Samarbeidsorgan for lærebedrift

Eit samarbeidsorgan skal vere samarbeidspart og tenesteleverandør for lærebedrifter

Eit samarbeidsorgan kan mellom anna inngå kontrakt på vegne av medlemsbedrifter, og motta tilskot. Dei kan ikkje overta opplæringsansvaret frå lærebedrifta. Samarbeidsavtalen mellom lærebedrift og samarbeidsorganet regulerer kva tenester dei skal levere. Samarbeidsorganet kan bidra med å:

  • støtte lærebedrifta og lærlingen gjennom heile læretida
  • tilby kurs og rettleiing
  • følgje opp opplæringsplan og vurdering
  • vere bindeledd mellom bedrift og fylkeskommune

Godkjenning av samarbeidsorgan:

For å bli godkjend som samarbeidsorgan for lærebedrifter i Vestland, må organisasjonen bruke søknadskjemaet på denne sida. Samarbeidsorganet må oppfylle krav til vedtekter, styresamansetjing og fagleg kvalitet. Det er yrkesopplæringsnemnda som vurderer og tek stilling til om samarbeidsorganet bidreg til å sikre kvaliteten i opplæringa.

Krava eit samarbeidsorgan må oppfylle finn de i  Opplæringsforskrifta § 6-18.