FORREGION Vestland - Kommune

Har din kommune utfordringar der du trur forsking kan bidra til utvikling og innovasjon? Ønsker din kommune å komme i gang med forsking? Ta kontakt med ein kompetansemeklar i FORREGION Vestland - Kommune og få gratis hjelp til å finne ut av kva som er rett veg vidare.

Kva gjer kompetansemeklaren?

Kompetansemeklaren kan hjelpe med å avklare behov for forsking og å finne rett finansieringsmoglegheit og forskingspartnar. Tenesta er utan kostnader for din kommune.

Kompetansemeklaren hjelper med å identifisere og konkretisere prosjektidear basert på utfordringar i kommunen. Deretter kan kompetansemeklaren hjelpe med å avklare om kommunen treng forsking for å løyse utfordringane. Du får også hjelp til å identifisere potensielle forskarar som kan bidra og tips om aktuelle finansieringskjelder.

Kompetansemeklaren kan organisere «FoU-møte» for å avklare forskingsbehov knytt til konkrete utfordringar for fleire kommunar innan ein sektor, eit tenesteområde eller ansvarsområde.   

Kven er kompetansemeklarar?

FORREGION Vestland - Kommune har knytt til seg fagpersonar på Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking som kompetansemeklarar. Dei dekkar eit breitt spekter av fagområde, har erfaring frå forskingsarbeid og samarbeid om å utvikle innovasjonsprosjekt.

Prioritering

Dersom det vert stor etterspurnad etter tenesta, vil vi prioritere kommunar og kommunale ansvarsområde som har lite erfaring med å samarbeide med forskarar, og der fleire kommunar kan samarbeide.

FORREGION Kommune Vestland er del av fylkeskommunen si langsiktige satsing på mobilisering til meir regionalt retta forsking.

Målet er å auke forskingsinnsatsen som kan styrke innovasjonskraft og tenestetilbod i kommunal sektor. Satsinga skal bidra til verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar i heile fylket.  

Samarbeid

Vestland fylkeskommune leiar FORREGION Kommune-satsinga og samarbeider med Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking. Arbeidet er i hovudsak finansiert av fylkeskommunen, med delfinansiering frå Høgskulen og Vestlandsforsking.