C - Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt

Korleis er det fysiske, biologiske kjemiske og sosialet miljøet i kommunen?

Spørsmåla er:

  • Korleis er det fysiske miljøet, og i kva grad er det gjort trygt og tilgjengeleg for folkesetnaden? 
  • Kva sider ved det kjemiske og biologiske miljøet bør vi vere særskilt merksame på? 
  • Kva sider ved det sosiale miljøet vi bør vere særskilt merksame på? 
  • Er dei sosiale møteplassane og arenaene gode og mange nok? 

Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø er alle døme på faktorar som er med å påverke helsesituasjonen. 

Fysisk miljø handlar om utemiljø som til dømes trafikk, forureining og tilgang på grøntområde med meir. Men det handlar og om fysisk innemiljø og universell utforming.  

Vern mot smittsame sjukdommar er eit viktig folkehelsetiltak. Oversikta bør samordnast med smittevernlova §§ 7-1 og 7-2. 

Det sosiale miljøet kan vere all sosial aktivitet som går føre seg og er tilgjengeleg for innbyggjarane i kommunen. Det sosiale miljøet handlar også om kva for arenaer som er tilgjengelege, til dømes uformelle møteplassar og universelt utforma område. 

Statistikkressursar

Klikk her for å sjå liste med statistikkressursar

Lokale kjelder

Det fysiske miljøet 

  • Data og kunnskap frå barnetråkk 
  • råd for menneske med nedsett funksjonsevne 
  • elevråd og ungdomsråd 
  • foreldrearbeidsutval og samarbeidsutval 
  • kulturavdeling
  • lokale organisasjonar 
  • politi
  • vegvesenet
  • kommuneoverlege (miljøretta helsevern)
  • teknisk avdeling / planleggjar
  • kommunal GIS-ansvarleg 

Det kjemiske og biologiske miljøet 

  • kommuneoverlege 
  • verneombod 
  • helsesjukepleiar 

Det sosiale miljøet 

  • elevråd og ungdomsråd 
  • foreldrearbeidsutval og samarbeidsutval 
  • helsestasjon 
  • eldreråd 
  • råd for menneske med nedsett funksjonsevne 
  • innvandrarråd 
  • frivillige organisasjonar 
  • politi 
  • NAV
  • kulturavdelinga
  • burettslag
  • barnetråkk
  • frivilligsentral