Søknad og inntak

Vaksne kan søke om vidaregåande opplæring og realkompetansevurdering.

Utdanninga rettar seg mot vaksne som ikkje har fullført vidaregåande skule tidlegare, og som har vaksenrett til vidaregåande opplæring.

Andre kan også søke og få tilbod dersom det er ledige plassar.

Undervisninga er gratis for alle som får plass.

Søknadsfristen er 1.mars. Tilbod som starter i januar har søknadsfrist 1. november.

Du kan også søke etter søknadsfristen, men søknaden må ikkje komme seinare enn at vi får tid til å gi den ei forsvarleg behandling før start av opplæringa.

Send inn dokumentasjon på tidlegare utdanning (vitnemål, kompetansebevis) arbeidsattestar, relevante kurs, sertifikat og opphaldsløyve for søkjarar med anna statsborgarskap enn norsk.

Dersom du er minoritetsspråkleg og ikkje har gått ordinær norsk grunnskule, må du i tillegg sende inn dokumentasjon på gjennomført grunnskule i anna land, og dokumentasjon på norskkunnskap (t.d. prøvebevis frå Kompetanse Norge)

Søk utdanning gjennom vigo.no

Her er nokre tips når du skal søkje i vigo:

  • Bruk MinID eller annan godkjent identifikasjon
  • Søk voksenopplæring / realkompetansevurdering
  • Hugs å krysse av for fylke, fag og skule som har vaksenopplæring
  • Skriv kva utdanning og arbeidserfaring du har (CV), både frå Noreg og eventuelt anna land

Søkjarar som får tilbod om vaksenopplæring vil få melding om dette på e-post eller SMS i desember for inntak i januar eller juni/juli for inntak i august.

Vi bruker e-post adressa og mobilnummeret du har lagt inn på vigo.no. Det er difor viktig at du sjekkar at du har lagt inn rett e-postadresse og telefonnummer der.

Tida det tar å behandle søknaden din er avhengig av at du har lasta opp all dokumentasjon (sjå informasjon om dokumentasjon). Vi kan ikkje gi deg endeleg vedtak før dette er klart.

Når all nødvendig informasjon og dokumentasjon er klar, vil du normalt få eit vedtak innan tre veker.