oversiktsbilde av bussdepotet på Mannsverk i Bergen
LADESTASJON: Dei elektriske bussane har batteri både bak og på taket og kan køyre rundt 500 km før dei må inn til ladestasjonane på Mannsverk for lading. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Kollektivreisa: Solide CO2-kutt og reinare luft

Over 100 elektriske bussar og stadig nye bybanetraséar gjer sitt til at CO2-utsleppa i Bergen har gått betydeleg ned, og dei vil gå endå meir ned i åra framover.

Kollektivtrafikken sitt viktigaste miljøbidrag er å få fleire til å setje frå seg bilen og kome seg til og frå ulike gjeremål med kollektivtransport. Det er miljøvenleg, berekraftig og sosialt. Færre bilar, både elektriske og andre, gjev også reinare luft å puste i, fordi det blir mindre svevestøv i lufta.

Vestland fylkeskommune har i tillegg i ei årrekke satsa målretta på meir berekraftig drivstoffteknologi i kollektivtrafikken, der hovudmålet er å kutte utsleppa av CO2.

Denne artikkelen er ein del av klimamagsinet "Den grøne leiartrøya".

Rein og fornybar energi

Reduksjonen i CO2-utslepp frå kollektivtrafikken i Bergen starta alt i 2010. Då opna den første traséen av bybanen, og det var mogleg å kome seg frå sentrum til Nesttun på rein og fornybar energi. Sidan den gong har to nye delstrekningar opna, ein ny trasé er under bygging og endå ein under planlegging. Bybanen erstatta i si tid ei rekke dieselbussar, som årleg hadde eit utslepp på rundt 50 tonn CO2 i året.

portrettfoto av fylkesordførar Jon Askeland
Foto: Martin Håndlykken/Vestland fylkeskommune

Bybanen er ryggrada i kollektivtrafikken og den største kollektivsuksessen vi har i Bergen. fylkesordførar Jon Askeland

Samstundes er bybanen eit alternativ til personbilen.

– Bybanen er eit viktig tiltak for å få folk til å setje frå seg bilen og reise kollektivt. Ho har endra byen, og kjem til å bidra til ny byutvikling i åra som kjem. Frå dag ein har ho gått på rein, fornybar energi og har såleis vore eit viktig tiltak for å skape ein meir miljøvenleg by, seier fylkesordførar Jon Askeland.

foto av bybanen
TIL STADIG NYE BYDELAR: Bybanen er blitt eit naturleg element i bybildet i Bergen. Etter kvart som nye delstrekningar har opna og nye trasear blir bygde, blir ho eit naturleg framkomstmiddel for stadig fleire. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune
Logo til FNs berekraftsmål 11

FNs berekraftsmål 11.6

Innan 2030 redusere negativ påverknad på miljøet frå byar og lokalsamfunn (målt per innbyggjar), med særleg vekt på luftkvalitet og avfallshandtering i offentleg eller privat regi.

Nullutslepp innan 2030

Politikarane i Vestland fylkesting har i utviklingsplanen vedteke målet om at Vestland skal vere eit nullutsleppsfylke innan 2030. Det betyr at alle transportmiddel som er del av kollektivtrafikken vår, må vere baserte på nullutsleppsteknologi.

I Bergen er dei framtidige bybanetraséane viktige bidrag. Linje 2 til Fyllingsdalen skal stå ferdig i 2022, og bystyret i Bergen avgjer 24. november i år kva trasé linje til Åsane skal ta – gjennom fjellet eller over Bryggen.

illustrasjon av korleis den underjordiske bybanestasjonen ved Haukeland universitetssjukehus skal bli
UNDERJORDISK HALDEPLASS: Bybanen linje 2 skal gå frå Kaigaten til Fyllingsdalen. Åtte minutt frå Kaigaten og elleve minutt frå Fyllingsdalen kjem den underjordiske haldeplassen ved Haukeland universitetssjukehus. Her er det venta rundt 7000 reisande innom dagleg. Illustrasjon: Sweco/3RW

– Bybanen er ein solid bidragsytar for å få ned utsleppa i Bergen, og vil halde fram med å vere det etter kvart som ho når nye bydelar, slår fylkesordføraren fast.

112 elektriske bussar

Andre sentrale bidragsytarar til reduserte utslepp og eit godt kollektivtilbod i byen er dei 112 elektriske bussane som kom til Bergen sentrum i desember 2020. 102 av dei går på batteri aleine, medan dei ti siste er trolleybussar som går både på straum frå køyreleidning og på batteri. Dei elektriske bussane vil føre til eit kutt i CO2-utslepp på 6600 tonn i året.

foto av elektisk buss med teksten eg e elektrisk for deg
FOR DEG: Eg e elektrisk for deg, står det på alle dei 112 elektriske bussane som fraktar passasjerar rundt om i Bergen. Foto: Ingrid Dreyer, Skyss

I Bergen nord har bussar som går på biogass og biodiesel bidrege til rundt 70 prosent reduksjon av klimagassutslepp etter at dei erstatta dei tidlegare dieselbussane. I resten av Vestland vil bussane gå over på meir miljøvenleg teknologi når gjeldande busskontraktar går ut og blir erstatta av nye.

Logo til FNs berekraftsmål 11

FNs berekraftsmål 11.2

Innan 2030 sørgje for at alle har tilgang til trygge, tilgjengelege og berekraftige transportsystem til ein overkomeleg pris og betre  tryggleiken på vegane, særleg ved å leggje til rette for kollektivtransport og med særleg vekt på behova til personar i utsette situasjonar, kvinner, barn, personar med nedsett funksjonsevne og eldre.

Gigant på elektrisk transport

Eit godt og meir og meir miljøvenleg kollektivtilbod har vore med på å gjere bylufta i Bergen reinare. Frå at det for få år sidan var mykje snakk om svevestøv, luftforureining og datokøyring, var Bergen på femteplass då EU i sommar rangerte dei europeiske byane med reinast luft.

Ein stadig veksande elbilpark er saman med elektriske bussar og bybane ein del av dette bildet. Fem av dei ti kommunane i landet med flest elbilar ligg no i Vestland.

– Vestland fylke har blitt ein gigant på elektrisk transport, og både bybanen og elbussane er ein svært viktig del av bildet. Dei er bra for klimaet, miljøet og ikkje minst for folkehelsa. Vi vil ha ein by og eit fylke med betre luft, mindre støy og meir folkeliv. Elbussane er eit verktøy for å få til det, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Reinare byluft

Tabellen viser utslepp av nitrogendioksid (NO2) på Danmarksplass dei siste ti åra.

Bergen er på femteplass på lista over byar med reinast luft i Europa. Miljøbyrået til EU (EEA) har granska luftkvaliteten i 320 europeiske byar, og Bergen er einaste norske by på topp 10.

Trondheim er på 12. plass, Oslo 19. plass og Stavanger på 20. plass. Umeå i Sverige og Tammerfors i Finland toppar lista. Nedst står byar i Polen og Nord-Italia.

Rangeringa er basert på luftmålingar dei siste to åra. Målingar på Danmarksplass i Bergen viser at bylufta er blitt monaleg betre, og at ureininga har gått kraftig ned og er halvert over dei siste ti åra. Tilrettelegging for elbil og tiltak i kollektivtrafikken har spelt viktige roller her, i tillegg til faktorar som mindre vedfyring og vedfyring frå reintbrennande omnar.