utbetringa er at den skal gje betre framkomst, redusert reisetid og samanhengande god vegstandard mellom Høyanger og Vadheim. Betre standard vil også gje betre trafikktryggleik , og gjer vegen lettare å drifte.

Det er mange som pendlar på denne streikninga, og det nærmaste trafikkteljingspunktet viser ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på over 1400 i 2022.

Fleire stader vil det bli naudsynt å leggja om og/eller etablere nye tilkomstvegar og avkøyrsler då ny veglinje kuttar eksisterande tilkomst. Gode løysingar for kryss, avkøyrsler og sidevegar må utarbeidast i reguleringsplan. Det vil bli behov for tre nye bruer: ny bru over Galdergrova ved Natvik, ny bru over elv ved Frivika og ny bru over Ljotebøelvi ved Tronvik.

Det er parsellen Ulvåna-Merket som har dei største utfordringane, både når det gjeld framkomst og trafikksikkerheit. Parsellen Merket-Tronvik har ein noko betre standard og går i eit lettare terreng, her er det i hovudsak berre breiddeutviding av eksisterande veg og bru.

Kontaktpersoner

Geir Lyngaas

Planprosjektleiar