Endringar i drosjetenesta frå 1. november 2020

1. november kom det endringar i drosjereguleringa. Det er mykje du som har eller ønskjer drosjeløyve må sette deg inn i.

Endringar i drosjereguleringa skulle opphavleg gjelde frå 1. juli 2020, men blei utsett til 1. november 2020.

Vilkår for å få drosjeløyve og søknadsskjema finn du her. Søknadsskjema vert tilgjengeleg 1. november 2020.

Kven kan eige drosje?

Det er framleis krav om løyve.

Krav om drosjeløyve gjeld for alle som vil drive persontransport mot vederlag (betaling) utanfor rute med motorvogn registrert for inntil ni personar. Det gjeld også dei som tilbyr drosjetenestar via digitale plattformer. Det er framleis fylkeskommunen som er løyvemyndigheit.

Det er ingen behovsprøving av løyve. Kvar løyvehavar kan søkje om så mange løyver dei vil, men kvart løyve kostar framleis 3 400 kr, og kan kun brukast i drosjebilane. Det står meir om krav til bilen lenger ned på sida.

Løyvet varer ikkje lenger til fylte 75 år, men må fornyast kvart tiande år. Dei som har drosjeløyve når dei nye reglane trer i kraft må fornye løyvet sitt innan 1. november 2030.

Krav til bankgaranti vart oppheva frå 1. juli 2020 for ordinære drosjeløyve og selskapsvognløyve

Løyvemyndigheit stiller ikkje lenger krav til garanti etter 1. juli 2020. Vær merksam på at dette ikkje gjeld såkalla utvida drosjeløyve «maxitaxi», og løyve for transport av funksjonshemma registrert over åtte personar + førar. Desse løyva skal det framleis stillast økonomisk garanti for.

Krav som oppstod før 1. juli kan meldast inn til garantisten i inntil eit halvt år etter oppseiinga. Det er løyvehavarane eller banken som seier opp garantien, ikkje fylkeskommunen.

Løyvehavar som vil være tilknytt sentral eller køyre på andre kontraktar, må sjekke om dei man køyrar for stiller krav om bankgaranti.

Når må eg køyre?

Driveplikta er teke vekk.

Det er ikkje lenger noko krav til å halde løyve i drift til visse tider eller på visse stadar. Løyvehavar kan sjølv velje når dei vil drive løyve. Drosjesentralar og andre kontraktar kan stille eigne krav om når løyve skal vere i drift.

Kven kan eg køyre for?

Det er ikkje lenger krav om å være tilslutta til ein drosjesentral.

Løyvemyndigheitene kan ikkje lenger pålegge nokon å tilslutta seg til ein drosjesentral, eller krevje endringar i sentralens reglement eller køyrelister. Det betyr at drosjeeigar som vil slutte seg til ein drosjesentral må ha ein avtale med sentralen.

Så lenge løyvehavar og sentral er einige, kan kven som helst løyvehavar køyre for kva som helst sentral. Det betyr også at både løyvehavaren og sentralen kan seie opp avtalen. Det er tillate å ikkje slutte seg til ein sentral.

Kor kan eg køyre?

Løyvedistrikta gjeld ikkje lenger.

I utgangspunktet kan drosjane no køyre kor dei vil i heile Noreg. Det finnast ikkje lenger løyvedistrikt eller stasjoneringsstad. Men det finnast nokon unntak.

Fylkeskommunen kan innføre einerett

Fylkeskommunen kan tildele einerett i enkelte kommunar eller områder. Einerettane fungerer omtrent som dei gamle løyvedistrikta, og beskyttar dei som har einerettar mot konkurranse. Når det er innført einerett eit sted kan ikkje andre enn den som har fått tildelt einerett utføre drosjetransport i form av praiing, oppstilling på haldeplass, eller bestilling av enkeltturar i det området eineretten gjeld for.

Einerettar påverkar ikkje kontraktmarknaden, som for eksempel skuleskyss eller pasienttransport.

Fylkeskommunen bestemmer kva områder som skal være einerettsområder i forskrift. Einerettane lysast ut på anbod. Kor det er innført einerettar og kven som har einerettane blir annonsert på www.vestlandfylke.no/drosje.

Fylkeskommunen kan innføre miljøkrav

Løyvemyndigheten kan fastsette forskrift om øvre grense for miljøskadeleg utslepp for drosjekøyring. Den øvre grensa kan variere frå kommune til kommune. Kva som er grensa for kvar kommune vil annonserast på www.vestlandfylke.no/drosje og det vil vere minst fire års frist for å oppfylle miljøkrava.

Maksimalprisforskrifta vil gjelde i fleire kommunar

Det er varsla endringar i maksimalprisforskrifta som gjer at fleire kommunar vil vere omfatta av maksimalpris. Når endringane er vedtatt vil fire kommunar i Vestland vere unnateke frå maksimalpris: Bergen, Askøy, Fjell og Sund.

Kontakt Konkurransetilsynet for meir informasjon om maksimalprisforskrifta og når endringane trer i kraft. Sjå https://konkurransetilsynet.no/drosje/

Utstyr i drosjen

Bilen må være registrert som drosje.

Det er framleis krav om at bilen er registrert i motorvognregisteret som drosje. Drosjer må til EU- kontroll (periodisk køyretøykontroll) kvart år.

