foto av flaumsimulator ved Firda vgs
AMBISIØSE: Lærar Eirik Tengesdal Skogvold (t.v.) og rektor Hallgeir Hansen (bak t.h.) meiner klima- og miljøproblematikken ikkje blir teken på alvor i den vidaregåande skulen i dag. Dei har difor store ambisjonar for klima- og miljøfaget ved Firda vgs. Foto: Birthe Johanne Finstad, Vestland fylkeskommune

Nasjonale ambisjonar for unikt klima- og miljøfag

Han reiser snart til Oslo sjølv, rektoren på Firda vidaregåande skule, om ikkje departementet snart godkjenner klima- og miljøfaget i den nasjonale tilbodsstrukturen.

Rektor Hallgeir Hansen er ikkje i tvil.

– Vi synest dette er så bra. Vi vil at fleire skal ha glede av det, seier han.

Denne artikkelen er ein del av klimamagsinet "Den grøne leiartrøya".

Look to Sandane

Den nye læreplanen som kom i 2020, slår fast berekraftig utvikling som eitt av tre tverrfaglege tema elevane skal jobbe med i alle fag. Men elevane ved Firda vidaregåande skule er dei einaste i landet som fem timar i veka kan fordjupe seg i klima- og miljøtematikken. Skulen på Sandane tilbyr nemleg klima- og miljøfag som programfag på både vg2 og vg3.

Skulen utarbeidde læreplan for faget i 2015, ogUDIR godkjente at det skulle gjennomførast forsøk med den nye læreplanen. Dei to siste åra har skulen jobba med å få faget godkjent av Kunnskapsdepartementet, slik at det skal kome inn i tilbodsstrukturen for fleire skular.

Skule-Noreg tek ikkje denne tematikken på alvor. lærar Eirik Tengesdal Skogvold
Logo til FNs berekraftsmål 4

FNs berekraftsmål 4.7

Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremje berekraftig utvikling, mellom anna gjennom utdanning i berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremjing av freds- og ikkjevaldskultur, globalt borgarskap og verdsetjing av kulturelt mangfald og det bidraget kulturen gjev til berekraftig utvikling.

Temaet blir pulverisert

– Når ansvaret for tematikken er fordelt utover mange fag, så blir det pulverisert. Eg trur veldig på eit fag som går i djupna, særleg sidan klima kanskje er den største utfordringa vi har. Når vi har det fem timar i veka i to år, då får vi eit heilt anna perspektiv, seier lærar Eirik Tengesdal Skogvold.

foto av flaumsimulator ved Firda vgs
FLAUMSIMULATOR: Det ligg sterke krefter i vatn. Flaumsimulatoren er ein viktig del av undervisninga i klima- og miljøfaget ved Firda vgs. Han syner korleis vatnet oppfører seg og gjerne finn nye vegar når det blir for mykje av det. Foto: Birthe Johanne Finstad, Vestland fylkeskommune

I år underviser han til saman 16 elevar i klima- og miljøfag, og både vg2- og vg3-elevar er med. På Firda vekslar dei mellom det dei kallar klima- og miljøfag 1 og klima- og miljøfag 2 og tilbyr dei annakvart år. I år er det 1 som står på programmet. Der tek dei føre seg berekraftig utvikling, vitskapleg tenkemåte, klimatiltak og klimatilpassing.

foto frå ekskursjon til Briksdalsbreen med Firda vgs
KLIMAEKSKURSJON. Foto: Firda vidaregåande skule

Klimaprioritering

Fem timar i veka øyremerka klima og miljø gjev elevar og lærarar høve til å verkeleg dykke ned i tematikken, og ikkje minst prioritere han.

– Når vi skal undervise i både algebra og berekraftig utvikling i matte, så prioriterer vi jo det vi veit elevane blir prøvde i på eksamen, nemleg algebra, seier lærar Eirik Tengesdal Skogvold.

Elevane ved klima- og miljøfaget har seg nokre turar ut i felten i løpet av året. På bildet er dei på ekskursjon til Briksdalsbreen saman med Atle Nesje, professor ved Universitetet i Bergen og klimaforskar.

Manglar lærebøker

Vegard Hovstad er ein av elevane som fem timar i veka dykkar ned i klima- og miljøtematikken, heilt utan lærebøker.

– Eg trur det er eit fag som kan hjelpe oss i alt av andre fag framover, og vi lærer også korleis vi sjølve kan vere berekraftige. I andre fag lærer vi at det er viktig, men ikkje korleis. Det at vi ikkje har bøker, gjer det meir relevant. Når det skjer store ting, kan vi gå inn og sjå på kvifor det skjer, og kva konsekvensar det har, seier han.

Så korleis underviser ein i eit fag utan lærebøker? På Firda vgs. er dei opptekne av å samarbeide med initiativ og bedrifter i området, til dømes Strukturplast på Sandane og Brødrene Aa i Hyen. Dei vil gjere faget så konkret og aktuelt som mogleg og knyte det til nærmiljøet.

Ønskjer landsline

– Det er spennande å sjå kva som skjer i næringslivet her. Blant anna har vi ei næringsklynge som jobbar med korleis plast kan vere løysinga og ikkje eit problem. Dei jobbar med å få med bedrifter frå heile landet, men held til her. I tillegg har vi to verneområde i nærheita, Gjengedal/Naustdal og Ålfotbreen. Vi brukar desse til å lære om naturforvaltning og naturmangfald, seier rektor Hallgeir Hansen, som snakkar varmt og engasjert om klima- og miljøfaget.

foto frå Ålfotbreen landskapsvernområde
UNIKT LANDSKAP: Landskapsvernområde er natur- eller kulturlandskap med stor økologisk, kulturell eller opplevingsmessig verdi. Ålfotbreen landskapsvernområde ligg i Kinn, Bremanger og Gloppen kommunar. Her ligg dei vestlegaste breane i landet. Geologiske prosessar har over fleire hundre millionar år forma området til eit landskap som er unikt på verdsbasis. Foto: Alf Erik Røyrvik

Målet hans er å få faget som eit eige utdanningsprogram eller ei landsline, noko han har jobba med sidan starten i 2015. Ei landsline er eit utdanningstilbod som elevar frå heile landet kan søkje på, uansett kvar dei bur.

Vi tykkjer dette er så bra, og vil at fleire skal ha glede av det. Om vi ikkje får det godkjent no, så reiser vi inn til departementet eller direktoratet heile gjengen. rektor Hallgeir Hansen
foto av Hallgeir Hansen
Rektor Hallgeir Hansen ved Firda vidaregåande skule. Foto: privat