Verktøy for folkehelseoversikt i kommunane

Det kan vere krevjande å sikre ein god prosess og å velje ut relevant statistikk. Fylkeskommunen skal understøtte lokalt folkehelsearbeid i kommunane. For å hjelpe kommunane med dette lovpålagde arbeidet, har Vestland fylkeskommune utarbeidd eit verktøy for arbeidet.

Målet med dette verktøyet er å vere til hjelp for ikkje "å gå seg vill" i statistikken. Med klårt definerte spørsmål som utgangspunkt, blir det lettare å velge ut den informasjonen som trengst. 

Bak kvart av temaboksene (A-F) på denne nedsida du spørsmål, statistikk og kjelder av særskilt relevans for nettopp dette temaet.

Slik får du eit godt oversiktsdokument

Vurder all informasjon, og ver særskilt merksam på trekk ved utviklinga som kan skape, eller halde ved like sosiale eller helsemessige problem. Sikre at planlegging og tiltak er kunnskapsbasert. Følg utviklinga over tid og vurder effekten av tiltak som blir sett i verk. Kjernespørsmål i desse vurderingane er:

  • Kvifor har situasjonen oppstått og kor viktig er den for helsa til befolkninga?
  • Kva kan vere konsekvensane av å ikkje gjere noko?
  • Er det særskilte samfunnstrekk som har skapt situasjonen?
  • Kan utviklinga føre til sosiale helseforskjellar?

Ta stilling til kva kommunen har behov for å vite noko om. Hald fokus på kva som trengst av informasjon, framfor kva som finst av informasjon.

Som kjelder til arbeidet kan du bruke statistikk, og lokale erfaringar. Klare data skal ha større vekt enn skjønsmessige vurderingar. Fagpersonar og organisasjonar i kommunen kan og vere gode kjelder til arbeidet.