Det er framleis krav om taksameter, og alle turar må loggast.

Kravet til taksameter er som før. Kontakt Justervesenet for meir informasjon om krav til taksameter.Sjå lovdata.no for meir informasjon.

I tillegg innførast det krav om loggføring av den geografiske posisjonen til drosjen, som markerer start- og sluttpunkt for kvar tur. Opplysningane skal lagrast i 60 dagar.

Krav til merking av drosjen

  • Drosjer skal være merka på sidedøra med fylkesbokstav og løyvenummer.
  • Om løyvenummeret startar med ein eller fleire nullar er det ikkje nødvendig å ta med desse.
  • Merkinga skal være minst 10 cm høg og i ein farge som står i kontrast til fargen på bilen.
  • Det er frivillig å ha taklampe. For å kunne køyre i kollektivfelt er det krav om taklampe. Taklampe skal merkes «TAXI» i tillegg til fylkesbokstav og løyvenummer.
  • Dei som har gyldige drosjeløyve beheld løyvenummeret med fylkesnummeret og fylkesbokstaven dei allereie har.
  • Det er ikkje nødvendig å skifte ut løyvedokument eller taklampa, men sidedørene på bilen må merkast med gamal fylkesbokstav og løyvenummer. Fylkesbokstav R for tidlegare Hordaland og S for tidlegare Sogn og Fjordane.
  • Nye drosjeløyve etter 01.11.20 vil få fylkesnummer 46 og fylkesbokstav VE for Vestland.

Kven kan køyre drosjen?

Sjåføren i bilen må framleis ha kjøresetel i tillegg til førarkort. Krav om kjentmannsprøve forsvinn, slik at køyresetelen er gyldig i heile landet.

Kontakt politiet for meir informasjon om køyresetel

Dei som vil ha køyresetel etter 1. november 2020, må ha bestått drosjesjåføreksamen hjå Statens vegvesen, eller ha yrkessjåførkompetanse (YSK) for persontransport, og ha hatt førarkort utan avbrot i minst to år.

Kontakt Statens vegvesen for meir informasjon om drosjesjåføreksamen

Andre typar løyver

Reserveløyve blir til hovudløyve

Frå 1. november 2020 er det ikkje lenger nokon skilnad på hovudløyve og reserveløyve, sidan det ikkje er nokon plikt til å halde løyve i drift. Alle reserveløyve blir då drosjeløyve på lik linje med hovudløyve.

Overgangsordning for selskapsvognløyve og handikapløyve med liten bil

Selskapsvognløyve og løyve for transport for funksjonshemma tilknytt bil med inntil ni sitjeplassar (inkludert fører) gjeld til 1. november 2022. Etter denne dato må dei ha drosjeløyve for å fortsette verksemda.

Overgangsordning for maxitaxi og handikapløyver med stor bil

Drosjeløyve tilknytt bil med 10–17 sitjeplassar (inkludert fører) og løyver for transport for funksjonshemma tilknytt bil med 10–17 sitjeplassar (inkludert førar) gjeld til 1. november 2025. Etter denne dato må dei ha turvognløyve for å fortsetja verksemda.

Endringar og opphøyr


Du må melde frå om endringar i føretaket.

  • Du må melde frå til fylkeskommunen på post@vlfk.no viss føretaket ditt endrar namn. 
  • Viss føretaket endrar organisasjonsnummer/foretaksnummer, til dømes fordi du byttar organisasjonsform, må du søkje om nye løyve med det nye organisasjonsnummeret.

Informasjon til deg som vil søkje om drosjeløyve

Du må melde frå om endring av innehavar/dagleg leiar eller transportleiar. Bruk eDialog, slik at du også kan sende dokumenter som er unntatt offentlighet.

Ny daglege leiar/transportleiar må ha god vandel, og må sende politiattest som ikkje er eldre enn tre månader til fylkeskommunen.

 

Bortbestyring, oppseiing og tilbakekall

Bestyrarordning tek slutt

Fordi det ikkje lenger er krav om å halde drosjeløyve i kontinuerleg drift, er det heller ikkje behov for ein bestyrarordning. Det vil ikkje være mogeleg å bortbestyre løyve etter 1. november 2020, og løyvehavarane må i staden ta stilling til om dei vil seie opp løyvet, skaffe sjåfør eller la løyve være ute av drift i ein periode.

Oppseiing må framleis sendast til fylkeskommunen

Dei som vil seie opp drosjeløyve sitt må som tidlegare gje beskjed til løyvemyndigheitene og levere tilbake løyvedokumentet. Det er ikkje lenger naudsynt å melde frå til fylkeskommunen tre månader i forvegen, men det kan vere at avtalar mellom løyvehavaren og sentralen stiller slike krav.

Fylkeskommunen kan tilbakekalle løyve

Løyvemyndigheitene kan framleis kalle tilbake løyve når løyvehavaren ikkje fyller krav og vilkår til å ha løyve, eller ikkje rettar seg etter forskrifter og vilkår for å drive løyve.

Ved dødsfall eller konkurs kan løyvemyndigheitene kalle tilbake løyvet utan varsel. Viss dei attlevande vil fortsetje verksemda kan løyve kallast tilbake etter seks månader, ikkje tre år som tidlegare.