Fv. 55 Bru over Esefjorden

Fv. 55 er utsett for skred i Esefjorden. Som tiltak for å sikre trafikantar mot skred og ras vart bru over Esefjorden valt av Balestrand kommune i 2017.

Fakta om prosjektet

Målet med prosjektet er ein skredsikker og trygg framkomst på fv. 55 mellom Balestrand og Dragsvik med bygg av bru over Esefjorden.

Fakta

Fase: Planfase. Realisering av prosjektet er skildra i Regional transportplan for Vestland 2027-33.
Veg: Fv. 55
Område: Sogndal (tidlegare Balestrand)
Kostnad: Grovt overslag, reguleringsplanfase: 800 millionar kroner (2023-tal) Skredsikringsmidlar og fylkesvegløyvingar

Dette skredsikringstiltaket er eit av fleire aktuelle prosjekt i Regional transportplan (RTP) for Vestland i perioden 2027–33, skildra i RTP Handlingsprogram-investeringar. Våren 2023 vart det vedtatt å greie ut delvis bompengefinansiering for tiltaket. 

illustrasjon, ei bru er teikna inn i landskapet rundt Balestrand, vi ser Balestrand sentrum i forgrunnen, så brua over fjorden til austsida av fjorden med bebyggelse der.
Bildet fra 3D-modellen viser valt plassering av brua over Esefjorden i reguleringsplanen. Illustrasjon: Vestland fylkeskommune

Sjølve utforminga av brua blir bestemt seinare i prosessen. Modellen viser mogleg utforming med ei betongbru med 15 meter seglingshøgde, men både stålbru med færre pilarar og ulike seglingshøgder vil vere moglege. 

Alternativ for bru i reguleringsplanen

Det har vore jobba med ulike alternativ for brua, både for plassering og form. 

  • Utgangspunkt sør: nærare Balestrand sentrum, mellom Storesva og Hamnen.
  • Utgangspunkt nord: Presthola, nærare Gjerdsviki.
  • Brua blir om lag 675 meter lang.
  • T-kryss i begge endar.
  • Fartsgrense: 60 km/t
  • Gang- og sykkelveg over brua.

Viktige tema i vurderingane 

  • Kostnadar 
  • Brua si innverknad på landskapsbiletet, estetiske vurderingar
  • Terrenginngrep på land
  • Inngrep i fjorden 
  • Tilgang til fjorden 
  • Trafikksikkerheit og omsyn til vegnormalane
  • Skredfare
  • Anleggsgjennomføring

Prosjektet var inne i fylkeskommunen sin økonomiplan 2021–2024 med totalt 771 millionar kroner. I prosessen med Regional transportplan for Vestland 2022–2033 er prosjektet skyvd fram i tid til perioden 2027–33. 

Regional transportplan for Vestland 2022–2033, investeringsprogram (pdf)

Grafisk illustrasjon som viser bilde av Balestrand sentrum og den planlgade brua på fylkesveg fv. 55 som skal krysse Esefjorden. Bygningar og Kviknes i hotell i framgrunnen og fjell og landskap rundt.
Illustrasjon: Det er mange aktuelle alternativ for den endelege utforminga av brua i denne fasen.

Relatert informasjon

Kontaktpersoner

Ingar Hals

Planleggingsleiar

3D-modell, brualternativ

Kommunedelplan, fv. 55 bru over Esefjorden