Søk om støtte til FoU-møte for å avklare forskingsbehov i kommunen (FORREGION Vestland)
Eit FoU-møte tek utgangspunkt i ei konkret problemstilling som interesserer fleire kommunar. I møtet samlar vi fleire kommunar til diskusjon. Målet er å avklare kunnskapsstatus, behovet for ny kunnskap, og å drøfte korleis kommunane ved hjelp av forsking kan finne nye, gode løysingar på den aktuelle problemstillinga.
Kven kan søkje?
- kommunar i Vestland
- einingar i Vestland fylkeskommune
Kva kan du søkje om?
Det er mogeleg å søke inntil 50 000 kroner i støtte til kvart møte. Midlane kan nyttast til førebuing, gjennomføring og etterarbeid i samband med møtet.
FORREGION Vestland dekker ikkje lønskostnader for kommunalt tilsette frå denne støtteordninga.
Korleis kan du søkje?
Søknad om støtte til FoU-møte skal skje i samarbeid med ein kompetansemeklar i FORREGION Vestland. Søknaden vert sendt Vestland fylkeskommune gjennom regionalforvaltning.no.
Støtteordninga heiter FORREGION Vestland. Marker i søknadsskjema at det gjeld «FoU-møte».
Nye brukarar må registrere seg på nettstaden regionalforvaltning.no.Du må registrer deg som organisasjon (ikkje privat søkjar).