Krav om nullutslepp for alle drosjar i fylket

Frå 1. april 2024 blei det innført miljøkrav til drosjenæringa i tidlegare Hordaland fylke. Frå 1. april 2026 blir dei samme krava innførte i resten av fylket.

Omstilling til grøn drosjenæring i Vestland fylke                                           VIDEO: KLP

Vestland fylkeskommune har vedteke å innføre nullutsleppskrav for drosjenæringa i kommunar frå tidlegare Hordaland frå 1. april 2024. Tilsvarande krav for dei resterande kommunane i Vestland fylke gjeld frå 1. april 2026.

Biler med nullutslepp er per i dag hydrogenbil og elbil.

Dette betyr at drosjer som køyrer internt i Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnefjorden, Bømlo, Eidfjord, Etne, Fedje, Fitjar, Kvam, Kvinnherad, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Stord, Sveio, Tysnes, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss herad og Øygarden må frå 1. april 2024 køyre bil med nullutslepp. 

Drosjer som køyrer internt i Askvoll, Aurland, Bremanger, Fjaler, Gloppen, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Kinn, Luster, Lærdal, Sogndal, Solund, Stad, Stryn, Sunnfjord, Vik og Årdal må frå 1. april 2026 køyre bil med nullutslepp.

Den lokale forskrifta er fatta med heimel i yrkestransportlova § 9 andre ledd.

Les forskriften

Fylkestinget vedtok 16. mars 2022 å endre forskrift om miljøkrav til drosjenæringa i kommunar i Vestland fylke:

§1. Løyvehavar pliktar å sørgje for at drosje registrert for inntil 9 personar ikkje har utslepp frå forbrenningsmotor ved køyring i følgjande kommunar: Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnefjorden, Bømlo, Eidfjord, Etne, Fedje, Fitjar, Kvam, Kvinnherad, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Stord, Sveio, Tysnes, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss herad og Øygarden.

§2. Løyvehavar pliktar å sørgje for at drosje registrert for inntil 9 personar ikkje har utslepp frå forbrenningsmotor ved køyring i følgjande kommunar: Askvoll, Aurland, Bremanger, Fjaler, Gloppen, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Kinn, Luster, Lærdal, Sogndal, Solund, Stad, Stryn, Sunnfjord, Vik og Årdal.

§3. Løyvehavar pliktar straks å gje skriftleg melding til løyvestyresmakta dersom drosjen har brote miljøkravet i §§ 1 og 2.

§ 4. Løyvehavar kan utføre oppdrag frå ein stad utanfor kommunen med miljøkrav til ein stad innanfor kommunen med motorvogn som ikkje oppfyller krava i § 1. I samband med ein slik tur er det tillate å ta med passasjer på oppdrag ut av kommunen. Tomkøyring inn til ein kommune med miljøkrav for å utføre oppdrag ut av kommunen er berre tillate for bestilte turar.

Forskrifta trer i kraft 1. april 2024, med unnatak av § 2, som trer i kraft 1. april 2026.

Andre vedtakspunkt som vart vedteke av fylkestinget:

  1. Fylkestinget ber om at utval for samferdsel og mobilitet i 2022, før praktisk iverksetjing av forskrifta i 2024, får ei orientering om stoda kring ladeinfrastruktur, køyrety for personar med nedsett funksjonsevne, køyrety med 4-hjulstrekk, konsekvensar for grensekommunar og korleis endringar i yrkestransportlova slår inn for drosjenæringa.
  2. Når det gjeld fylkeskommunal støtte og investering til ladeinfrastruktur skal alle kommunar i Vestland fylkeskommune prioriterast på lik linje, etter ein felles gjennomgang og som legg til rette for at forskrifta kan innførast for heile fylket.
  3. Fylkestinget ber om at arbeidet med å byggje ut ladeinfrastruktur i heile Vestland fylke held fram.
  4. Fylkestinget ber regjeringa innføre dispensasjonsadgang i nasjonale føresegner som sikrar at brukargrupper som ma treng rullestolbil, ikkje vert ståande uten tilbod.
  5. Fylkestinget ønskjer at det vert etablert lynladerar ved alle sjukehusa, og at det vert vurdert løysingar som prioriterer drosjene.