Realkompetanse

Realkompetanse er summen av den kunnskapen du har samla deg gjennom arbeid, fritid og utdanning.

Vaksne har rett til å få vurdert realkompetansen sin og få eit kompetansebevis. Vi kan gjennomføre realkompetansevurdering og hjelpe deg med eit opplæringstilbod som bygger vidare på den kompetansen du allereie har.

Har du vaksenrett er alle tenester gratis. Meir om vaksenrett.

Ei realkompetansevurdering vil stadfesta kva kunnskap du har frå før og kva fag du treng opplæring i. Realkompetanse blir vurdert ut fra aktuelle læreplaner for fag. Det kan vere både fellesfag og programfag.

Alle som får realkompetansen sin vurdert har rett på eit kompetansebevis.

Eit kompetansebevis vert utstett etter realkompetansevurderinga for dei faga eller delar av faga som vert godkjende i høve til krava i læreplanane. Kompetansebeviset dokumenterer den kunnskapen den vaksne har og kan nyttast som dokumentasjon for å søka jobb og høgare utdanning.

Kontakt oss dersom du har spørsmål om realkompetansevurdering

På nettsida til Samordna opptak finn du informasjon om å søke høgare utdanning på grunnlag av realkompetanse

Du kan lese meir om realkompetanse på vilbli.no