Søk fritak frå miljøkrava
Frå 1. april 2024 blir det innført miljøkrav til drosjenæringa i tidlegare Hordaland fylke. Frå 1. april 2026 blir dei same krava innførte i resten av fylket. Frå dei datoane må ein køyre med nullutsleppskøyretøy (el- eller hydrogenbil).
Fylkeskommunen kan likevel i "særskilte tilfelle" gjere unntak frå dette kravet, jf. yrkestransportforskrifta § 48 b andre ledd.
Dersom det er spesielt utfordrande å gå over til nullutsleppskøyretøy, kan løyvehavar difor få innvilga dispensasjon frå kravet. Det må vere tilfelle som er utanom det ordinære, for eksempel at det ikkje finnes køyretøy i marknaden som tilfredsstiller løyvehavars behov:
- Rullestolbilar har avgrensa rekkevidde, og for dei som har lang køyrelengde dagleg, kan det vere ein utfordring å gå over til nullutsleppskøyretøy med plass til rullestol.
- Veteranbilar
- Større/lengre limousinar
Lista er ikkje uttømmande, men terskelen for å få unntak er høg. Vestland fylkeskommune kan også legge noko vekt på geografiske forhold og løyvehavars driftstal i ein samla vurdering opp mot tilgjengeleg køyretøy i marknaden.
I søknaden må det opplysast:
- Kva løyvenummer ein søker dispensasjon for.
- Type bil.
- Driftsinformasjon.
- Kopi av vognkort ELLER dokumentasjon på tilbod på bil.
- Søknad der ein grunngjev kvifor det er tale om eit "særskilt tilfelle".
Søknad sendast inn digitalt via søknadskjema på høgre side og skal signerast av dagleg leiar/transportleiar.
Les meir her om krav om nullutslepp for alle drosjar i Vestland fylke.